Militærattaché

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein militærattaché er ein offiser, som regel med graden oberst, som er knytt til ein ambassade eller ein internasjonal organisasjon (t.d. NATO) og som har diplomatstatus. Militærattaché er ei fagleg stilling med ansvar for militære spørsmål. Funksjonen som militærattaché oppstod som fast ordning tidleg på 1900-talet. Personane som har denne funksjonen vert rekrutterte frå militærvesenet i sitt eige land og er dermed som oftast ikkje yrkesdiplomatar. Ofte går dei tilbake til militære stillingar i heimlandet sitt utan diplomatisk status etter å ha vore militærattaché.

Tilsvarande nemningar er forsvarsattaché, hærattaché og marineattaché.

Norske forsvarsattachear[endre | endre wikiteksten]

Noreg har forsvarsattachear ved tolv militære misjonar i utlandet.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norske forsvarsattacheer». Arkivert frå originalen 30. mars 2009. Henta 3. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]