Beginnings av Ambrose Slade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beginnings
Studioalbum av Ambrose Slade
Språk engelsk
Utgjeve 9. mai 1969
Sjanger Rock
Lengd 35:30
Selskap Fontana
Produsent
    • Ambrose Slade
    • Roger Wake
Ambrose Slade-kronologi 
Beginnings Play It Loud
(1970)


Singlar frå Beginnings
  1. «Genesis»
    Utgjeve: 14. mai 1969

Beginnings er debutalbumet til det britiske rockebandet Ambrose Slade, som seinare vart kjende som Slade. Det kom ut 9. mai 1969, men selde ikkje godt nok til å nå albumlista. I USA kom albumet ut med tittelen Ballzy. Seinare, i 1975, vart albumet gjeve ut på ny på Contour som Beginnings of Slade, men det vart raskt trekt attende på grunn av problem med opphavsretten.[1]

Beginnings er ei blanding av sjølvskrivne songar og coverversjonar, inkludert to spor av Steppenwolf. For å bekrefta mangfaldet av påverknaden i gruppa, spelte dei òg Ted Nugent & The Amboy Dukes-songen «Journey to the Center of Your Mind», «Ain't Got No Heart» av Frank Zappa & The Mothers of Invention, The Moody Blues sin «Fly Me High», The Beatles sin «Martha My Dear» og «If This World Were Mine» av Marvin Gaye.

Plateomslaget for den originale britiske utgjevinga av albumet inneheld eit foto av bandet på Pouk Hill i Walsall, eit lokalt landemerke som var i nærleiken av heimen til songaren Noddy Holder. Bandet likte ikkje bilettakinga fordi fotografen insisterte på at dei skulle posera nakne frå livet og opp i ekstremt kaldt vêr. Hendinga skulle seinare danna grunnlaget for teksten til songen deira «Pouk Hill», som dukka opp på det andre albuma deira, Play It Loud, i 1970.[2]

Albumet er inkludert som ein del av dokumentaren til John Peel kalla Rarest Records.[3]

Bakgrunn og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Slade vart opphavleg danna som The 'N Betweens i 1966. Bortsett frå innspeling av eit par mislykka singelar, konsentrerte bandet seg hovudsakleg om å bygga eit rykte i konsertmiljøet i Storbritannia. I februar 1969 interesserte Jack Baverstock, sjefen for A&R i Philips Records seg for å signera bandet etter å ha høyrt to av demoane deira, spelt inn i 1968 med produsent Martin Irving.[4] Baverstock tilbaud seg kort tid etter å signera bandet viss dei endra namn til Ambrose Slade og fann London-basert leiing. Trass i uroa for å mista omdømmet som The 'N Betweens, gjekk bandet med på det. Namnet Ambrose Slade vart inspirert av sekretæren til Baverstock, som hadde kalla handveska si Ambrose og skoa sine Slade.[2][5] Baverstock fann dei snart ein agent, John Gunnel.

Bandet heldt til ei veke i Philips-studioet på Stanhope Place og spelte inn Beginnings med lydteknikaren Roger Wake. Etter å ha synst at demoen deira av «Mad Dog Cole» var flott, insisterte Baverstock på at bandet skulle skriva meir eige materiale. Dei tre andre originalane, «Roach Daddy», «Pity the Mother» og «Genesis», vart deretter skrivne i løpet av få dagar. I eit intervju frå 1980 hugsa bassist Jim Lea: «Dette var det første store forsøket vårt på å laga ei plate, så det var viktig å ikkje la det gli. Så vi gjorde «Roach Daddy», «Mad Dog Cole» og «Genesis» i total frykt. «Pity the Mother» var ein annan av songane som Bavistock 'tvinga' oss til å skriva.» I ei tid då bandet enno ikkje fullstendig skreiv sitt eige materiale, bestod albumet av åtte coverversjonar av songar bandet jamleg spelte som ein del av live-settet deira. Lea sa om coverversjonane: «Dei var alle nummer vi gjorde live på scena den gongen. Vi hadde byrja å røra oss bort frå Flower Power-saka då, men vi gjorde framleis uvanlege nummer. Du kan sjå det på alle låtskrivarane av songane, dei er alle store namn no, men den gongen var dei uhøyrde. Frank Zappa - han var totalt ukjend, han hadde berre spelt inn eitt album, men me spelte inn hans «Ain't Got No Heart».[6] I motsetnad til det Lea sa, hadde Zappa faktisk gjeve ut seks studioalbum før Ambrose Slade gav ut debuten sin.

Under innspelinga av albumet vart Ambrose Slade introdusert for Chas Chandler, som vitja bandet i studio med forretningspartneren sin Gunnel. Imponert over det han høyrde i studio, bestemte Chandler seg for å sjå bandet opptre live på klubben Rasputin's kvelden etter. På slutten av showet bestemte han seg for å leia gruppa og vart kort tid etter manageren deira.[2][5]

I mai 1969 kom Beginnings ut, saman med singelen «Genesis», men ingen av dei gjekk inn på salslistene. Dette var sjølv om det vart filma ein promovideo på Euston Station i London for å marknadsføre albumet.[7] Etter mangelen på kommersiell suksess byrja bandet og Chandler å vurdera sitt neste karrieretrinn. Chandler var ikkje nøgd med debutalbumet og trudde at bandet ville tena på å skriva eige materiale og byte image. Bandet spelte inn ytterlegare to singlar for Fontana før Chandler flytta bandet til Polydor, der dei seinare ville oppnå eit kommersielt gjennombrot i 1971.[2][5]

