Live in Japan av Deep Purple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Live in Japan
Konsertalbum av Deep Purple
Utgjeve november 1993
Innspelt 15.-17. august 1972
Osaka og Tokyo
Lengd 230:53
Selskap EMI
Kritikk
Deep Purple-kronologi 
Gemini Suite Live
(1993)
Live in Japan Come Hell or High Water
(1994)


Live in Japan er eit trippelt konsertalbum av det engelske rockebandet Deep Purple, gjeven ut på CD i november 1993. Albumet vart spelt inn over tre kveldar i august 1972 i Japan. Albumet er den utvida utgåva av Made in Japan, som kom ut i 1972. Alle dei 21 songane vart miksa i 1993.

Songane på albumet kjem hovudsakleg frå studioalbumet Machine Head, som kom ut nokre månader tidlegare. I følgje teksten i plateomslaget er det, i motsetnad til mange konsertalbum, ingen ekstraspor lagt oppå i studio i etterkant, soloar som er miksa saman eller falsk applaus. Konsertane vart spelt 15., 16. og 17. august 1972 i Osaka og Tokyo i Japan.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice

CD 1: Good Morning[endre | endre wikiteksten]

  • Spelt i Osaka den 15. august 1972
Nr.TittelLengd
1.«Highway Star»7:37
2.«Child in Time»11:51
3.«The Mule»9:36
4.«Strange Kind of Woman»8:50
5.«Lazy»10:26
6.«Space Truckin'»21:35
7.«Black Night»6:25

CD 2: Next week, we're turning professional[endre | endre wikiteksten]

  • Spelt inn i Osaka den 16. august 1972
Nr.TittelLengd
1.«Highway Star»7:07
2.«Smoke on the Water»7:25
3.«Child in Time»12:30
4.«The Mule»10:21
5.«Strange Kind of Woman»10:35
6.«Lazy»10:21
7.«Space Truckin'»20:13

CD 3: Can we have everything louder than everything else?[endre | endre wikiteksten]

  • Spelt inn i Tokyo den 17. august 1972
Nr.TittelLengd
1.«Highway Star»7:15
2.«Smoke on the Water»7:06
3.«Child in Time»11:32
4.«Strange Kind of Woman»11:26
5.«Lazy»11:16
6.«Space Truckin'»19:19
7.«Speed King»7:55
  • «Smoke on the Water» frå den 15. og «The Mule» frå den 17. er ikkje med her. Desse er begge på Made in Japan
  • Andre songar som ikkje er med frå den 16. er «Black Night» som finst på Listen, Learn, Read On-boksen og «Lucille» som finst på Made in Japan CD 2: The Encores

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Raiteri, Stephen. Live in Japan av Deep PurpleAllmusic