Sakristi
Utsjånad
(Omdirigert frå Skrudhus)
Sakristi, frå latin sacristia, «som har å gjere med dei heilage gjenstandane», er eit særsskilt rom i ei kyrkje for å take vare på altarbøker, heilage kar og liknande, og for at presten skal ha eit rom for å kle seg i kyrkjeleg skrud og førebu seg til dei rituelle gjeremåla. Difor ligg sakristiet attmed koret i kyrkja. I tidlegare tider vart eit sakristi gjerne kalla skrudhus.
Sakristiet kan òg nyttast til kyrkjelege handlingar som ikkje treng å gå føre seg i sjølve kyrkja.