Hopp til innhald

Slade Alive, Vol. 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slade Alive, Vol. 2
Konsertalbum av Slade
Utgjeve 27. oktober 1978
Innspelt USA hausten 1976 & Storbritannia våren 1977
Sjanger
Lengd 41:01
Selskap Barn
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
Whatever Happened to Slade?
(1977)
Slade Alive, Vol. 2 Return to Base
(1979)


Slade Alive, Vol. 2 er det andre konsertalbumet til det britiske rockebandet Slade. Det kom ut 27. oktober 1978 og gjekk ikkje inn på salslista.[1] Det fekk tittel som oppfølgjar til det kritikarroste og bestseljande albumet Slade Alive! frå 1972. Innhaldet på Slade Alive, Vol. 2 var opptak frå haustturneen til bandet i 1976 i Amerika og våren 1977 i Storbritannia.[2] Albumet vart produsert av Chas Chandler.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Då Slade kom attende frå USA seint i 1976, fann dei at den britiske musikkindustrien hadde endra seg mykje frå då dei drog heimefrå i 1975 i eit forsøk på å slå gjennom på den amerikanske marknaden. Punkrock hadde eksplodert og blitt den dominerande krafta i ungdomskulturen og musikkpressa. Trass i at Slade hadde rykte som eit bra, høgenergisk band i sine dagar, var dei i dette miljøet blitt irrelevant. Likevel var dei klare på at dei nov ar blitt eit betre konsertband og nekta å kaste inn handkledet. Albumet deira Whatever Happened to Slade i 1977 selde dårleg og på vårturneen deira i Storbritannia klarte dei ikkje lenger å fylle store arenaer.

I 1978 sleit bandet med mangel på kommersiell suksess. Trass i at dei fylde mindre spelestader selde platene deira nesten ikkje. Sidan dei ikkje lenger gav ut ny musikk på Polydor Records men i staden brukte selskapet til manageren Chas Chandler, Barn Records, vart singlar som «Burning in the Heat of Love», «Give Us a Goal», «Rock 'n' Roll Bolero» og «Ginny, Ginny» alle mislykka på listene. I håp om at konsertryktet deira skulle skaffe dei sukess, gav bandet ut Slade Alive, Vol. 2 i oktober 1978. Men det selde heller ikkje bra, og Slade vart først populære att etter at dei spelte på Readingfestivalen i 1980.[3][4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[5]
Record Mirror3/5 stars[6]
Superpop[7]4/5 stars

Då albumet kom ut skildra Record Mirror det som eit «verdig, om ikkje akkurat essensielt kjøp, og kanskje nok til å få gruppa attende på rett kjøl». Dei la til: «Slade er eigentleg eit liveband, uansett kvar gode platene deira er, kjem dei aldri til å matcha kvarandre. Alt dei nokosinne vil vera er plastsuvenirar frå eit flott liveshow.» Superpop følte at albumet fanga «akkurat det [som] eigentleg føregjekk» med bandet den gongen, og la til at albumet var ein «fin liten pakke».[8]

AllMusic sa: «Slade Alive, Vol. 2 kokar, som alt av Slade på konsert. Albumet er utmerkt, både når det gjeld yting og lydkvalitet. Dei gjorde òg ein god jobb med å velja materiale til denne plata. Ein fin balanse av klassikarar og nyare materiale som eigentleg ikkje hadde vorte høyrt før. Slade har på dette tidspunktet utvikla seg til eit fullverdig heavy metal-band medan ho beheldt alt som gjorde dei bra i utgangspunktet.»[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Noddy Holder og Jim Lea utanom «My Baby Left Me» av Arthur Crudup.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Get on Up»6:01
2.«Take Me Bak 'Ome»4:19
3.«My Baby Left Me»2:41
4.«Be»3:50
5.«Mama Weer All Crazee Now»3:58
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Burning in the Heat of Love»3:45
7.«Everyday»3:35
8.«Gudbuy T'Jane»4:58
9.«One Eyed Jacks with Moustaches»3:24
10.«Cum On Feel the Noize»4:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
Andre medverkande
  • Chas Chandler - produsent
  • Alwyn Clayden - design (cover)
  • Alex Agor - fotografi
  • Alan Goldberg - scenelys

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 12. oktober 2021. 
  2. «Vinyl Album - Slade - Slade Alive Vol Two - Barn - UK». 45worlds.com. Henta 12. oktober 2021. 
  3. CD-heftet til We'll Bring the House Down – 2007 Salvo
  4. CD-heftet til Slade Alive! – 2006 Salvo
  5. Ginsberg, Geoff. «Slade Alive, Vol. 2 - Slade». AllMusic. Henta 7. oktober 2021. 
  6. «Slade alive vol 2». Sladeinengland.co.uk. Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 7. oktober 2021. 
  7. «1978 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 6. oktober 2021. Henta 12. oktober 2021. 
  8. «1978 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 6. oktober 2021. Henta 12. oktober 2021. 
  9. AllMusic Review by Geoff Ginsberg. «Slade Alive, Vol. 2 - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 12. oktober 2021.