Hopp til innhald

My Oh My av Slade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
My Oh My
Singel av Slade
frå albumet The Amazing Kamikaze Syndrome/
Keep Your Hands Off My Power Supply
B-side
  • «Keep Your Hands off My Power Supply», «Don't Tame a Hurricane»
  • «High and Dry» (US/Canada)
Utgjeve 11. november 1983
June 1984 (US/Canada)
Sjanger Arena rock
Lengd 4:12
5:34 (12"-versjon)
Selskap RCA
CBS (US/Canada)
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent John Punter (A-Side)
Jim Lea (B-Sides)
Slade-kronologi 
«(And Now the Waltz) C'est La Vie»
(1982)
My Oh My «Run Runaway»
(1984)


«My Oh My» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i november 1983 som den andre singelen frå det ellevte studioalbumet deira, The Amazing Kamikaze Syndrome, og i 1984 som den andre singelen frå den amerikanske motparten Keep Your Hands Off My Power Supply. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde andreplassen i Storbritannia og vart òg den andre topp 40-hitten i Amerika, der han nådde 37. plassen.[1][2]

«My Oh My» låg på andreplassen på den britiske singellista over jula[1] og hadde i januar 1984 selt til gullplate i Storbritannia.[3] I Sverige og Noreg toppa songen lista og i Sverige selde singelen til platinaplate for 50 000 selde eksemplar. I USA vart songen den andre og siste topp 40-hitten, då han nådde 37. plassen på Billboard Hot 100. Han nådde òg 32. plassen på Billboard Top Tracks-lista.[4]

B-sida på RCA-versjonen av singelen var «Keep Your Hands Off My Power Supply», som opphavleg var eksklusiv for singelen. 12"-vinylutgåva kom ut i Storbritannia, Tyskland og Mexico, og inneheldt ein lengre versjon av «My Oh My» som A-side og ei ekstra b-side, «Don't Tame a Hurricane», som igjen opphavleg var eksklusiv for singelen. Begge B-sidene kom sidan ut som albumspor på Keep Your Hands Off My Power Supply. På CBS-utgåva av singelen var songen «High and Dry» B-side.[5] I Storbritannia kom det òg ei avgrensa utgåve på 7"-vinyl med eit ekstra spor, «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')», som tidlegare hadde vore B-sida til singelen «(And Now the Waltz) C'est La Vie» i 1982.[6]

Det vart filma ein musikkvideo til songen regissert av Keith Coe og filma i London. Videoen syner Slade som går på landsbygda og ein etter ein blir henta av ein lastebil med ein open scene på lasteplanet, som kjører til Surrey Docks for ein konsert, der skulebarn vinkar med Slade-skjerf.[7] Videoen vart mykje sendt på MTV.

Format[endre | endre wikiteksten]

7"-singel (RCA-utgåva)
  1. «My Oh My» - 4:09
  2. «Keep Your Hands Off My Power Supply» - 3:34
7"-singel (Britisk avgrensa utgåve)
  1. «My Oh My» - 4:09
  2. «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')» - 3:28
  3. «Keep Your Hands Off My Power Supply» - 3:34
7"-singel (CBS-utgåva)
  1. «My Oh My» - 4:09
  2. «High and Dry» - 3:10
7"-singel (CBS-promo)
  1. «My Oh My» - 4:09
  2. «My Oh My» - 4:09
12"-singel (RCA-utgåva)
  1. «My Oh My» - 5:30
  2. «Keep Your Hands Off My Power Supply» - 3:34
  3. «Don't Tame a Hurricane» - 2:30
12"-singel (CBS-promo)
  1. «My Oh My» - 4:11
  2. «Run Runaway» - 4:59

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983–84) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 65
Den austerrikske singellista[9] 5
Den belgiske singellista[10] 4
Canadian Singles Chart[11] 31
Den nederlandske singellista[12] 9
Den tyske singellista[13] 4
Irish Singles Chart[14] 3
Den norske VG-lista[15] 1
Polish Singles Chart[16] 21
Den sørafrikanske singellista[17] 9
Den svenske singellista[18] 1
Den sveitsiske singellista[19] 2
UK Singles Chart[1] 2
U.S. Billboard Hot 100[20] 37
U.S. Billboard Mainstream Rock Chart[21] 32

