Another Side of Bob Dylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Another Side of Bob Dylan
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 8. august 1964
Innspelt 9. juni 1964
Studio Columbia Studio A i 799 Seventh Avenue i New York City
Sjanger Viser
Lengd 50:37
Selskap Columbia
Produsent Tom Wilson
Bob Dylan-kronologi 
The Times They Are a-Changin'
(1964)
Another Side of Bob Dylan Bringing It All Back Home
(1965)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
AnalogPlanet10/11 stars[2]
Entertainment WeeklyB+[3]
MusicHound4/5 stars[4]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 stars[5]

Another Side of Bob Dylan er det fjerde studioalbumet til Bob Dylan og kom ut i august 1964 på Columbia Records.

Som tittelen «ei anna side» syner til, markerte albumet eit skifte bort frå den meir openlyse tema-orienterte folkemusikken som hadde dominert det førre albumet hans, The Times They Are A-Changin'. Dette brotet med dei tradisjonelle røtene førte til skarp kritikk frå innflytelsesrike folk i visemiljøet. Redaktør i Sing Out!, Irwin Silber, er kjend for å ha klaga over at Dylan «hadde mista kontakten med folk» og hadde vikla seg inn i kjendisverda.

Trass i store tematiske endringar, framførte Dylan framleis songane sine solo med akustisk gitar og munnspel, og til og med piano på ein song. Another Side of Bob Dylan nådde 43. plass i USA (og selde etter kvart til gullplate), 8. plass i Storbritannia i 1965 og på VG-lista 26. plass.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Gjennom 1963 arbeidde Dylan på ein roman og eit skodespel. Fleire forleggarar var interesserte i kontrakt med Dylan og på eit tidspunkt vart City Lights sterkt vurdert. Men Dylan arbeidde på boka si i sitt eige tempo og manageren hans Albert Grossman valde å gjere ein avtale med eit stort forlag.

Det tok fleire år før Dylan gjorde ferdig boka si, men dikteksperimenta som kom frå det påverka låtskrivinga hans. Det mest kjende dømet kom i ei seks linjer lang avslutting på eit dikt som omhandla mordet på president John F. Kennedy (som fann stad 22. november 1963):

the colors of Friday were dull / as cathedral bells were gently burnin / strikin for the gentle / strikin for the kind / strikin for the crippled ones / an strikin for the blind

Refrenget dukka seinare opp i songen «Chimes of Freedom», og som biografen Clinton Heylin skriv: «Med dette triste refrenget går Dylan frå å vere ein høvestrubadur til å verte ei vandrande diktar».[6]

I februar 1964 la Dylan ut på ei tjue dagar lang reise over USA. Han reiste i ein stasjonsvogn med eit par vener frå New York til California. Dylan fortalte seinare: «Vi snakka med folk i barar, gruvearbeidarar. Snakka med folk - det er der det skjer, mann».[7]

I følgje Heylin var hovudmålet med reisa å finne nok inspirasjon til å fjerne seg bort frå visesongformatet. Dylan var stort sett bak i stasjonsvogna og arbeidde på songar og skreiv kanskje dikt på ein skrivemaskin. Det var på denne risa Dylan skreiv «Chimes of Freedom», som han spelte på ein konsert i Denver den 15. februar. «Mr. Tambourine Man» vart òg skriven på denne reisa.

Det var òg på denne reisa at The Beatles kom til Amerika første gong. Dylan hadde følgd The Beatles sidan 1963 og det finst forskjellige forteljingar om kva Dylan følte mot Beatles. I eit intervju i 1971 fortalte Dylan at han var imponert av musikken deira. «Vi køyrte gjennom Colorado og hadde radioen på og åtte av songane på Topp 10 var Beatles-songar...'I Wanna Hold Your Hand,' alle dei tidlege songane. Dei gjorde ting som ingen andre gjorde. Akkordane deira var vanvittige, heilt vanvittige og harmoniane deira gjorde det heile sterkt...Eg visste at dei staka ut retninga som musikken måtte gå i.»

Då Dylan kom tilbake til New York i mars, lånte han seg ein elektrisk gitar. I januar var The Beatles i Frankrike og her kom George Harrison tilbake til hotellet med eit album kalla En Roue Libre, betre kjend som The Freewheelin' Bob Dylan. I følgje Harrison, «me berre spelte det til plata vart sliten».

