Shadows in the Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shadows in the Night
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 3. februar 2015
Innspelt 2014
Studio Capitol Studios i Los Angeles i USA
Sjanger Tradisjonell pop, vokal jazz
Lengd 35:17
Selskap Columbia
Produsent Jack Frost
Bob Dylan-kronologi
The 50th Anniversary Collection 1964
(2014)
Shadows in the Night The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966
(2015)


Singlar frå Shadows in the Night
  1. «Full Moon and Empty Arms»
    Utgjeve: 9. desember 2014
  2. «Stay with Me»
    Utgjeve: 19. januar 2015

Shadows in the Night er det 36. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records den 3. februar 2015.[1] Albumet består av coverversjonar av tradisjonelle popstandardar gjort kjend av Frank Sinatra, og utvald av Dylan.[2] Dylan snakka om intensjonen bak albumet: «Eg ser ikkje på det slik at eg covrar desse songane på nokon måte. Dei har blitt covra nok gonger. Gravlagd, faktisk. Det meg og bandet mitt gjer er å grave dei opp att. Løfte dei ut av grava og ut i dagslyset att.»[3]

Albumet fekk god kritikk av kritikarane som hylla både songutvalet og framføringa og arrangementa til Dylan og bandet hans.[4] Albumet gjekk rett inn på førsteplassen på den britiske albumlista, og gjorde Dylan til den eldste mannlege soloartisten som har klart dette i Storbritannia.

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Shadows in the Night består av ti balladar som vart spelte inn av Frank Sinatra seint i 1950- eller tidleg i 1960-åra.[5] Songane vart valde ut frå den perioden av karrieren til Sinatra då han spelte inn tematiske album og utforska kjensler som separasjon og hjartesorg. Dette var album som Where Are You? (1957), som inkluderer fire av songane på Shadows, No One Cares (1959) og All Alone (1962).[5] Dei fleste av songane er Tin Pan Alley-standardar, framført i eit langsamt til middels tempo som «ofte fråtsar i melankoli» og kommuniserer ei kjensle av einsemd.[5] Arrangementa har vokalen til Dylan i sentrum og vert akkompagnert av Donny Herron sin glidande pedalsteelgitar og bassen til Tony Garnier.[5]

Shadows in the Night vart spelt inn i 2014 i Studio B hos Capitol Studios, der Frank Sinatra ofte spelte inn albuma sine.[5] I følgje lydteknikaren på albumet, Al Schmitt, vart songane på Shadows spelte inn live der Dylan song og det fem mann store turnébanet hans framførte songane i same rommet samstundes, utan høyretelefonar.[5][6] Dylan ønskte ikkje å sjå nokre andre mikrofonar enn den han skulle syngje i, så Schmitt måtte sette opp resten av mikrofonane unna instrumenta.[6] Den akustiske bassmikrofonen var 2,5 meter frå bassen, og sett ned og bort slik at han ikkje var mogeleg å sjå. Det same vart gjort for den akustiske gitaren.[6] For den elektrisk gitaren og pedalsteelgitaren, sette Schmitt mikrofonar nær forsterkarane, som vart sett på sida.[6]

I følgje Schmitt var innspelingane stort sett frå klokka 1500 til 1800, og så etter ein to timar pause fortsette dei frå 2000 til 2230.[6] Dei arbeidde måndag til fredag og tok fri i helga.[6] Dylan førebudde kvar innspeling med å lytte til Sinatra-innspelingane i følgje Schmitt, som sa: «Han lytta til songane om att og om att fekk ein idé om kva Sinatra ønskte å oppnå med kvar song. Så gjorde han berre to eller tre opptak av kvar song, men han gjorde det til sin eigen. Det har ingenting med Sinatra å gjere. Han berre fann ut kva songen handla om og slikt. Det var ein interessant måte å arbeide på.»[6] I alt vart det spelt inn 23 songar, der ti vart valt ut til albumet.[6]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget til Shadows in the Night syner bilete og design som minnar om starten av 1960-åra. Framsida syner eit bilete av Dylan i ein tankefull positur kledd i formelle klede i skuggen bak vertikale søyler som minnar om omslaget til jazztrompetisten Freddie Hubbard, Hub-Tones, frå 1962.[5] Biletet på baksida syner Dylan og ei maskert kvinne, begge formelt kledde, som sit ved eit bord på ein nattklubb og ser på ein 7"-singel frå Sun Records.[5] Dette minnar om Black and White Ball frå 1966 eit maskeradeball der Frank Sinatra og kona Mia Farrow deltok på, begge i masker.[5]

