Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nord-Makedonia
EuroMacedonia del Norte.svg
Offisielt Republikken Nord-Makedonia

MRT
Uttakingar
Nasjonalt 11
Internt 8
Deltaking
Debutår 1998
Deltakingar 19
Beste resultat
Semifinalen 2 (2019)
Finalen 7 (2019)
Verste resultat
Semifinalen 18 (2018)
Finalen 19 (1998 og 2002)
Poeng
Semifinalane 1 085
Finalane 674
Totalt 1 759

Nord-Makedonia debuterte i Eurovision Song Contest som sjølvstendig nasjon i 1998 og har sidan deltatt 19 gongar. Landets deltaking i Eurovision Song Contest strekk seg likevel heilt tilbake til byrjinga av 1960-talet, som ein del av Jugoslavia. Fram til og med 1991 deltok Nord-Makedonia som ein del av Jugoslavia, før Nord-Makedonia erklærte seg uavhengig og etter kvart debuterte som ein sjølvstendig nasjon i 1998. Fram til 2019 heitte landet Republikken Makedonia, men i Eurovision-samanheng gjekk landet under namnet F.Y.R. Macedonia, på grunn av namnetvisten med nabolandet Hellas.[1] I 2019 skifta landet namn til Nord-Makedonia, og det nye namnet brukast også av EBU.[2][3]

Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Nord-Makedonia kvalifisert seg til finalen 6 av 16 gongar, sist gong i 2019. Nord-Makedonias beste plassering i tevlinga kom også i 2019, då Tamara Todevska og songen «Proud» kom på sjuandeplass i finalen. Det dårlegaste resultatet kom i 2018, då Nord-Makedonia kom på nest sisteplass i sin semifinale.[4]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Fram til byrjinga av 1990-talet var Nord-Makedonia ein del av Jugoslavia som hadde delteke i Eurovision Song Contest sidan 1961. I 1991 og 1992 erklærte Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Republikken Makedonia sjølvstende frå Jugoslavia.

Slovenia, Bosnia-Hercegovina og Kroatia debuterte som sjølvstendige nasjonar i Eurovision Song Contest i 1993. Nord-Makedonia hadde planar om å deltake i 1995, men sendte fyrst inn eit bidrag til Eurovision Song Contest 1996, som vart arrangert i Oslo. Det makedonske bidraget, Kaliopi og songen «Samo ti», klarte ikkje å kvalifisere seg til finalen frå førehandskvalifiseringa til EBU det året. Fyrst i 1998, fekk Nord-Makedonia sitt debut i Eurovision Song Contest, med Vlado Janevski og songen «Ne zori, zoro».[5]

Nord-Makedonia har hatt liten suksess i tevlinga og vart slått ut i semifinalen i åra 2013-2018. Sidan innføringa av semifinalar i 2004, har Nord-Makedonia kvalifisert seg til finalen 6 av 16 gongar - dei fleste gongane med naud og neppe. Nord-Makedonia oppnådde sin fyrste topp ti-plassering på sitt 19. forsøk, då Tamara Todevska enda på sjuandeplass med songen «Proud» i 2019. Songen vann også juryavrøystinga.[6]

Namnestrid[endre | endre wikiteksten]

Fram til og med Eurovision Song Contest 2018 deltok landet under namnet F.Y.R. Macedonia eller FYROM. Begge er forkorting av Former Yugoslav Republic of Macedonia (Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia). Dette lange og kompliserte namnet hadde utgangspunkt i den makedonske namnekonflikten med Hellas, som argumenterer med at Makedonia er ein historisk og geografisk region i Hellas.[7] Den europeiske kringkastingsunionen brukte difor nemninga F.Y.R. Macedonia om landet fram til 2019.[4]

Hellas arrangerte tevlinga i 2006, skreiv dei greske tv-produsentane demonstrativt landets natt fullt ut på poengtavla og under framføringa av det makedonske bidraget. Dette fekk den makedonske delegasjonen til å reagere, og fleire kommentatorar valde bevisst å omtale landet som berre Makedonia, i protest mot den greske skrivemåten.[8] Fyrst i 2018 vart namnestriden løyst, og Makedonia skifta offisielt namn til Nord-Makedonia 12. februar 2019.[9][10]

