Misunderstanding av Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Misunderstanding
Singel av Genesis
frå albumet Duke
B-side
Utgjeve 10. mai 1980 (U.S.)
5. september 1980 (Storbritannia)
Innspelt November 1979
Sjanger Rock
Lengd 3:11 (album)
3:04 (singel)
Selskap Charisma/Virgin (Storbritannia)
Atlantic (USA)
Låtskrivar(ar) Phil Collins
Produsent David Hentschel og Genesis
Genesis-kronologi
«Duchess»
(1980)
Misunderstanding «Abacab»
(1981)


«Misunderstanding» er ein song av det britiske bandet Genesis, frå albumet Duke i 1980. Singelen nådde 14. plass i USA og 42. plass i Storbritannia..[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart opphavleg skriven av Phil Collins medan han spelte inn det første soloalbumet sitt, Face Value, men han valte å ta med songen for Duke.

På grunn av tittelen og teksten vert refrenget ofte spelt av somme NHL-lag, som Detroit Red Wings, Calgary Flames og Buffalo Sabres når heimelaget får straffe.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein musikkvideo for songen, med Tony Banks og Mike Rutherford på instrumenta sine bak på ein lastebil, og ein Phil Collins med skjegg køyrer ein Ford frå 1950-åra og stoppar forskjellige stader i Los Angeles, medan han leiter etter kjærasten sin.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
Canada RPM Top Singles[2] 1
UK (OCC) 42
US Billboard Hot 100[3] 14
US Billboard Adult Contemporary[4] 32
US Cash Box Top 100 14

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
Canada[5] 7
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[6] 101
US Cash Box[7] 99

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.
  2. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Henta 4. april 2017. 
  3. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  4. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 95. 
  5. «Top 100 Singles (1980)». RPM. Arkivert frå originalen 25. april 2016. Henta 21. juli 2017. 
  6. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  7. «Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, Desember 27, 1980». Arkivert frå originalen 28. september 2018. Henta 29 Oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]