Leo Visser
Leo Visser | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 13. januar 1966 (58 år) Haastrecht |
Yrke | skøyteløpar, flygar |
Ektefelle | Sandra Voetelink |
Leo Visser på Commons |
Leendert Visser, kjend som Leo Visser, (fødd 13. januar 1966) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Haastrecht. Han vart både europameister og verdsmeister i firkamp i 1989-sesongen.
Visser vart i 1988 andremann både i EM i Haag og firkamp-VM i Alma Ata. Mellom dei to meisterskapane tok han sølvmedaljen på 5 000 m og bronsen på 10 000 meter under dei olympiske vinterleikane i Calgary. Sesongen etter var han den suverene einaren både under EM i Göteborg og firkamp-VM i Oslo.
I 1990 enda Visser på tredjeplass då EM fann stad i Heerenveen, vinteren etter kleiv han opp på andreplass på sigerspallen ved EM i Sarajevo. Frå Vinter-OL 1992 i Albertville reiste han heim med to bronsemedaljar, vunne på høvesvis 1500 meter og 5 000 meter.
Visser sette to verdsrekordar, begge i 1987-sesongen.
Også kona Sandra Voetelink var ein habil skeiseløpar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leo Visser (schaatser)» frå Wikipedia på nederlandsk, den 5. november 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1966
- Nederlandske skeiseløparar
- Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1988
- Skeiseløparar under vinter-OL 1988
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1992
- Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1992
- Skeiseløparar under vinter-OL 1992
- Vinnarar av Oscarstatuetten