Nes kyrkje på Ringerike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nes kyrkje
kyrkje
Nes kirke, Nes i Ådal.jpg
Foto: John Erling Blad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Ringerike
Sokn Nes
Stad Nes i Ådal
Type åttekantkyrkje
Arkitekt Christian H. Grosch
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 1860
 - Endringar 1928 (kor og sakristi), 1972 (nytt tak)
Sitjeplassar 250[1]

Nes kyrkje på Ringerike
60°33′50″ N 9°59′8″ E
Wikimedia Commons: Nes kirke (Ringerike)

Nes kyrkje også kjent som Nes kirkeNes i Ådal i Ringerike kommune er ei åttekanta sentralkyrkje i lafta tømmer[2] frå 1860. Kyrkja har plass til 250 personar og er teikna av arkitekt Christian H. Grosch. Den høyrer til i Ringerike prosti.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjetype teikna av Grosch

Ved Kgl. resolusjon av 2. februar 1857 vart det avgjort å opprette Ådal prestegjeld, og planlegging av kyrkja kunne ta til. Samstundes med at gjeldet vart oppretta fekk ein løyve til å leggje ein kyrkjegard og oppføre ei kyrkje på garden Nes. Den vart innvia 22. august 1860 ved soknepresten til Gran, S. B. Bugge. Bugges tale finst fortsatt i prestegjeldets arkiv.

Konstruksjon og eksteriør[endre | endre wikiteksten]

Skipet var opphavleg ein oktogonal grunnplan og av lafta tømmer. Taket over skipet er også oktogonalt og teltforma. Takkonstruksjonen ber ein takryttar som har eit kvadratisk underbygg og ein slank og høg oktogonal hjelm. Takryttaren blir støtta av fire stolpar frå golvet i skipet. Underbygget (klokkestova) på takryttaren har doble gluggar med lemmar i kvar himmelretning. Hjelmen og klokkestovetaket vart tekt med koparplater i 1968.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 16. Januar 2013
  2. Andreas Gjerdi, Ringerikes kirker, s. 30–32, 1973
  3. Sigrid og Håkon Christie: «Nes kirke» i Norges kirker, Buskerud, bind 2 s. 211–214, 1986, ISBN 82-05-16315-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]