Triplicate
Triplicate Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 31. mars 2017 | |
Studio | Capitol Studios i Los Angeles i USA | |
Sjanger | Tradisjonell pop | |
Lengd | 95:42 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Jack Frost | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
The 1966 Live Recordings (2016) |
Triplicate | The Bootleg Series Vol. 13: Trouble No More 1979–1981 (2017)
|
Singlar frå Triplicate | ||
|
Triplicate er det 38. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records den 31. mars 2017.[1]
Som dei to førre studioalbuma til Dylan, inneheld Triplicate coverversjonar av klassiske amerikanske songar, spelte inn live med turnébandet hans og utan bruk av overdubbingar.[2] Det er det første tredoble studioalbumet til Dylan, og inneheld tretti songar fordelte på dei tre platene, som kvar har sin eigen tittel og presentert i tematisk orden med ti songar kvar.[3]
Tre songar frå albumet — «I Could Have Told You», «My One and Only Love» og «Stardust» — vart gjevne ut som digitale singlar, og berre den første av desse kom ut på fysisk CD-format. Alle tre kom med videoar av at songane vert spelte på ein platespelar.
Som med dei to førre albuma med amerikanske popstandaradar, fekk Triplicate god omtale. Det vart nominert til Grammyprisen for beste tradisjonelle popalbum med vokal.[4] Trass i positive meldingar, nådde det berre 37. plassen på Billboard 200 og 17. plassen på UK Albums Chart.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Etter Shadows in the Night i 2015 og Fallen Angels i 2016, var Triplicate det tredje albumet hans på tre år som berre bestod av «standardar» frå Great American Songbook. I følgje Dylan var dei to førte albuma «berre ein del av biletet», og han kjende det naudsynt å utforske denne musikken i større detalj.[2] Sjølv om det hadde vore plass til songane på to CD-plater, ønskte Dylan at kvar song skulle vere 32 minuttar lange, sidan han meinte at dei førre albuma hadde blitt «overlessa», noko som skulle ha ført til ein «tynn» lydkvalitet når dei vart trykte på vinylplater. Dei tre platene vart tematisk delte, der «kvar plate peikte fram mot den neste».[2]
Songane vart spelte inn i Capitol Studios i Los Angeles med turnébandet til Dylan, utan bruk av overdubbingar. I følgje Dylan vart songane framført «tett» opp til nedskrivne arrangement, og det var i praksis ikkje noko improvisasjon under innspelingane.[2]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Dei tre singlane kom ut før albumet — «I Could Have Told You» den 30. januar 2017, «My One and Only Love» den 17. februar[5] og «Stardust» den 10. mars. «I Could Have Told You» vart òg gjeven ut på ein promo CD, medan dei andre singlane berre var digitale. Alle tre vart lagt ut på YouTube der ein kan sjå songane verte spelt på ein platespelar, med knitringa frå vinylplata som ein del av lyden.
Albumet kom ut 31. mars på CD, vinyl, luksusvinyl, og digitale format.[6] Luksusvinylutgåva vart alle nummererte og kom i ein boks.[7]
Triplicate nådde 37. plassen på Billboard 200, og låg berre på lista i to veker før ho fall ut av lista.[8] Plata låg òg to veker på den britiske albumlista og nådde der 17. plassen.[9] I Noreg nådde albumet tiandeplassen.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 80/100[11] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [12] |
Drowned in Sound | 8/10[13] |
Exclaim! | 8/10[14] |
The Guardian | [15] |
The Irish Times | [16] |
Now | [17] |
Pitchfork | 6.5/10[18] |
Rolling Stone | [19] |
Slant Magazine | [20] |
The Times | [21] |
Som med dei to førre albuma hans med amerikanske standardarar, fekk Triplicate generelt god kritikk då det kom ut. På samlesida Metacritic, som gjev ein normalisert score opp til 100 basert på fleire meldingar, fekk albumet ein score på 80 basert på 21 meldingar.[11] På AnyDecentMusic?, som på liknande vis samlar mange meldingar, fekk albumet 7.6 av 10, basert på 50 meldingar.
