Beggars Banquet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beggars Banquet
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 6. desember 1968
Innspelt 17. mars–25. juli 1968
Olympic Studios i London
Sjanger Rock, blues
Lengd 40:31
Selskap Decca/ABKCO (UK)
London/ABKCO (USA)
Produsent Jimmy Miller
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Their Satanic Majesties Request
(1967)
Beggars Banquet Let It Bleed
(1969)

Beggars Banquet er eit album av The Rolling Stones frå 1968. Det markerte ei musikalsk endring for bandet tilbake til R&B-røtene deira, og vert generelt rekna som langt enklare enn den psykedeliske Their Satanic Majesties Request.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter den lange innspelinga av det førre albumet i 1967 og etter at produsent og manager Andrew Loog Oldham var borte, leigde Mick Jagger og Keith Richards inn produsent Jimmy Miller, som hadde produsert Spencer Davis Group og Traffic. Partnarskapet skulle vise seg å verte ein suksess og Miller arbeidde med bandet fram til 1973.

I mars starta innspelinga av albumet med sikte på utgjeving i juli. Ein av dei første songane som vart spelt inn var «Jumpin’ Jack Flash», som vart gjeve ut berre som singel i mai 1968 og vart ein stor hit.

Beggars Banquet var det siste albumet Brian Jones medverka på. I tillegg til slidegitaren hans på «No Expectations», spelte han munnspel på «Dear Doctor» og «Prodigal Son», sitar og tambura på «Street Fighting Man» og mellotron på «Jigsaw Puzzle» og «Stray Cat Blues».

I juni var innspelinga nesten ferdig, og noko lydspor vart lagt til og plata vart miksa i Los Angeles i juli. Både Decca Records i England og London Records i USA vraka det planlagte plateomslaget, eit bilete av ein toalettvegg med grafitti. Bandet nekta i starten å endre omslaget, og dette medførte til at utgjevinga vart utsett fleire månader. I november gav Rolling Stones seg til slutt, og albumet kom ut i desember med eit enkelt kvitt omslag forma som eit invitasjonsbrev. Ideen om eit enkelt, kvitt omslag hadde The Beatles gjort for deira dobbeltalbum, som kom ut berre ein månad før Beggars Banquet. Dette medførte skuldingar om at Rolling Stones kopierte the Beatles. I 1984 vart det opphavlege omslaget nytta på den første CD-utgåva av Beggars Banquet.

Kritikarane såg på plata som eit skritt tilbake til den opphavlege stilen til the Stones.[1] Albumet vart ein kommersiell suksess, og nådde tredjeplass i USA og femteplass i Storbritannia. I Noreg låg albumet seks veker samanhengande på andreplassen, heile tida bak The Beatles og det kvite albumet deira.

Det opphavlege omslaget tilskreiv ikkje Rev. Robert Wilkins som låtskrivar på «Prodigal Son», men dette vart gjort på seinare utgåver.

10.–11. desember 1968 filma bandet The Rolling Stones Rock and Roll Circus med John Lennon, Eric Clapton, The Who og Jethro Tull som nokre av gjestene. Det opphavlege målet med dette prosjektet var å promotere Beggars Banquet, men filmen kom ikkje ut offisielt før i 1996.

I 2003 vart album rangert på 53. plass av musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene. Same året rangerte TV-kanalen VH1 Beggars Banquet som det 67. største albumet gjennom tidene. Albumet er òg i boka 1001 albums You Must Hear Before You Die.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnd. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Sympathy for the Devil»   6:27
2. «No Expectations»   4:02
3. «Dear Doctor»   3:26
4. «Parachute Woman»   2:23
5. «Jigsaw Puzzle»   6:17
Side to
# Tittel Lengd
6. «Street Fighting Man»   3:18
7. «Prodigal Son» (Rev. Robert Wilkins) 2:55
8. «Stray Cat Blues»   4:40
9. «Factory Girl»   2:12
10. «Salt of the Earth»   4:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. allmusic – Beggars Banquet


59:
 Chronicle, Vol. 1  
Creedence Clearwater Revival
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
58

The Rolling StonesBeggars Banquet

57:
 Songs in the Key of Life 
Stevie Wonder