Medan The Beatles starta å påverka Dylan og omvendt, skjedde det store endringar i livet til Dylan. Dylan heldt fram forholdet til visesongaren Joan Baez. Kjærasten til Dylan, Suze Rotolo, hadde fått nok av forholdet deira, og då Dylan kom tilbake til New York hadde dei ein krangel. Systera hennar, Carla, blanda seg inn, og det heile enda med at Carla Rotolo og Dylan byrja å slåst. Dylan vart tvungen ut og forholdet til Suze var definitivt over.[8]

Dylan reiste så til Europa og heldt nokre konsertar i England før han reiste til Paris, der han vart introdusert for den tyske modellen, Christa Paffgen, som hadde kunstnarnamnet Nico. Nico reiste vidare med Dylan i Europa og dei enda opp i Vernilya, ein liten landsby utanfor Aten i Hellas. Her skreiv Dylan ferdig mange av songane som skulle kome på det neste albumet. Ni av desse vart spelt inn då han kom attende til New York: «All I Really Want to Do», «Spanish Harlem Incident», «To Ramona», «I Shall Be Free No. 10», «Ballad in Plain D», «It Ain't Me, Babe», «Mama You Been On My Mind», «Denise Denise» og «Black Crow Blues». Dylan skreiv òg songen «I'll Keep It With Mine», som han gav til Nico. Ho spelte til slutt inn denne songen på albumet hennar Chelsa Girl i 1967.

Etter kvart som Dylan no vart meir kjend, ønskte Columbia at Dylan skulle gje ut meir musikk og sette av tid til han i studio med Tom Wilson som produsent.

Den første (og einaste) innspelinga vart halden 9. juni i Columbia sitt Studio A i New York. Dylan spelte inn fjorten originale songar på ein kveld, og elleve av dei vart valde ut for albumet. Dei tre songane som ikkje kom med var «Denise Denise», «Mr. Tambourine Man» og «Mama You Been On My Mind».[9]

Ramblin' Jack Elliott vart til stades under innspelinga og Dylan bad han bli med på «Mr. Tambourine Man». Elliot fortel: «Han inviterte meg med på songen, men eg kunne ikkje teksten bortsett frå på refrenget, så eg song berre harmoni på refrenget.» Det vart berre spelt eit opptak av songen, og Dylan rota litt på delar av teksten.[9] Sjølv om innspelinga ikkje kom med på dette albumet, kom Dylan tilbake til songen på det neste albumet.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Another Side of Bob Dylan var klar for utgjeving spelte Dylan dei nye songane sine på Newport Folk Festival i juli 1964. Dette var første gong Dylan møtte countrylegenda Johnny Cash. Dylan var alt ein tilhengjar av Cash og motsett. Sjølv om publikumet i Newport såg ut til å like dei nye songane, gjorde ikkje visemiljøet det same. Irwin Silber frå Sing Out og David Horowitz kritiserte den nye retninga til Dylan og skulda han for å ha bukke under for presset kjendisstatusen medførte.

Albumet vart eit kommersielt steg tilbake og det nådde ikkje Topp 40, noko som indikerte at platekjøparane òg hadde noko problem med albumet.

Fleire år seinare såg kritikarar på albumet som eit overgangsalbum, ei bru mellom visene frå dei første platene til rockealbuma som skulle kome dei neste åra.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«All I Really Want to Do»4:04
2.«Black Crow Blues»3:14
3.«Spanish Harlem Incident»2:24
4.«Chimes of Freedom»7:10
5.«I Shall Be Free No. 10»4:47
6.«To Ramona»3:52
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Motorpsycho Nitemare»4:33
8.«My Back Pages»4:22
9.«I Don't Believe You (She Acts Like We Never Have Met)»4:22
10.«Ballad in Plain D»8:16
11.«It Ain't Me Babe»3:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1964 US Billboard 200 43[10]
1965 UK Top 75[11] 8
2007 VG-lista[12] 26

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[13] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[14] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Another Side of Bob Dylan». AllMusic. Henta 4. november 2018. 
  2. ««Another Side of Bob Dylan» Sounding Better Than Ever». analogplanet.com. Henta 4. november 2018. 
  3. Flanagan, Bill (29. mars 1991). «Dylan Catalog Revisited». EW.com. Henta 4. november 2018. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 4. november 2018. 
  6. Heylin, Clinton (2003). Bob Dylan: Behind the Shades Revisted, s. 143. Harper Collins. ISBN 0-06-052569-X.
  7. Heylin (2003), s. 146.
  8. Howard Sounes Down the Highway: The Life Of Bob Dylan. Doubleday. 2001. s. 180 ISBN 0-552-99929-6
  9. 9,0 9,1 Heylin, Clinton (1997). Bob Dylan: The Recording Sessions, 1960-1994, s. 29-32. Macmillan. ISBN 0-312-15067-9.
  10. «Bob Dylan - Chart history». www.billboard.com (på engelsk). Henta 4. november 2018. 
  11. «Official UK Charts». officialcharts. Henta 4. november 2018. 
  12. «Norwegian Charts». Henta 4. november 2018. 
  13. «British album salstrofé – Bob Dylan – Another Side of Bob Dylan». British Phonographic Industry.  Enter Another Side of Bob Dylan in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  14. «American album salstrofé – Bob Dylan – Another Side of Bob Dylan». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH