Hopp til innhald

Songen We'll Bring the House Down

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
We'll Bring the House Down
Singel av Slade
frå albumet We'll Bring the House Down
B-side

Hold on To Your Hats

Utgjeve 23. januar 1981
Sjanger Rock
Lengd 3:32
Selskap Cheapskate
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Slade
Slade-kronologi 
Xmas Ear Bender
(1980)
We'll Bring the House Down «Wheels Ain't Coming Down»
(1981)


«We'll Bring The House Down» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1981 som den første singelen frå det niande studioalbumet deira We'll Bring the House Down.[1] Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. Dette var den første singelen deira som nådde topp 40 i Storbritannia sidan 1977, då songen nådde tiandeplassen. Han vart liggande på lista i ni veker.[2]

I Storbritannia og Irland var B-sida på songen «Hold on to Your Hats». I andre område var B-sida «Wheels Ain't Coming Down». Begge desse songane kom ut på albumet Return to Base i 1979 og igjen på albumet We'll Bring the House Down.

Det vart filma ein musikkvideo til songen, regissert av Eric Boliski. Han vart filma før og under konserten deira i Gaumont i Ipswich den 17. januar 1981.[3]

I Storbritannia spelte songen på musikkshowet Top of the Pops og ITV-showet Moondogs. I Tyskland spelte dei songen på TV-showet Musikladen.[4]

Format[endre | endre wikiteksten]

7"-singel (britisk utgåve)
  1. «We'll Bring the House Down» – 3:32
  2. «Hold on to Your Hats» – 2:33
7"-singel
  1. «We'll Bring the House Down» – 3:32
  2. «Wheels Ain't Coming Down» – 3:36

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1990 gav Lea ut sin eigen versjon av songen som ein singel under pseudonymet The Clout.[5] Versjonen sampla ropa frå originalversjonen til Slade og vart spelt inn med den tidlegare Shakatak-songaren Jackie Rawe.[6][7]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
Irish Singles Chart[8] 11
UK Singles Chart[2] 10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Noddy Holder - solovokal, gitar, produsent, arrangør
  • Dave Hill - sologitar, korvokal, produsent, arrangør
  • Jim Lea - bass, korvokal, produsent, arrangør
  • Don Powell - trommer, produsent, arrangør

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Slade – We'll Bring The House Down at Discogs». Discogs.com. Henta 15. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 10. oktober 2021. 
  3. «1986 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 10. oktober 2021. 
  4. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 15. juli 2011. Henta 15. oktober 2021. 
  5. «The Clout - We'll Bring The House Down / Jim Jam - Mooncrest - UK - JWL 1000». 45cat. Henta 10. oktober 2021. 
  6. Slade International Fan Club newsletter January–Februar–March 1990
  7. «1990 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 10. oktober 2021. 
  8. Jaclyn Ward. «The Irish Charts – All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 15. oktober 2021.