Hopp til innhald

Andorra i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andorra


RTVA
Uttakingar
Nasjonalt3
Internt3
Deltaking
Debutår2004
Deltakingar6
Beste resultat
Semifinalen12 (2007)
Verste resultat
SemifinalenSist (2006)
Poeng
Semifinalane157
Totalt157

Andorra debuterte i Eurovision Song Contest i 2004 og har delteke seg gongar utan å kvalifisere seg til finalen. Andorra var nærast å kvalifisere seg til finalen i 2007, då gruppa Anonymous endte på tolvteplass i semifinalen. I forkant av Eurovision Song Contest 2010 trakk Andorra seg frå tevlinga og har ikkje delteke sidan.

Den lille fjellstaten i Pyreneane hadde i fleire år vist interesse i å deltake i Eurovision Song Contest. I 2004 innførte EBU ordninga med semifinale, og Andorra debuterte i tevlinga gjennom det andorranske almennkringkastaren Ràdio i Televisió d'Andorra (RTVA).[1]

«Fast» semifinalist

[endre | endre wikiteksten]

Andorra debuterte i Eurovision Song Contest i 2004 i Istanbul, Tyrkia. Der vart det andorranske bidraget «Jugarem a estimar-nos», av Marta Roure, nr. 18 av 22 deltakarar. Andorra fekk berre 12 poeng - samtlege frå nabolandet Spania.[2]

Dei fem neste åra klarte aldri Andorra å kvalifisere seg til finalen. I 2007 var Andorra ein av førehandsfavorittane med «Salvem el món» av gruppa Anonymous. Bidraget havna til slutt på ein tolvteplass i semifinalen, berre elleve poeng unna kvalifisering til finalen.[3]

I desember 2009 kunngjorde RTVA at Andorra ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest 2010 av økonomiske grunnar. Andorra har ikkje delteke i Eurovision Song Contest sidan.[4] Andorra har ikke deltatt i konkurransen siden.[5]

Katalansk gjer sin entré

[endre | endre wikiteksten]

Med debuten til Andorra vart det katalanske språket nytta for fyrste gong i Eurovision Song Contest. Spania har aldri framført noko av sine bidrag på anna språk enn spansk, fransk eller engelsk. I 1968 ville imidlertid den spanske artisten Joan Manuel Serrat syngje det spanske bidraget «La, la, la» på katalansk. Det ønskte derimot ikkje Francoregimet og bytta han ut med Massiel som framførte songen på spansk. «La, la, la» endte opp med å vinne Eurovision Song Contest, hårfint foran førehandsfavoritten Cliff Richard med songen «Congratulations».[6]

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
2004Marta Roure«Jugarem a estimar-nos»KatalanskIkkje kvalifisert1218
2005Marian van de Wal«La mirada interior»Katalansk2723
2006Jennifer Serrano«Sense tu»Katalansk823
2007Anonymous«Salvem el món»Katalansk og engelsk8012
2008Gisela«Casanova»Engelsk og katalansk2216
2009Susanne Georgi«La teva decisió (Get a Life)»Katalansk og engelsk815

Andorra har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
1 Spania60
2 Ukraina33
3 Frankrike26
4 Finland21
Hellas

Semifinalane

[endre | endre wikiteksten]

Andorra har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
1 Portugal48
2 Israel30
3 Finland28
4 Nederland19
5 Monaco17
Andorra har fått flest poeng frå
#LandPoeng
1 Spania54
2 Portugal10
3 Estland8
4 Nederland7
Polen
Tsjekkia

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Andorra – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016.
  2. «Eurovision Song Contest 2004 Semi-Final». Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen 22. april 2012. Henta 4. desember 2016.
  3. «Eurovision Song Contest 2007 Semi-Final». Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen 7. juni 2013. Henta 4. desember 2016.
  4. Victor, Hondal (12. desember 2009). «Definitely, no Andorra in Oslo». ESCToday. Arkivert frå originalen 14. desember 2009. Henta 12. desember 2009.
  5. Lorelai Zelmerlow (4. september 2015). «Eurovision 2016: Andorra Will Not Be Returning To Next Year's Contest». CDA News. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 4. desember 2016.
  6. «Eurovision Song Contest 1968». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016.