The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack
Samlealbum av Bob Dylan
Utgjeve 30. august 2005
Innspelt 1959–1966
Sjanger Rock and roll, folkrock
Lengd 2:24:31
Selskap Columbia
Produsent Steve Berkowitz, Bruce Dickinson, Jeff Rosen, and Martin Scorsese
Bob Dylan-kronologi
The Bootleg Series Vol. 6
(2004)
The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack Live at The Gaslight 1962
(2005)
Bob Dylan Bootleg Series-kronologi
The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall
(2004)
The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006
(2008)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Drowned in Sound9/10[2]
Music Box5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Static and Feedback(not rated)[4]
Pitchfork Media9.3/10[5]
Tiny Mix Tapes4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg

The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack er ei samleplate av sjeldne og tidlegare ikkje offisielt utgjevne songar av Bob Dylan. Det var den femte utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series og kom ut i 2005 i samband med fjernsynsdokumentaren til Martin Scorsese om Dylan, kalla No Direction Home. Albumet vart sett saman med hjelp av Scorsese og inneheld stort sett opptak som ikkje var gjevne ut før frå tida før Dylan slo gjennom i 1959 til den legendariske verdsturneen hans i 1966.

The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack selde forholdsvis bra og nådde 16. plassen på Billboard 200 i USA, der det selde til gullplate. Det låg 11 veker på lista. Albumet nådde 21. plassen i Storbritannia og 11. plassen i Noreg.

Førebuing av The Bootleg Series Vol. 7[endre | endre wikiteksten]

Prosjektet som etter kvart fekk tittelen No Direction Home byrja å ta form i 1995 då manageren til Dylan, Jeff Rosen, byrja å avtale intervju med vener av Dylan og tilknytte personar. Blant dei som vart intervjua var diktaren Allen Ginsberg og visesongaren Dave Van Ronk, som begge var døde før filmen var ferdig. Den gamle kjærasten til Dylan, Suze Rotolo, gav òg eit sjeldan intervju, og ho fortalte seinare til Rolling Stone at ho var særs nøgd med resultatet av prosjektet. Dylan sjølv sat ti timar i ein avslappa og open samtale med Rosen i 2000.

I følgje Rolling Stone hevda ei ukjend kjelde tett på prosjektet at Dylan sjølv ikkje var involvert i prosjektet utanom intervjuet og sa at «Dylan har ikkje noko interesse i dette … Bob ser seg verkeleg ikkje bakover.» Arbeidet på den første utgåva av sjølvbiografien til Dylan, Chronicles, Vol. 1, overlappa med produksjonen av prosjektet, men det er uklart kor mykje påverknad Chronicles hadde på No Direction Home.

Sjølv om det vart samla råmateriale for prosjektet, trengde Rosen nokon til å redigere og forme det til ein kvalitetsfilm, og filmskaparen Martin Scorsese fekk rolla med å «regissere» prosjektet og kom omboard i 2001.

I mellomtida hadde kontoret til Dylan samla hundrevis av historiske filmklipp daterte frå tida som No Direction Home dekte. Dette omfatta eit slite opptak av high shool-bandet til Dylan, prøvefilminga hans for Andy Warhol i 1965 og eit nyoppdaga opptak frå den kjende Manchester-konserten i England frå 17. mai 1966, då ein sint fan ropte ut «Judas!» før Dylan og The Hawks framførte «Like a Rolling Stone». Dette vart filma av D.A. Pennebaker på scenen. Eit opptak i fargar vart funnen i 2004 i ein haug vasskadd film frå kvelvet til Dylan.

Samstundes gjekk ein gjennom musikalske innspelingar frå arkiva til Dylan for eit tilhøyrande filmmusikkalbum. Albumet inkluderte konsertopptaka som vart nytta i filmen, som den første elektriske framføringa til Dylan, «Maggie's Farm», akkompagnert av Paul Butterfield Blues Band, på Newport Folk Festival i 1965. Produsenten Steve Berkowitz hjelpte til å skape den første fleirsporsmiksen av denne framføringa som til slutt hamna på albumet. Han sa «Det er rått, det er punkrock... det var ikkje noko som var overdubba, ingenting vart endra. Alt på albumet vart miksa og mastra for å høyrast ut slik det høyrdest ut den gongen.» Fleire av opptaka kunne ikkje miksast på nytt, inkludert ei utgåve frå 1966 av «Ballad of a Thin Man» som vart teken frå ei monoinnspeling, den einaste som nokon gong vart laga. Berkowitz sa «Det er heilt forvrengd, men eg elskar det. Snakk om vérité - det er heilt perfekt.» Trass i lovorda finst innspelinga i «falsk» stereo på samlinga.