Bidrag[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1996 Kaliopi «Samo ti» Makedonsk Ikkje kvalifisert 14 26
1998 Vlado Janevski «Ne zori, zoro» Makedonsk 16 19
2000 XXL «100% te ljubam» Makedonsk og engelsk 29 15
2002 Karolina Gotsjeva «Od nas zavisi» Makedonsk 25 19
2004 Tosje Proeski «Life» Engelsk 47 14 71 10
2005 Martin Vutsjikj «Make My Day» Engelsk 52 17 97 9
2006 Elena Risteska «Ninanajna» Makedonsk og engelsk 56 12 76 10
2007 Karolina Gotsjeva «Mojot svet» Makedonsk og engelsk 73 14 97 9
2008 Tamara, Vrtsjak og Adrian «Let Me Love You» Engelsk Ikkje kvalifisert 64 10
2009 Next Time «Nesjto sjto kje ostane» Makedonsk 45 10
2010 Gjoko Taneski, Billy Zver og Pejtsjin «Jas ja imam silata» Makedonsk 37 15
2011 Vlatko Ilievski «Rusinka» Makedonsk og engelsk 36 16
2012 Kaliopi «Tsrno i belo» Makedonsk 71 13 53 9
2013 Esma og Lozano «Pred da se razdeni» Makedonsk og romanés Ikkje kvalifisert 28 16
2014 Tijana «To the Sky» Engelsk 33 13
2015 Daniel Kajmakoski «Autumn Leaves» Engelsk 28 15
2016 Kaliopi «Dona» Makedonsk 88 11
2017 Jana Burtsjeska «Dance Alone» Engelsk 69 15
2018 Eye Cue «Lost and Found» Engelsk 24 18
2019 Tamara Todevska «Proud» Engelsk 305 7 239 2
2020 Vasil Garvanliev «You» Engelsk Avlyst

Røystehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Nord-Makedonia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Albania 117
2 Serbia 104
3 Tyrkia 79
4 Kroatia 77
5 Bosnia-Hercegovina 66

Nord-Makedonia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Kroatia 74
2 Slovenia 54
3 Albania 48
4 Serbia 46
5 Bosnia-Hercegovina 43

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Nord-Makedonia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Albania 136
2 Bulgaria 101
3 Serbia 80
4 Kroatia 75
5 Malta 55

Nord-Makedonia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Albania 135
2 Serbia 89
3 Bulgaria 84
4 Kroatia 83
5 Sveits 75

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NTB. «Tsipras på historisk besøk til Nord-Makedonia». Aftenposten (bokmål). Henta 15. april 2019. 
  2. «EBU confirms name change to North Macedonia ahead of Eurovision 2019». ESCXTRA.com (engelsk). 6. mars 2019. Henta 15. april 2019. 
  3. «North Macedonia in the Eurovision Song Contest». eurovision.tv. EBU. Henta 15. april 2019. 
  4. 4,0 4,1 «F.Y.R. Macedonia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. desember 2016. 
  5. «Eurovision Song Contest 1996». eurovision.tv. Henta 18. desember 2016. 
  6. «North Macedonia win Eurovision 2019 jury voting as EBU clarifies mistake in Belarusian voting». ESCXTRA.com (engelsk). 22. mai 2019. Henta 31. mai 2019. 
  7. «FYROM Name Issue». Det greske utenriksdepartementet. Henta 18. desember 2016. 
  8. Jostein Pedersen (20. mai 2006). «Eurovision Song Contest 2006 – finale». Norsk rikskringkasting. Henta 18. desember 2016. «De 56 kommentatorene som kommenterer denne finalen, de har godtatt henstillingen ifra Makdeonias delegasjonsledelse om å kalle landet Makedonia, og ikke det navnet dere så på skjermen, som er EBUs offislelle navn på landet.» 
  9. «Announcement of the Government of the Republic of North Macedonia for entry into force of the Final Agreement, Constitutional Amendments and Constitutional Law for Implementation of Amendments». Влада на Република Северна Македонија (makedonsk). 12. februar 2019. Henta 15. februar 2019. 
  10. Ntb (12. februar 2019). «Makedonia har offisielt skiftet navn til Nord-Makedonia». Sol (norsk). Henta 15. februar 2019. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]