I meldinga for The Guardian, kalla Jon Dennis Dylan «eit prisme der amerikansk musikk vert vist fram på ein ny og fascinerande måte».[15] Mikal Gilmore i Rolling Stone sa at Dylan klarte å «handtere fraseringane like effektivt som Sinatra sjølv.»[19] Jeremy Winograd frå Slant Magazine sa at Dylan hadde «pusta nytt liv i desse songane, avdekte, eller i det minste gjenoppdaga, ei kjenslemessig tyngde i dei.»[20] Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic sa at samlinga «sementerer posisjonen hans som den mest særeigne tolkaren av Great American Songbook.»[12]
Nokre kritikarar var meir lunkne til albumet. Mike Powell frå Pitchfork sa at «balladane, vakre som dei er, kjennest stundom statiske, berøva av det indre som vart opna opp av songarar som Johnny Hartman eller til dømes Willie Nelson, som med sitt eige standardalbum Stardust framleis er eit høgdepunkt for prosjekt som dette.»[18] I melding kalla «Bob Dylan burde stoppa som smørsongar og gå tilbake til å skrive songar» sa Neil McCormick i The Telegraph at «Triplicate er ei nytingssjuk handling som berre har interesse for komplettistane», og at sjølv om «du kan finne deg sjølv dregen inn i den underlege rytmen til Dylan, overgje deg til den utsøkte stemninga, eller verkeleg ønskjer å høyre desse gamle songane på nytt, så treng me ikkje fem volum av det. Nå er det verkeleg på tide å finne ut av kva alt dette fører med seg til den originale kunsten til Dylan. Han vann ikkje Nobelprisen som smørsongar.»[22]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Guess I'll Have to Change My Plans» | Arthur Schwartz, Howard Dietz | 2:27 |
2. | «September of My Years» | Jimmy Van Heusen, Sammy Cahn | 3:25 |
3. | «I Could Have Told You» | Carl Sigman, Jimmy Van Heusen | 3:37 |
4. | «Once Upon a Time» | Charles Strouse, Lee Adams | 3:37 |
5. | «Stormy Weather» | Harold Arlen, Ted Koehler | 3:05 |
6. | «This Nearly Was Mine» | Richard Rodgers, Oscar Hammerstein II | 2:48 |
7. | «That Old Feeling» | Sammy Fain, Lew Brown | 3:38 |
8. | «It Gets Lonely Early» | Van Heusen, Cahn | 3:10 |
9. | «My One and Only Love» | Guy Wood, Robert Mellin | 3:21 |
10. | «Trade Winds» | Cliff Friend, Charles Tobias | 2:40 |
Total lengd: | 31:48 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Braggin'» | Jimmy Shirl, Robert Marko, Henry Katzman | 2:44 |
2. | «As Time Goes By» | Herman Hupfeld | 3:22 |
3. | «Imagination» | Van Heusen, Johnny Burke | 2:34 |
4. | «How Deep Is the Ocean?» | Irving Berlin | 3:23 |
5. | «P.S. I Love You» | Gordon Jenkins, Johnny Mercer | 4:17 |
6. | «The Best Is Yet to Come» | Cy Coleman, Carolyn Leigh | 2:57 |
7. | «But Beautiful» | Van Heusen, Burke | 3:22 |
8. | «Here's That Rainy Day» | Van Heusen, Burke | 3:27 |
9. | «Where Is the One?» | Alec Wilder, Edwin Finckel | 3:14 |
10. | «There's a Flaw in My Flue» | Van Heusen, Burke | 2:47 |
Total lengd: | 32:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Day In, Day Out» | Rube Bloom, Mercer | 3:01 |
2. | «I Couldn't Sleep a Wink Last Night» | Harold Adamson, Jimmy McHugh | 3:15 |
3. | «Sentimental Journey» | Les Brown, Ben Homer, Bud Green | 3:11 |
4. | «Somewhere Along the Way» | Van Heusen, Sammy Gallop | 3:18 |
5. | «When the World Was Young» | Philippe-Gérard, Angèle Vannier, Mercer | 3:47 |
6. | «These Foolish Things» | Eric Maschwitz, Jack Strachey | 4:11 |
7. | «You Go to My Head» | John Frederick Coots, Haven Gillespie | 3:06 |
8. | «Stardust» | Hoagy Carmichael, Mitchell Parish | 2:30 |
9. | «It's Funny to Everyone But Me» | Jack Lawrence | 2:38 |
10. | «Why Was I Born?» | Jerome Kern, Hammerstein II | 2:50 |
Total lengd: | 31:47 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Best Is Yet to Come» | Cy Coleman, Carolyn Leigh | 2:58 |
2. | «These Foolish Things» | Eric Maschwitz, Jack Strachey | 4:11 |
3. | «It's Funny to Everyone But Me» | Jack Lawrence | 2:39 |
4. | «When the World Was Young» | Philippe-Gérar, Angèle Vannier, Mercer | 3:47 |
5. | «I Could Have Told You» | Carl Sigman, Jimmy Van Heusen | 3:40 |
6. | «Sentimental Journey» | Les Brown, Ben Homer, Bud Green | 3:12 |
7. | «That Old Feeling» | Sammy Fain, Lew Brown | 3:39 |
8. | «My One and Only Love» | Guy Wood, Robert Mellin | 3:24 |
9. | «Stardust» | Hoagy Carmichael, Mitchell Parish | 2:35 |
10. | «Once Upon a Time» | Charles Strouse, Lee Adams | 3:35 |
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (2017) | Plassering |
---|---|
Australske album (ARIA)[24] | 36 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[25] | 4 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[26] | 7 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[27] | 33 |
Kanadiske album (Billboard)[28] | 57 |
Danske album (Hitlisten)[29] | 25 |
Nederlandske album (MegaCharts)[30] | 5 |
Finske album (Suomen virallinen lista)[31] | 26 |
Franske album (SNEP)[32] | 20 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[33] | 7 |
Greske album (IFPI)[34] | 8 |
Irske album (IRMA)[35] | 5 |
Italienske album (FIMI)[36] | 9 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[37] | 27 |
Norske album (VG-lista)[38] | 10 |
Portugisiske album (AFP)[39] | 5 |
Skotske album (OCC)[40] | 7 |
Spanske album (PROMUSICAE)[41] | 7 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[42] | 3 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[43] | 10 |
Britiske album (OCC)[44] | 17 |
US Billboard 200[8] | 37 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Triplicate» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan's Triplicate». AARP. Henta 23. desember 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Flanagan, Bill (22. mars 2017). «Q&A with Bill Flanagan | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com. Henta 23. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan: Triplicate - CD | Shop the Bob Dylan Official Store». bobdylan.shop.musictoday.com. Henta 1. april 2017.