Utgjeving og marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Shadows in the Night kom ut på Columbia Records den 3. februar 2015.[1] Like før utgjevinga annonserte ein Dylan-publisist at dei kom til å gje bort 50 000 gratis eksemplar på CD til utvalde lesarar av AARP The Magazine, eit magasin som fokuserer på saker for eldre.[7] Dylan bad òg Robert Love, redaktøren i magasinet, om eit intervju.[8] I intervjuet sa Dylan at han ønskte å lage dette albumet heilt sidan han høyrde Willie Nelson-albumet Stardust i 1970-åra.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic82/100[4]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[10]
The A.V. ClubB+[11]
Billboard4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[12]
The Guardian5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[13]
Mojo5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[14]
Paste9/10[15]
Pitchfork Media6.2/10 [16]
PopMatters8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[17]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[18]
Uncut9/10[19]

Shadows in the Night fekk god kritikk frå dei fleste kritikarane då det kom ut. På Metacritic, som gjev ein normalisert karakter opp til 100 basert på mange meldingar, har albumet ein score på 82, basert på 31 meldingar.[4] AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skreiv: «Det faktum at kjensla er så rikeleg idiosynkratisk er eit bevis på kort godt han kjenner desse melodiane, og desse sakte, svingete arrangementa er årsaka til at Shadows in the Night kjennest uventa gjenlydande: det er eit testamente til kor djupt Dylan ser seg sjølv i desse gamle songane.»[10]

Kenneth Partridge gav i Billboard albumet fire av fem stjerner og sa at Dylan «syng som ein fyr som har sett alt og funne sanninga i tidlaus poesi som høyrer til oss alle».[12]

Albumet debuterte på toppen av UK Albums Chart og selde 22 031 eksemplar der den første veka. I ein alder av 73 år, vart Bob Dylan den eldste mannlege soloartisten som gjekk til topps på den britiske lista. Denne rekorden vart derimot slått året etter av Paul Simon for Stranger to Stranger.[20] Dylan har òg rekorden for lengste periode mellom første og siste topplassering. Det var 51 år sidan han først toppa lista med The Freewheelin' Bob Dylan i 1963.

I USA debuterte albumet på sjuandeplassen på Billboard 200, og førsteplassen på Billboard's Top Rock Albums-liste, og selde 50 000 eksemplar den første veka.[21] Albumet toppa den norske VG-lista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «I'm a Fool to Want You»  Frank Sinatra, Jack Wolf, Joel Herron 4:51
2. «The Night We Called It a Day»  Matt Dennis, Tom Adair 3:24
3. «Stay with Me»  Jerome Moross, Carolyn Leigh 2:56
4. «Autumn Leaves»  Joseph Kosma, Jacques Prévert (fransk), Johnny Mercer (engelsk) 3:02
5. «Why Try to Change Me Now»  Cy Coleman, Joseph McCarthy 3:38
6. «Some Enchanted Evening»  Oscar Hammerstein II, Richard Rodgers 3:28
7. «Full Moon and Empty Arms»  Buddy Kaye, Ted Mossman, Sergei Rachmaninoff 3:26
8. «Where Are You?»  Harold Adamson, Jimmy McHugh 3:37
9. «What'll I Do»  Irving Berlin 3:21
10. «That Lucky Old Sun»  Haven Gillespie, Beasley Smith 3:39
35:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
Teknisk personell

