Only a Pawn in Their Game

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Only a Pawn in Their Game
Song av Bob Dylan
frå albumet The Times They Are a-Changin'
Utgjeve 13. januar 1964
Innspelt 7. august 1963
Sjanger Vise, blues
Lengd 3:33
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«Only a Pawn in Their Game» er ein song skriven av Bob Dylan om drapet på borgarrettsaktivisten Medgar Evers. Songen gav støtte til afroamerikanarane i den amerikanske borgarrettsrørsla og kom ut på albumet The Times They Are a-Changin' i 1964. Songen indikerer at drapsmannen til Evers, Byron De La Beckwith, ikkje aleine har skulda for drapet, og at han berre er ei brikke for den rike, kvite eliten, som vende fattige kvite mot svarte for å distrahere dei frå stillinga si som «bremsevogna på toget» og slik skape eit meir «perfekt, kvitt amerikansk samfunn».

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Two eyes took the aim
Behind a man’s brain
But he can’t be blamed
He’s only a pawn in their game

Bob Dylan (1963)

Dylan framførte først «Only a Pawn in Their Game» på eit stemmeregistreringsmøte i Greenwood i Mississippi. Songen refererer til drapet å Medgar Evers, som var leiaren for NAACP i Mississippi. Borgarrettsaktivisten Bernice Johnson sa seinare til kritikaren Robert Shelton at «'Pawn' var den første songen som synte at fattige kvite var like mykje eit offer for diskriminering som fattige svarte. Greenwood-folket isste ikkje at Pete Seeger, Theodore Bikel og Dylan var godt kjende. (Seeger og Bikel var òg til stadet på møtet). Dei var berre glade for å få støtte. Men dei likar verkeleg Dylan der nede i bomullslandet.»

Dylan song songen i 1963 under marsjen mot Washington for arbeid og fridom den 28. august der Martin Luther King gav den kjende «I Have a Dream»-talen sin.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greenman, Ben (3. november 2018). «Dream Songs: The Music of the March on Washington». The New Yorker. Henta 3. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]