Odda kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°4′13″N 6°32′52″E

Odda kyrkje
kyrkje
Odda church.jpg

Foto: kalev kevad

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Odda
Fellesråd Odda
Stad Odda 
Type Langkyrkje
Arkitekt C. Erichsen[1]
Material Tre
Innvigd 4. november 1870[2]
 - Endringar 1955[2]
Tårn I vest
Kyrkjegard På Berjaflot, ein km sørvest for kyrkja
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk 1968
Wikimedia Commons: Odda kyrkje

Odda kyrkje står i Odda sentrum i Odda kommune i Hordaland fylke og er ei langkyrkje bygd i tre i 1870. Ho står på odden mellom utlaupet til elva Opo og inste delen av Sørfjorden og er soknekyrkje i Odda sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja.

Odda kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Odda kyrkje

Kyrkja er teikna av C. Erichsen. Han hadde også teikna Øystese kyrkje som stod ferdig i 1868, og teikningane til Odda-kyrkja byggjer på Øystese kyrkje, men medan Øystese-kyrkja vart bygd med 500 sitjeplassar fekk kyrkja i Odda 560.[1] Bygginga starta 17. mai 1870 og kyrkja vart vigsla av Bjørgvin-bispen Peter Hersleb Graah Birkeland 4. november same året. Byggmeister var, som for Øystese kyrkje, Askjel Aase frå Lindås.[1]

Den førre kyrkja i Odda[endre | endre wikiteksten]

Den førre Odda-kyrkja var ei steinkyrkje frå mellomalderen. Ho var vorten for lita og vart difor riven på våren i 1870 før bygginga av den noverande kyrkja starta. Gamlekyrkja stod litt nordom dagens kyrkje, men dei reiv henne før dei starta bygginga av den nye kyrkja fordi dei ville nytte steinen oppatt i grunnmuren. Det vart ikkje gjort noko slags arkelogiske undersøkingar av grunnen ved rivinga, og kistene som låg under golvet vart knuste og hatt saman i ei grav på kyrkjegarden. I tida dei stod utan kyrkje brukte soknet skulen i Odda som interimkyrkje i tillegg til at dei hadde fått løyve til å nytte Ullensvang kyrkjeLofthus kvar sjette sundag.[1]

Odda kyrkje - interiør

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Olav Kolltveit (1970). «Odda nye kyrkje». I Odda sokneråd. Odda kyrkje 100 år : Eit attersyn over kyrkjer og kyrkjeliv i Odda gjennom tidene. Odda: Odda sokneråd. s. 30. 
  2. 2,0 2,1 «Norges Kirker: «Odda kyrkje og Berjaflot kapell» på nettstaden til Norsk Institutt for kulturminneforskning».  Teksten «Vitja 7. september 2009» er ignorert (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]