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2015) Plassering
Australske album (ARIA)[22] 8
Austerrikske album (Ö3 Austria)[23] 3
Belgiske album (Ultratop Flandern)[24] 3
Danske album (Hitlisten)[25] 4
Nederlandske album (MegaCharts)[26] 2
Finske album (Suomen virallinen lista)[27] 8
Tyske album (Media Control)[28] 6
Irske album (IRMA)[29] 1
Italienske album (FIMI)[30] 6
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[31] 7
Norske album (VG-lista)[32] 1
Polske album (ZPAV)[33] 6
Portugisiske album (AFP)[34] 6
Spanske album (PROMUSICAE)[35] 3
Svenske album (Sverigetopplistan)[36] 1
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[37] 2
Britiske album (OCC)[38] 1
US Billboard 200[39] 7
US Folk Albums (Billboard)[40] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eakin, Marah (31. oktober 2014). «There's a New Bob Dylan Record Coming in 2015». The A.V. Club. Henta 8. februar 2015. 
  2. «Bob Dylan Releasing New Album Shadows in the Night in 2015». Bob Dylan. Arkivert frå originalen 7. februar 2015. Henta 8. februar 2015. 
  3. Greene, Andy (13. mai 2014). «Bob Dylan Releases Frank Sinatra Cover ...». Rolling Stone. Henta 8. februar 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Shadows in the Night: Bob Dylan». Metacritic. Henta 3. februar 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 5,8 Pareles, Jon (2. februar 2015). «Releases from Bob Dylan and Diana Krall». The New York Times. Henta 8. februar 2015. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Peeples, Stephen K. (3. februar 2015). «Grammy Legend Al Schmitt Previews Bob Dylan's 'Shadows in the Night'». Stephen K. Peeples. Henta 8. februar 2015. 
  7. «Bob Dylan Is Giving His New CD (Yes, CD) to 50,000 Over-50s». Wondering Sound. Arkivert frå originalen 2. februar 2015. Henta 8. februar 2015. 
  8. 8,0 8,1 Love, Robert (February 2015). «Bob Dylan Does the American Standards His Way». AARP. Henta 8. februar 2015. 
  9. «Bob Dylan: Shadows in the Night». AnyDecentMusic?. anydecentmusic.com. Henta 13. juni 2018. 
  10. 10,0 10,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Bob Dylan: Shadows in the Night». AllMusic. Henta 3. februar 2015. 
  11. Reiff, Corbin (3. februar 2015). «There's Nothing Standard About Bob Dylan's Latest». The A.V. Club. Henta 8. februar 2015. 
  12. 12,0 12,1 Partridge, Kenneth (3. februar 2015). «Bob Dylan Takes on Frank Sinatra ...». Billboard. Henta 11. februar 2015. 
  13. Petridis, Alex (29. januar 2015). «Shadows in the Night review: An Unalloyed Pleasure». The Guardian. Henta 3. februar 2015. 
  14. «Bob Dylan – Shadows In The Night - MOJO». 6. februar 2015. 
  15. Heselgrave, Douglas (3. februar 2015). «Bob Dylan: Shadows in the Night Review». Paste. Henta 4. februar 2015. 
  16. Stephen M. Deusner (3. februar 2015). «Bob Dylan: Shadows in the Night Album Review». Pitchfork. Henta 2. april 2017. 
  17. «Bob Dylan: Shadows in the Night». 
  18. Fricke, David (3. februar 2015). «Bob Dylan: Shadows in the Night». Rolling Stone. Henta 4. februar 2015. 
  19. Uncut magazine, [Mar 2015, p.65]
  20. Jones, Alan (10. juni 2016). «Official Charts Analysis: Paul Simon nets seventh No.1 album». Music Week. Henta 13. juni 2016. 
  21. White, Emily (13. februar 2015). «Bob Dylan Debuts at No. 1 on Top Rock Albums». Billboard. 
  22. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 11. februar 2015.
  23. "Bob Dylan - Shadows in the Night" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 11. februar 2015.
  24. "Bob Dylan – Shadows in the Night" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 9. februar 2015.
  25. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 14. februar 2015.
  26. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. februar 2015.
  27. "Bob Dylan: Shadows in the Night" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 13. februar 2015.
  28. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 9. februar 2015.
  29. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 9. februar 2015.
  30. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 12. februar 2015.
  31. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 14. februar 2015.
  32. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 14. februar 2015.
  33. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 13. februar 2015.
  34. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 13. februar 2015.
  35. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 13. februar 2015.
  36. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 8. februar 2015.
  37. "Bob Dylan – Shadows in the Night". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 11. februar 2015.
  38. "Bob Dylan | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. februar 2015.
  39. "Bob Dylan Album & Song Chart History" Billboard 200 for Bob Dylan. Prometheus Global Media. Henta 13. februar 2015.
  40. "Bob Dylan Album & Song Chart History" Billboard Folk Albums for Bob Dylan. Prometheus Global Media. Henta 13. februar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]