- ↑ «60th GRAMMY Awards: Full Nominees List». Grammys. Henta 23. desember 2018.
- ↑ «Listen to Bob Dylan's cover of Frank Sinatra's 'My One and Only Love' - NME». NME. 18. februar 2017. Henta 23. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan's First Three-Disc Album — Triplicate — Set For March 31 Release | The Official Bob Dylan Site». bobdylan.com. Arkivert frå originalen 1. februar 2017. Henta 23. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan: Triplicate - Deluxe Limited Vinyl | Shop the Bob Dylan Official Store». bobdylan.shop.musictoday.com. Henta 23. desember 2018.
- ↑ 8,0 8,1 "Bob Dylan Album & Song Chart History" Billboard 200 for Bob Dylan. Prometheus Global Media. Henta 23. desember 2018.
- ↑ «BOB DYLAN | full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 23. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan: Triplicate». AnyDecentMusic?. Henta 23. desember 2018.
- ↑ 11,0 11,1 «Reviews and Tracks for Triplicate by Bob Dylan – Metacritic». Metacritic. Henta 23. desember 2018.
- ↑ 12,0 12,1 «Triplicate - Bob Dylan : Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 23. desember 2018.
- ↑ Miller, Kellan. «Bob Dylan: Triplicate». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 13. juni 2018. Henta 23. desember 2018.
- ↑ Choghri, Brandon (23. desember 2018). «Bob Dylan: Triplicate». Exclaim!. Henta 23. desember 2018.
- ↑ 15,0 15,1 «Bob Dylan: Triplicate review - sensitive and exquisite 30-song extravaganza». The Guardian. Henta 23. desember 2018.
- ↑ Breen, Joe (29. mars 2018). «Bob Dylan – Triplicate: The great man pays homage to the great American songbook». The Irish Times. irishtimes.com. Henta 23. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan's Triplicate is the next piece in the perplexing puzzle that is his recent discography - NOW Magazine». Now. Henta 23. desember 2018.
- ↑ 18,0 18,1 Powell, Mike (23. desember 2018). «Bob Dylan: Triplicate Album Review». Pitchfork. Henta 23. desember 2018.
- ↑ 19,0 19,1 «Review: Bob Dylan's 'Triplicate'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 14. juni 2018. Henta 23. desember 2018.
- ↑ 20,0 20,1 Winograd, Jeremy (23. desember 2018). «Bob Dylan: Triplicate | Album Review». Slant Magazine. Henta 23. desember 2018.
- ↑ Hodgkinson, Will (23. desember 2018). «Pop: Bob Dylan: Triplicate». The Times. thetimes.co.uk. Henta 23. desember 2018.
- ↑ McCormick, Neil (30. mars 2017). «Bob Dylan should stop crooning and get back to writing songs». The Telegraph. Henta 23. desember 2018.
- ↑ «Triplicate (streaming only) - Bob Dylan». Qobuz. Henta 18. juli 2017.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan - Triplicate" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Bob Dylan. Prometheus Global Media. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan: Triplicate" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Bob Dylan – Triplicate" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 23. desember 2018.
- ↑ «Top-75 Albums Sales Chart: 2. mai 2017». IFPI Greece. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – {{{album}}}". Irishcharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "20170407 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "Bob Dylan – Triplicate". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 23. desember 2018.
- ↑ "20170407 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 23. desember 2018.