Planet Waves

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Planet Waves
Studioalbum av Bob Dylan med The Band
Språk engelsk
Utgjeve 17. januar 1974
Innspelt 2., 5-6., 8-9. og 14. november 1973
Studio Village Recorder i Los Angeles i California
Sjanger Rootsrock
Lengd 42:12
Selskap Asylum
Produsent Rob Fraboni
Bob Dylan-kronologi 
Dylan
(1973)
Planet Waves Before the Flood
(1974)
The Band-kronologi
Moondog Matinee
(1973)
Planet Waves Before the Flood
(med Bob Dylan)
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Robert ChristgauA–[2]
Entertainment WeeklyC+[3]
MusicHound3.5/5[4]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[5]

Planet Waves er det 14. studioalbumet til Bob Dylan, gjeven ut på Asylum Records (Island Records i Storbritannia) i januar 1974.

Dylan har med seg The Band på albumet, som han nettopp var i ferd med å gjennomføre ein lengre turne i lag med (som ein finn utdrag av på konsertalbumet Before the Flood.) Med ein suksessrik turné og mykje publisitet vart Planet Waves ein hit, og låg ei kort stund på toppen av den amerikanske albumlista, noko som var første gong for Dylan. I Storbritannia nådde albumet sjuandeplassen og i Noreg ein femteplass. Kritikarane var ikkje negative, som dei hadde vore med fleire av dei siste Dylan-albuma, men heller ikkje entusiastiske over den tilbakelente roots rocken på albumet.

Albumet skulle opphavleg heite Ceremonies Of The Horsemen, ein referanse til songen «Love Minus Zero/No Limit» frå Bringing It All Back Home i 1965, og albumet vart utsett i to veker då Dylan valde å endre tittelen i siste augneblink.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1973 flytta Robbie Robertson, sologitarist i The Band, til Malibu i California, ikkje langt frå heimen til Dylan. Dei kom i snakk og diskuterte om dei ikkje skulle legge ut på turne, slik dei hadde gjort på midten av 60-talet. Dylan hadde ikkje turnert sidan 1966, då The Band spelte med han som The Hawks. Sidan den gong hadde han spelt med The Band fleire gonger, mellom anna ein nyårskonsert i 1971/1972. Då Dylan spelte i lag med The Band i heimen til Robertson i september 1973 var han såpass nøgd med resultatet at dei heldt fram turneplanane.

Det er uklart om det låg kommersielle grep bak utgjevinga av Planet Waves før turneen starta. Dylan reiste til New York i oktober for å skrive nye songar for ei innspeling i november. Dylan hadde alt tre songar («Forever Young», «Nobody 'Cept You», og «Never Say Goodbye») og då han kom attende til Malibu frå New York, hadde han seks til.

2. november gjekk Dylan og The Band i studio i Village Recorder i Los Angeles i California. Dei sette i gang med dei tre songane Dylan først hadde skrive og gjorde ferdig «Never Say Goodbye». Mandagen spelte dei inn ferdige opptak av «You Angel You» og «Going, Going, Gone». Den 6. november spelte dei inn «Hazel», «Something There Is About You» og «Tough Mama» og to dagar seinare «On A Night Like This» og «Forever Young».

Den siste songen som vart spelt inn den 9. november var ein ny song kalla «Wedding Song», som Dylan hadde skrive i løpet av innspelingsdagane.

Sjølv om det var nok materiale til å fylle eit album, ønskte Dylan ein innspelingsdag til. Den 14. november kalla han The Band tilbake for å spele inn to songar. Den første var eit anna arrangement av «Forever Young» med Levon Helm på mandolin og Rick Danko på fele. Både denne nye utgåva og den førre utgåva vart med på albumet. Den andre songen var «Dirge».

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Planet Waves var det første «skikkelege» albumet til Dylan på tre og eit halvt år. Med den første planlagde turneen hans sidan 1966 på trappene var mediaomtalen enorm. Asylum Records planla å gje ut Planet Waves same dag som turneen starta, men då albumtittelen vart endra i siste augneblink av Dylan, måtte ein utsette utgjevinga med to veker.

Kritikarane var generelt positive, men noko avdempa. Omtalen var likevel sterk nok til at albumet vart plassert på 18. plass i Village Voice sin Pazz & Jop-kritikaravstemming for 1974.

Sjølv om det meste av Planet Waves vart spelt på turneen (inkludert ei akustisk soloutgåve av «Nobody 'Cept You»), vart songane frå Planet Waves gradvis fjerna frå setlista etter kvart som turneen varte. Mot slutten av turneen var det berre «Forever Young» som framleis vart spelt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«On a Night Like This»2:57
2.«Going, Going, Gone»3:27
3.«Tough Mama»4:17
4.«Hazel»2:50
5.«Something There Is About You»4:45
6.«Forever Young»4:57
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Forever Young»2:49
8.«Dirge»5:36
9.«You Angel You»2:54
10.«Never Say Goodbye»2:56
11.«Wedding Song»4:42
Total lengd:42:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Peak
1974 Billboard 200 1
Austerrike 40 4

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[7] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[8] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. «Robert Christgau: CG: Bob Dylan». www.robertchristgau.com. Henta 25. november 2018. 
  3. «Bob Dylan's discography». ew.com. 29. mars 1991. Henta 25. november 2018. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 25. november 2018. 
  6. «Bob Dylan – Planet Waves». Discogs. Henta 25. november 2018. 
  7. «British album salstrofé – Bob Dylan – Planet Waves». British Phonographic Industry.  Enter Planet Waves in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  8. «American album salstrofé – Bob Dylan – Planet Waves». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH