Hopp til innhald

Slovakia i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slovakia

OffisieltSlovakia

STV (1994-2010)
RTVS (2011-2012)
Uttakingar
Nasjonalt2
Internt5
Deltaking
Debutår1994
Deltakingar7
Beste resultat
Semifinalen13 (2011)
Finalen18 (1996)
Verste resultat
SemifinalenSist (2012)
Finalen21 (1998)
Poeng
Semifinalane102
Finalane42
Totalt144

Slovakia debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og deltok sju gongar inntil landet trakk seg frå tevlinga i 2012 på ubestemt tid. Slovakia vart nr. 18 i 1996, noko som framleis er den beste plasseringa til Slovakia i Eurovision Song Contest. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Slovakia aldri kvalifisert seg til finalen, og Slovakia har ikkje delteke i Eurovision Song Contest sidan 2012.[1]

Det var den slovakiske allmennkringkastaren RTVS, tidlegare STV, som valde dei slovakiske bidraga til Eurovision Song Contest. Slovakia melde seg på tevlinga i 1993, saman med seks andre land frå den tidlegare austblokka. For å halde deltakartallet nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen at dei sju nye landa måtte gjennom ei eiga førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringa ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Slovakia stilte med låten «Amnestia na neveru», fremført av bandet Elán. Slovakia vart nummer fire i tevlinga og fekk dimed ikkje deltake i finalen i 1993. Slovakia var berre eitt poeng unna å kvalifisere seg.[2]

I 1994 fekk Slovakia sin debut i Eurovision Song Contest, saman med ei rekkje nye deltakarland som Russland, Romania og Estland. Bidraget som fekk æra av å representere Slovakia i deira debut, var gruppa Tublatanka og songen «Nekonečná pieseň». I debuten vart Slovakia nummer 19 av 25, og den lave plasseringa gjorde at Slovakia måtte stå over tevlinga året etter. I 1996 var Slovakia tilbake og fekk sin til nå beste plassering, 18 av 23. Det var derimot ikkje nok til å kvalifisere seg til finalen i 1997.

I 1998 var Slovakia atter ein gong tilbake i Eurovision Song Contest, men Katarína Hasprová og songen «Modlitba» vart berre nummer 21 med åtte poeng – alle frå Kroatia. Dimed måtte Slovakia stå over tevlinga igjen i 1999. Den lite suksessfulle starten gjorde at STV heldt seg borte frå Eurovision Song Contest i elleve år.

I 2009 kom Slovakia tilbake igjen i Eurovision Song Contest, og for fyrste gong arrangerte STV ein nasjonal finale for å velje det slovakiske bidraget. Den nasjonale finalen vart kalla Eurosing, og finalen vart arrangert i Bratislava 8. mars. Kamil Mikulčík og Nela Pocisková vann med sangen «Leť tmou». Returen vart derimot lite suksessfull; bidraget kom nest sist i sin semifinale, og dimed kvalifiserte ikkje Slovakia seg til finalen i Eurovision Song Contest 2009.

Året etter vann Kristína Peláková Eurosong med songen «Horehronie». Trass i at songen var ein av favorittane før Eurovision Song Contest, havna Slovakia igjen på nest sisteplass i sin semifinale. I 2011 var STV omorganisert til RTVS, som sende tvillingsystrene TWiiNS til Düsseldorf. Der vart Slovakia nummer 13 av 19. Året etter gjekk det enda dårlegare; då havna Slovakia heilt sist i sin semifinale.

Nytt fråvær

[endre | endre wikiteksten]

Dei dårlege plasseringane, kombinert med den tronge økonomiske situasjonen hos den slovakiske kringkastaren, gjorde at RTVS trekte seg frå Eurovision Song Contest i 2013. Slovakia har ikkje delteke i Eurovision Song Contest. RTVS har sjølv sagt at det er trong økonomi som gjer at Slovakia ikkje deltar, ikkje resultata til Slovakia i tevlinga.[3][4]

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1993Elán«Amnestia na neveru»SlovakiskIkkje kvalifisert504
1994Tublatanka«Nekonečná pieseň»Slovakisk1519
1996Marcel Palonder«Kým nás máš»Slovakisk19183617
1998Katarína Hasprová«Modlitba»Slovakisk821
2009Kamil Mikulčík og Nela Pocisková«Leť tmou»SlovakiskIkkje kvalifisert818
2010Kristína«Horehronie»Slovakisk2416
2011TWiiNS«I'm Still Alive»Engelsk4813
2012Max Jason Mai«Don't Close Your Eyes»Engelsk2218

Røystgjeving

[endre | endre wikiteksten]

Slovakia har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Malta34
02 Estland30
03 Kroatia27
04 Sverige26
05 Irland25
Slovakia har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Malta20
02 Kroatia8
03 Hellas7
04 Israel5
05 Spania2

Semifinalane

[endre | endre wikiteksten]

Slovakia har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Bosnia-Hercegovina23
02 Sverige19
03 Estland18
04 Ukraina17
05 Malta14
Noreg
Serbia
Slovakia har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Ukraina14
02 Bosnia-Hercegovina11
03 Portugal9
04 Malta7
Moldova
Serbia

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Slovakia – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016.
  2. «ESC 1993 Semi-final (Kvalifikacija za Millstreet) - full contest - Croatian Commentary». RTVSLO/EBU via YouTube. 10. oktober 2014. Henta 4. desember 2016.
  3. Sanjay (Sergio) Jiandani (24. oktober 2016). «Slovakia: RTVS will not participate in Eurovision 2017». esctoday.com. Henta 4. desember 2016.
  4. Robyn Gallagher. «Broadcaster RTVS confirms Slovakia will not return to Eurovision 2017». Wiwibloggs.com. Henta 4. desember 2016.