The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue
Konsertalbum av Bob Dylan
Utgjeve 26. november 2002
Innspelt 19. til 21. november og 4. desember 1975
Sjanger Folkrock, rock and roll
Lengd 1:42:00
Selskap Columbia
Produsent Steve Berkowitz and Jeff Rosen
Bob Dylan-kronologi
Love and Theft
(2001)
The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue The Bootleg Series Vol. 6
(2004)
Bob Dylan Bootleg Series-kronologi
The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The «Royal Albert Hall» Concert
(1998)
The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall
(2004)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Music Box4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Stylus MagazineA+[3]
Tiny Mix Tapes5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]

The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue er eit konsertalbum av Bob Dylan som vart gjeve ut av Columbia Records i 2002. Det er den tredje utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series på Legacy Records, og dokumenterer den reisande karavanen av musikarar, som kalla seg Rolling Thunder Revue, leia av Dylan. Turneen fann stad før han gav ut albumet Desire i 1976. Det einaste albumet som tidlegare hadde dokumentert denne turneen var Hard Rain, som vart spelt inn under den andre og mindre godt mottekne delen av turneen.

Dette dobbeltalbumet vart godt teke imot av både kritikarar og tilhengjarar, men enkelte påpeikte at det ikkje dokumenterte eller etterlikna eit typisk komplett show frå turneen.[5] Tilhengjarar har òg uttalt at dei var irriterte over at enkelte framføringar ikkje var tekne med, som coverversjonen av Johnny Ace sin «Never Let Me Go».

Ein bonus-DVD med albumet inneheld to videoklipp frå filmen Renaldo and Clara av Dylan frå 1978, eit konsertopptak frå 21. november 1975 av «Tangled Up in Blue» og ei utgåve frå 4. desember 1975 av «Isis» (som tidlegare var gjeven ut i 1985 i lydformat på samleplata Biograph). Albumet låg ni veker på den amerikanske Billboard-lista og selde til gullplate 12. mars 2003. Albumet nådde der 56. plassen. I Storbritannia nådde det 69. plassen og i Noreg nådde det niandeplassen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde. 

Plate ein
# TittelStad og dato Lengd
1. «Tonight I'll Be Staying Here With You»  Montreal Forum, Canada, 4. desember 1975 3:55
2. «It Ain't Me Babe»  Harvard Square Theatre, Cambridge, Massachusetts, 20. november 1975 5:25
3. «A Hard Rain's a-Gonna Fall»  Montreal Forum, Canada, 4. desember 1975 5:16
4. «The Lonesome Death of Hattie Carroll»  Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 5:25
5. «Romance in Durango» (Bob Dylan, Jacques Levy)Harvard Square Theatre, Cambridge, Massachusetts, 20. november 1975 5:22
6. «Isis» (Bob Dylan, Jacques Levy)Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 5:11
7. «Mr. Tambourine Man»  Boston Music Hall, 21. november 1975, første show 5:39
8. «Simple Twist of Fate»  Harvard Square Theatre, Cambridge, Massachusetts, 20. november 1975 4:17
9. «Blowin' in the Wind»  Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 2:43
10. «Mama, You Been on My Mind»  Harvard Square Theatre, Cambridge, Massachusetts, 20. november 1975 3:11
11. «I Shall Be Released»  Boston Music Hall, 21. november 1975 (første show) 4:33
Plate to
# TittelStad og dato Lengd
1. «It's All Over Now, Baby Blue»  Montreal Forum, Canada, 4. desember 1975 4:34
2. «Love Minus Zero/No Limit»  Montreal Forum, Canada, 4. desember 1975 3:13
3. «Tangled Up in Blue»  Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 4:41
4. «The Water Is Wide» (tradisjonell)Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 5:16
5. «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry»  Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 3:12
6. «Oh, Sister» (Bob Dylan, Jacques Levy)Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 4:04
7. «Hurricane» (Bob Dylan, Jacques Levy)Memorial Auditorium, Worcester, MA, 19. november 1975 8:15
8. «One More Cup of Coffee (Valley Below)»  Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 4:14
9. «Sara»  Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 4:29
10. «Just Like a Woman»  Boston Music Hall, 21. november 1975 (andre show) 4:31
11. «Knockin' on Heaven's Door»  Harvard Square Theatre, Cambridge, Massachusetts, 20. november 1975 4:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk personell

Kjelder[endre | endre wikiteksten]