How Does It Feel av Slade
How Does It Feel Singel av Slade frå albumet Slade in Flame | ||
B-side |
So Far So Good | |
---|---|---|
Utgjeve | 7. februar 1975 September 1975 (USA) | |
Sjanger | softrock | |
Lengd | 3:15 (Amerikansk singel) 4:46 (singel) 5:55 (album) | |
Selskap | Polydor | |
Låtskrivar(ar) | Noddy Holder, Jim Lea | |
Produsent | Chas Chandler | |
Slade-kronologi | ||
«Far Far Away» (1974) |
How Does It Feel | «Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)» (1975)
|
«How Does It Feel» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som den andre singelen frå filmmusikkalbumet og det femte studioalbumet deira Slade in Flame. Songen vart spelt inn for filmen med same namn.[1] Han vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker.[2]
Melodien til «How Does It Feel» var den første Lea hadde skrive nokon gong, då han framleis gjekk på skulen.[3]
I 1999 sa Noel Gallagher frå Oasis at songen var «ein av dei beste songane skrivne nokon gong i pophistoria».[4]
B-sida til singelen var «So Far So Good», som òg kom ut på albumet. I USA vart «O.K. Yesterday Was Yesterday» gjeven ut som B-side. Denne var òg frå Slade in Flame.
Format
[endre | endre wikiteksten]- 7"-singel
- «How Does It Feel» - 4:46
- «So Far So Good» - 2:59
- 7"-singel (Amerikansk utgåve)
- «How Does It Feel» - 3:15
- «O.K. Yesterday Was Yesterday» - 3:58
- 7"-singel (Amerikansk promo)
- «How Does It Feel» - 3:15
- «How Does It Feel» - 3:15
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1975) | Plassering |
---|---|
Den tyske singellista[5] | 36 |
Irish Singles Chart[6] | 11 |
UK Singles Chart[2] | 15 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 2001 spelte den engelske rockevokalisten Chris Farlowe inn ein versjon av sporet til hyllestalbumet Slade Remade.[7]
- I 2006 gav den engelske rockegruppa Def Leppard ut sin eigen versjon av songen som eit eksklusivt bonusspor frå iTunes for albumet Yeah!.[8]
- I 2016 framførte den engelske songar-låtskrivaren James Blunt ein versjon av songen som ein del av settet hans ved opningsseremonien for Invictus Games 2016 i Orlando i Florida.
- I 2017 gav den britiske songaren Joanna Forest ut sin eigen versjon av songen på debutalbumet Stars Are Rising. Han vart utgjeven som den første singelen til albumet.[9]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Slade
- Noddy Holder - solovokal, gitar
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Jim Lea - bass, piano, orgel, fløyte, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- Medlemmar av Gonzalez - blåserekkje
- Chas Chandler - produsent
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «How Does It Feel (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Slade - Slade in Flame at Discogs». Discogs.com. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ 2,0 2,1 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 10. oktober 2021.
- ↑ Jim Lea interview with Elaine Lamb on Oban FM, 1. august 2017
- ↑ 1999 BBC documentary It's Slade
- ↑ «Die ganze Musik im Internet: Charts, News». Musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ «Online Store». THEmusicINDEX. 23. februar 1998. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ «Medium: Yeah! [US iTunes Exclusive] - Def Leppard (23. mai 2006)». Second Hand Songs. 23. mai 2006. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ «Joanna Forest - How Does It Feel? @ Top40-Charts.com - New Songs & Videos from 49 Top 20 & Top 40 Music Charts from 30 Countries». Top40-charts.com. 27. januar 2017. Henta 9. oktober 2021.