Om utgivinga til albumet og mangel på kommersiell suksess, sa Lea: «Det fall drastisk. Men det var ikkje poenget, du ser at det fekk oss eit fotfeste i London, så det var eit oppdrag som vart utført for oss. Chas Chandler tok oss over. Me hadde framleis litt tid til å køyra på kontrakten vår med Bavistock, så me gav ut dei to neste singlane våre på Fontana. Det var nokre interne problem mellom Chas og den nye sjefen i Fontana, og det neste eg visste var at me var ute av Fontana-avtalen. Chas hadde samband med Polydor, fordi han då administrerte Jimi Hendrix, så me signerte ein kontrakt med dei.»[8][9]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Genesis» er eit originalinstrumental, skriven av alle fire medlemmane i bandet. Songen skulle seinare bli omarbeidd på nytt med tekst som «Know Who You Are», som dukka opp på albumet deira frå 1970, Play It Loud.[10] «Everybody's Next One» er ein coverversjon av ein song rå 1968 av Steppenwolf. «Knocking Nails into My House» er ein coverversjon av songen frå 1968 av The Idle Race. «Roach Daddy» vart òg skrive av alle fire medlemmane i bandet. I tillegg til at han vart med på albumet, vart songen òg gjeven ut som B-side til singelen «Genesis». «Ain't Got No Heart» er ein coverversjon av songen frå 1966 av Mothers of Invention. «Pity the Mother» var den første songen som vart skriven av det framtidige låtskriverlaget til Slade i Holder og Lea. Songen inneheld Lea på elektrisk fiolin. I 1980 sa Lea om songen: «Me skreiv han på kjøkenet til foreldra til Nod, dagen før me gjekk ned for å gjera innspeling i studio. Louise [kona] var der, og ho hjelpte meg og Nod med å skriva songen.»

«Mad Dog Cole» er ein annan original instrumental. Songen hadde arbeidstittelen «My Cat's Got Fleas». «Fly Me High» er ein coverversjon av songen frå 1967 av The Moody Blues. «If This World Were Mine» er ein coverversjon av duetten frå 1967 av Marvin Gaye og Tammi Terrell. «Martha My Dear» er ein coverversjon av The Beatles-songen frå 1968. Bandet skulle seinare framføra songen på BBC-barneshowet Monster Music Mash i 1969 då dei promoterte singelen «Wild Winds Are Blowing». «Born to be Wild» er ein annan song opphavleg av Steppenwolf. «Born to be Wild» vart seinare inkludert på konsertalbumet Slade Alive! frå 1972, som gav versjonen deira større heider. «Journey to the Center of Your Mind» er ein coverversjon av songen frå 1968 av The Amboy Dukes.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Ved utgjevinga skildra meldaren Lester Bangs i Phonograph Record albumet som «heilt ubrukeleg». Record Mirror skildra i ei melding av singelen «Genesis» albumet som ein «fin debut» frå eit band med «veldig stort talent».

Seinare i 1991 skreiv Q: «Det er eit merkeleg, men hyggeleg album, som ser kvartetten nervøst slappa av i skoa til The Small Faces» Dave Thompson skreiv for AllMusic at albumet presenterer «lite av det du kan forventa av Slade», sjølv om «vokalen til Noddy Holder er umiskjenneleg». Thompson roser dei «godt utførte coverversjonane», som tente til å «demonstrera bandet som musikalsk allsidig». Han konkluderte med: «Sjølv om det er ei handfull vonbrot («Martha My Dear» er nesten avskyeleg), står Beginnings som ei fin byrjing. Men ting kom til å bli mykje betre enn dette.»[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Genesis»Dave Hill, Noddy Holder, Jim Lea, Don Powell3:16
2.«Everybody's Next One»John Kay, Gabriel Mekler2:45
3.«Knocking Nails into My House»Jeff Lynne2:24
4.«Roach Daddy»Hill, Holder, Lea, Powell3:03
5.«Ain't Got No Heart»Frank Zappa2:37
6.«Pity the Mother»Holder, Lea3:57
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Mad Dog Cole»Hill, Holder, Lea, Powell2:42
8.«Fly Me High»Justin Hayward2:56
9.«If This World Were Mine»Marvin Gaye3:16
10.«Martha My Dear»John Lennon, Paul McCartney2:19
11.«Born to Be Wild»Mars Bonfire3:24
12.«Journey to the Center of the Mind»Ted Nugent, Steve Farmer2:46
Bonusspor på japansk utgåve frå 2006
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Wild Winds Are Blowing» (singel utan album)Bob Saker, Jack Winsley2:39
14.«C'Mon C'Mon» (B-side til «Shape of Things to Come»)Holder2:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ambrose Slade
Andre medverkande
  • Roger Wake – produsent, lydteknikar
  • Richard Stirlin – fotograf
  • Linda Glover – kunst

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ambrose Slade – Beginnings of Slade (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 5. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Beginnings/Play It Loud – 2006 Salvo remaster booklet liner notes
  3. «John Peel Shows us some of his Rare Records – Rare Precious Beautiful, Spring, Dark, Andromeda». Henta 5. oktober 2021 – via YouTube. 
  4. «From Roots To Boots: The Slade Story». Sladestory.blogspot.co.uk. Henta 5. oktober 2021. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Charlesworth, Chris (1984). Slade, Feel the Noize!: an illustrated biography. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-0538-X. 
  6. «1980 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 5. oktober 2021. 
  7. «YouTube». Henta 5. oktober 2021 – via YouTube. 
  8. «Slade Fan Club Archive». Weebly. Arkivert frå originalen 23. mai 2012. Henta 10. august 2011. 
  9. Slade Fan Club Newsletter May–June 1980
  10. AllMusic Review by Dave Thompson. «Beginnings – Ambrose Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 5. oktober 2021. 
  11. AllMusic Review by Dave Thompson. «Beginnings – Ambrose Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 5. oktober 2021.