Sakrarium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sakrarium i Nossa Senhora da Conceição i Golegã i Portugal.

Sakrarium, piscina eller thalassidion er ein utslagsvask i ortodokse, katolske og mange anglikanske kyrkjer. Desse stod opphavleg nær altaret, men seinare er det blitt vanlegare å plassera dei i sakristiet. Vatnet som blir hella i sakrariet renn rett ned i vigsla jord, og ikkje i kloakksystemet, slik at eventuelle restar frå nattverden blir behandla med respekt når ein vaskar kalk og ciborium. Sakrariumet blir også brukt til å hella ut dåpsvatn og vigslevatn.

I den katolske kyrkja får ein nesten aldri hella nattverdsvin eller -brød i sakrariumet.[1] Men dersom konsekrert nattverdsbrød ikkje kan etast (på grunn av mugg eller liknande) skal det løysast opp i vatn og hellast i sakrariet.

I ortodokse kyrkjer er rommet der vasken, thalassidion, er plassert kalla diakonikon, tilsvarande sakristi. Vasken har utløp til ein heilag stad i bakken og blir brukt til vatn brukt til å vaska heilage ting. Det er også her geistlege vaskar hendene før den guddommelege liturgien. Vigde nattverdselement blir aldri skylt ned i vasken - dersom noko er til overs blir dei etne eller drukke av ein geistleg.

I nokre gamle kyrkjer hadde ein thalassidion under altaret. Dette kunne ein då ha habitten til ein munk eller ei nonne på før dei fekk tonsur.[2] Etter at thalassidion er blitt flytta blir habitten no vanlegvis plassert på altaret. Når ein munk eller nonne får tonsur, kan håret kastast i thalassidion dersom ein skal kvitta seg med det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Redemptionis Sacramentum 107
  2. Robinson, Nalbro' Frazier (1911), Monasticism in the Orthodox Churches, AMS Press, ISBN 978-0-404-05375-8