Between the Buttons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Between the Buttons
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 20. januar 1967
Innspelt 3–11. august, 8–26. november og 13. desember 1966
Sjanger
Lengd 38:51
Selskap Decca
Produsent Andrew Loog Oldham
Britisk The Rolling Stones-kronologi
Aftermath
(1966)
Between the Buttons Their Satanic Majesties Request
(1967)


Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Entertainment Weekly A[2]
The Rolling Stone Album Guide 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]

Between the Buttons er det femte britiske og sjuande amerikanske studioalbumet til The Rolling Stones og kom ut i 1967 som oppfølgjaren til Aftermath.

Plata vart spelt inn i to omgangar i Los Angeles i august 1966 og London i november same året. Between the Buttons synte The Rolling Stones i ein periode der dei flytta seg inn i eit meir kunstnerisk landskap og bort frå R&B-røtene deira. Med album som The Beatles sitt Revolver, The Beach Boys sitt Pet Sounds og Bob Dylan sitt Blonde on Blonde, samt deira eige Aftermath og singlande deira frå 1966, hadde rocken fått ein kraftig utvida musikalsk horisont. The Rolling Stones prøvde å ta eit ytterlegare kunstnerisk steg frå Aftermath, og synte påverknad frå andre britiske band på denne tida som The Kinks.

Som Aftermath vart Between the Buttons gjeve ut i to forskjellige utgåver i Storbritannia og USA. Den britiske utgåva kom ut i januar 1967 på Decca Records, samstundes med ein separat singel, «Let’s Spend the Night Together» med «Ruby Tuesday» på baksida. Sidan det var vanleg i den britiske plateindustrien på denne tida å ikkje ta med singlane på studioalbuma, var ikkje denne med på «Between the Buttons». Albumet vart generelt godt teke i mot og nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia. I Noreg låg albumet seks veker samanhengande på andreplassen, bak filmmusikken til The Sound of Music

I USA vart singelen med «Let's Spend the Night Together» og «Ruby Tuesday» ein del av albumet og «Back Street Girl» og «Please Go Home» fjerna. Dei to sistnemnde kom seinare med på den amerikanske plata Flowers. «Ruby Tuesday» gjekk til topps på singellista i USA og drog Between the Buttons med seg til andreplass.

Between the Buttons vart det siste albumet som vart produsert av Andrew Loog Oldham, som The Rolling Stones skilde seg sommaren 1967. Oldham hadde større innverknad på dette albumet enn tidlegare album, og nytta mellom anna Phil Spector-liknande lagvise lydspor på «Yesterday’s Papers», «My Obsession» og «Complicated», samt ukreditterte korvokalistar (kanskje mellom anna Graham Nash) gjennom heile plata. Brian Jones held fram å eksperimentere med eksotiske instrument og spelte mellom anna munnspel, blokkfløyte, piano, orgel og elektrisk dulcimer.

I åra etter ho kom ut vart Between the Buttons på ein eller annan måte oversett. I dag er deriomt både kritikarar og tilhengjarar langt meir entusiastisk. I 2003 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone albumet på 355. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Yesterday's Papers»   2:04
2. «My Obsession»   3:17
3. «Back Street Girl»   3:27
4. «Connection»   2:08
5. «She Smiled Sweetly»   2:44
6. «Cool, Calm & Collected»   4:17
Side two
# Tittel Lengd
7. «All Sold Out»   2:17
8. «Please Go Home»   3:17
9. «Who's Been Sleeping Here?»   3:55
10. «Complicated»   3:15
11. «Miss Amanda Jones»   2:48
12. «Something Happened to Me Yesterday»   4:55

Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Between the Buttons
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 21. januar 1967
Innspelt 3–11. august, 8–26. november og 13. desember 1966
Sjanger Rock, pop, psykedelisk rock
Lengd 38:42
Selskap London
Produsent Andrew Loog Oldham
Amerikansk The Rolling Stones-kronologi
Aftermath
(1966)
Between the Buttons Flowers
(1967)
Singlar frå Between the Buttons
  1. «Ruby Tuesday» / «Let's Spend the Night Together»
    Utgjeve: 14. januar 1967 (USA)

I USA vart albumet gjeve ut på London Records den 11. februar 1967. «Let's Spend the Night Together» og «Ruby Tuesday» vart putta inn på albumet, medan «Back Street Girl» og «Please Go Home» vart fjerna (desse kom ut på det neste amerikanske albumet, Flowers i juli 1967). Med «Ruby Tuesday» på toppen av singellista, klatra Between the Buttons opp til andreplassen på den amerikanske albumlista, og selde til gullplate.

I 2012 vart den amerikanske utgåva av albumet rangert på 357. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Let's Spend the Night Together»   3:38
2. «Yesterday's Papers»   2:01
3. «Ruby Tuesday»   3:16
4. «Connection»   2:08
5. «She Smiled Sweetly»   2:44
6. «Cool, Calm & Collected»   4:17
Side to
# Tittel Lengd
7. «All Sold Out»   2:17
8. «My Obsession»   3:20
9. «Who's Been Sleeping Here?»   3:55
10. «Complicated»   3:15
11. «Miss Amanda Jones»   2:48
12. «Something Happened to Me Yesterday»   4:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Per den amerikanske utgåva.[5][6][7]

The Rolling Stones

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1967 UK Albums Chart 3[8]
1967 Billboard 200 2[9]
1967 Den franke SNEP-lista 25[10]

Singles[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1967 «Let's Spend the Night Together/Ruby Tuesday» UK Top 40 Singles 3[8]
1967 «Let's Spend the Night Together» The Billboard Hot 100 55[11]
1967 «Ruby Tuesday» The Billboard Hot 100 1[11]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Selskap Salstrofé
USA RIAA Gull

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Browne, David (20. september 2002). «Satisfaction?». Entertainment Weekly (New York) (673). Henta 26. mars 2018. 
  3. Moon, Tom (2004). «The Rolling Stones». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 695–699. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. «Between the Buttons». rollingstone.com. January 2012. https://www.rollingstone.com/music/lists/500-greatest-albums-of-all-time-20120531/the-rolling-stones-between-the-buttons-20120524. Henta 26. mars 2018. 
  5. The Rolling Stones | Official Website
  6. Stone Alone - Bill Wyman
  7. Rolling With The Stones - Bill Wyman
  8. 8,0 8,1 http://www.everyhit.com/ Skriv inn «Rolling Stones» under «Name of Artist»
  9. http://www.allmusic.com/artist/p5298/charts-awards/billboard-albums
  10. Tous les Albums classés par Artiste, Note : user must select The Rolling Stones in the list
  11. 11,0 11,1 http://www.allmusic.com/artist/p5298/charts-awards/billboard-singles


358:
 Sketches of Spain 
Miles Davis
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
357


The Rolling Stones – Between the Buttons

356:
 12 Songs 
Randy Newman