Etter kvart som albumet vart sett saman, vart det til slutt vedteke å ta med songar som ikkje vart nytta i dokumentaren, mellom anna mange studioopptak som ikkje før var gjevne ut.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde. 

Disk 1
# TittelKommentar Lengd
1. «When I Got Troubles»  1959 - Innspelt av skulekameraten Ric Kangas 1:31
2. «Rambler, Gambler» (trad. arr. Bob Dylan)Heimeinnspeling hausten 1960 av Cleve Petterson 2:28
3. «This Land Is Your Land» (Woody Guthrie)New York City 4. November 1961 5:58
4. «Song to Woody»  Opphavleg gjeven ut i 1962 på Bob Dylan 2:42
5. «Dink's Song» (Trad. Arr. Bob Dylan)22. desember 1961 på eit hotellrom i Minneapolis 5:03
6. «I Was Young When I Left Home»  22. desember 1961 på eit hotellrom i Minneapolis 5:25
7. «Sally Gal»  The Freewheelin' Bob Dylan-innspelinga, 24. april 1962 2:38
8. «Don't Think Twice, It's All Right»  Witmark demo. New York City i mars 1963 3:36
9. «Man of Constant Sorrow » (Trad. Arr. Bob Dylan)Mars 1963 for TV-sendinga Folk Songs and More Folk Songs 3:24
10. «Blowin' in the Wind» (live)Town Hall i New York City den 12. april 1963 4:24
11. «Masters of War» (live)Town Hall i New York City den 12. april 1963 4:43
12. «A Hard Rain's A-Gonna Fall» (live)Carnegie Hall i New York City den 26. oktober 1963 8:22
13. «When the Ship Comes In» (live)Carnegie Hall i New York City den 26. oktober 1963 3:37
14. «Mr. Tambourine Man»  Another Side of Bob Dylan-innspelinga 9. juni 1964, framført med Ramblin' Jack Elliott 6:43
15. «Chimes of Freedom (live)»  The Newport Folk Festival den 26. juli 1964 8:04
16. «It's All Over Now, Baby Blue» (alternativt opptak)Bringing It All Back Home-innspelinga 16. januar 1965 3:34
Disk 2
# TittelKommentar Lengd
1. «She Belongs to Me» (alternativt opptak)Bringing It All Back Home-innspelinga den 14. januar 1965 4:10
2. «Maggie's Farm» (live)Newport Folk Festival den 25. juli 1965 5:03
3. «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry» (alternativt opptak)Highway 61 Revisited-innspelinga den 15. juni 1965 3:35
4. «Tombstone Blues» (alternativt opptak)Highway 61 Revisited-innspelinga den 29. juli 1965 3:37
5. «Just Like Tom Thumb's Blues» (alternativt opptak)Highway 61 Revisited-innspelinga den 2. august 1965 5:44
6. «Desolation Row» (alternativt opptak)Highway 61 Revisited-innspelinga den 29. juli 1965 11:45
7. «Highway 61 Revisited» (alternativt opptak)Highway 61 Revisited-innspelinga den 2. august 1965 3:40
8. «Leopard-Skin Pill-Box Hat» (alternativt opptak)Blonde on Blonde-innspelinga den 25. januar 1966 6:26
9. «Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again» (alternativt opptak)Blonde on Blonde-innspelinga den 17. februar 1966 5:45
10. «Visions of Johanna» (alternativt opptak)Innspelt med The Hawks i New York City den 30. november 1965 6:38
11. «Ballad of a Thin Man» (live)ABC Theatre i Edinburgh den 20. mai 1966 7:46
12. «Like a Rolling Stone» (live)Free Trade Hall i Manchester den 17. mai 1966; tidlegare gjeven ut på Live 1966 8:12

Tre songar vart gjevne ut for digital nedlasting kalla Exclusive Outtakes from No Direction Home'.

  1. «Baby, Please Don't Go» (tradisjonell)  – 1:56
  2. «Mr. Tambourine Man» (Live)  – 7:21
    • Newport Folk Festival i 1964
  3. «Outlaw Blues» (akustisk versjon)  – 2:15

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The SoundtrackAllmusic
  2. Bennett, Ross (9. mai 2005). «Drowned in Sound – Reviews – Albums – Bob Dylan – No Direction Home». web.archive.org. Arkivert frå originalen 29. juni 2006. Henta 17. desember 2018. 
  3. Music Box review
  4. Static and Feedback review
  5. Petrusich, Amanda (6. september 2005). «Bob Dylan: No Direction Home: The Soundtrack: The Bootleg Series Vol. 7: Pitchfork Record Review». web.archive.org. Henta 17. desember 2018.