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1984 spelte det svenske dansbandet Ingmar Nordströms spelte inn ein instrumentalversjon med saksofon for albumet Saxparty 11.[22]
  • I 1984 gav det tyske «NDW-bandet» Combo Colossale ut ein tysk versjon «Eis und Feuer (My-Oh-My)» på Repertoire Records.
  • I 1985 vart songen parodiert av den amerikanske komikaren Joe Piscopo på albumet New Jersey. Han imiterer den amerikanske snakkeverten David Letterman og syng «We're having some fun now, my, oh my. We're having more fun now than humans should be allowed... phone the neighbors, wake the kids...»[23]
  • I 1995 spelte det norske bandet Hurra Torpedo inn ein cover av songen for singelen «Stockholm».[24]
  • I 1996 gav det tyske rockebandet Extrabreit ut ein versjon av songen på albumet Jeden Tag - Jede Nacht. Songen fekk tittelen «Das Ruder» med tysk tekst av Kai Havaii og Stefan Kleinkrieg.[25]
  • I 1998 spelte technoduoen Southern Cross inn sin eigen versjon av sporet på singelen «Running».[26]
  • I 2000 spelte den tyske songaren Frank Schöbel inn ein versjon av songen.
  • I 2003 spelte reggae-songaren John Holt inn sin eigen versjon av songen til samleplata Trojan Christmas Box Set.[27]
  • I 2004 spelte den irske songaren Tabby Callaghan songen i den første serien av The X Factor. Året etter gav han ut songen som B-sida til singelen «Number One».[28]
  • I 2009 spelte den tyske musikaren Frank Zander og den tyske songaren Frank Schöbel inn ein versjon av songen og gav han tittelen «Wir gehören zusammen». Songen vart gjeven ut som singel.[29]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
Andre medverkande
  • John Punter - produsent på «My Oh My»
  • Mike Nocito, Pete Schwier - lydteknikarar på «My Oh My»
  • Shoot That Tiger! - design
  • Pete Turner - fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». officialcharts.com. Henta 18. oktober 2021. 
  2. «Slade - Chart history». Billboard. Henta 18. oktober 2021. 
  3. «Home». BPI. Henta 14. oktober 2021. 
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 579.
  5. «Slade - Run Runaway (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 18. oktober 2021. 
  6. «Slade - (And Now - The Waltz) C'Est La Vie / Merry Xmas Everybody (Live And Kickin') - RCA - UK - RCA 291». 45cat. Henta 18. oktober 2021. 
  7. «1986 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 18. oktober 2021. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. Steffen Hung. «Slade - My Oh My». austriancharts.at. Henta 14. oktober 2021. 
  10. «ultratop.be - Slade - My Oh My». ultratop.be. Henta 19. oktober 2021. 
  11. «Results - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 23. oktober 2012. Henta 14. oktober 2021. 
  12. Steffen Hung. «Slade - My Oh My». dutchcharts.nl. Henta 14. oktober 2021. 
  13. «Offiziellecharts.de – Slade – My Oh My» (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 3. oktober 2016. 
  14. Jaclyn Ward. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 14. oktober 2021. 
  15. Steffen Hung. «Slade - My Oh My». norwegiancharts.com. Henta 14. oktober 2021. 
  16. «Lista Przebojów Programu 3» (på polsk). LP3. Arkivert frå originalen 5. oktober 2016. Henta 3. oktober 2016. 
  17. Brian Currin. «South African Rock Lists Website - SA Charts 1969 - 1989 Acts (S)». Rock.co.za. Henta 14. oktober 2021. 
  18. Steffen Hung. «Slade - My Oh My». swedishcharts.com. Henta 14. oktober 2021. 
  19. Steffen Hung. «Slade - My Oh My». hitparade.ch. Henta 14. oktober 2021. 
  20. «Slade Chart History». Billboard. 
  21. Whitburn, Joel (1996). Rock Tracks 1981-1995. Record Research Inc. s. 117. ISBN 978-0898201147. 
  22. «Stupid Cupid by Ingmar Nordströms from albumet Saxparty 11 «Audio Puzzle: Discover interesting music today!». Audiopuzzle.com. 1. januar 1984. Henta 14. oktober 2021. 
  23. «Joe Piscopo - New Jersey (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 18. oktober 2021. 
  24. «Stockholm - Hurra Torpedo | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 19. oktober 2021. 
  25. «Extrabreit - Pop - INTRO». intro.de. Arkivert frå originalen 26. mai 2015. Henta 19. oktober 2021. 
  26. «Southern Cross My Oh My / Running / Take Me Away Albums, CDs, Vinyl Records and LPs». Musicstack.com. Henta 14. oktober 2021. 
  27. «Trojan Box Set: Christmas Reggae - Various Artists | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 19. oktober 2021. 
  28. «THE X FACTOR; TV show favourite Tabby has watched Braveheart an incredible 500 times. - Free Online Library». thefreelibrary.com. Henta 19. oktober 2021. 
  29. Steffen Hung. «Frank Zander & Frank Schöbel - Wir gehören zusammen». hitparade.ch. Henta 19. oktober 2021. 


Føregangar
«Break My Stride»
Matthew Wilder
Toppen av VG-lista
Slade

4 veker, veke 9–12, 1984
Etterfylgjar
«Girls Just Want to Have Fun»
Cyndi Lauper