Vinje kyrkje på Voss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°47′33″N 6°30′39″E

Vinje kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Vinje
Fellesråd Voss
Type Langkyrkje
Arkitekt Ole Vangberg
Material Tre
Innvigd 3. oktober 1871[1]
 - Endringar Påbygd sakresti i 1963
Altartavle Frå 1903, av Nils Bergslien
Sitjeplassar 350[2]
Wikimedia Commons: Vinje kirke, Voss

Vinje kyrkje står på Nedre Vinje i Voss kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1871. Arkitekt for kyrkja var byggmeister Ole Vangberg. Vangberg laga også teikningane til Oppheim kyrkje, som vart oppførd same året som Vinje kyrkje. John J. Alver var byggmeister for begge desse kyrkjene som vart reiste i Vossestrand prestegjeld i 1871, og Nils Bergslien måla altertavle til begge tidleg på 1900-talet.

Til grunn for teikningane til Vinje kyrkje låg dei Vangberg laga til Bruvik kyrkje på Osterøy og dei teikningane bygde igjen på dei laga til Fusa kyrkje (1861-1959) av arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth. Ei anna systerkyrkje er Gjerstad kyrkje på Osterøy.

Vinje kyrkje på Voss is located in Hordaland
Plasseringa til Vinje kyrkje

Kyrkja er soknekyrkje i Vinje sokn i Hardanger og Voss prosti.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Altertavla har Jesus i Getsemane som motiv og vart måla av Nils Bergslien i 1903[2]. Døypefonten er i tre og er laga av Størk Hirth i 1919.[3]

Tidlegare kyrkjer på Vinje[endre | endre wikiteksten]

Det har vore kyrkje på Vinje sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Vinje-kyrkja nemd i kjeldene er frå 1329. Denne kyrkja, som trulegast var i stavkyrkje, vart erstatta med ei lafta kyrkje på 1670-talet. Laftekyrkja stod søraust for Vinjetunet, og truleg stod også mellomalderkyrkja der. Frå mellomalderen er bevard ein benk og ein trefigur på museum, og ei kyrkjeklokke som heng i den noverande Vinje kyrkje. 1600-talskyrkja vart riven i 1872 og delar av vyrket og inventaret vart seld på auksjon.[1] Ein del av vyrket vart brukt i eit soknehus, og vart attoppdaga då huset skulle rivast i 1985. Det gamle vyrket har sidan vore lagra på Voss folkemuseum.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]