Under the Red Sky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Under the Red Sky
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 10. september 1990
Innspelt Våren 1990
Sjanger Rock
Lengd 35:21
Selskap Columbia
Produsent Don Was, David Was, Jack Frost (Bob Dylan)
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Oh Mercy
(1989)
Under the Red Sky The Bootleg Series
(1991)


Under the Red Sky er det 27. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records i september 1990.

Albumet vart teken imot som ein rar og skuffande oppfølgjar til det kritikarroste Oh Mercy frå 1989. Det meste av kritikken var retta mot det glatte lydbiletet til popprodusenten Don Was, samt eit par av songar som virka å vere basert på barneregler. Fleire kjende musikarar speler på albumet, mellom andre Slash, Elton John, George Harrison, David Crosby, Stevie Ray Vaughan og Bruce Hornsby.

Albumet er tileigna «Gabby Goo Goo», som Dylan seinare forklarte var kallenamnet på den då fire år gamle dottera hans. Ein trur derfor at dei meir barneliknande songane på albumet var laga for henne, noko Dylan verken har stadfesta eller nekta på.

Albumet selde ikkje spesielt bra og nådde 38. plass i USA og 13. plass i Storbritannia. I Noreg nådde albumet 4. plass. Albumet var det siste studioalbumet før Time Out of Mind i 1997.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

# Tittel Lengd
1. «Wiggle Wiggle»   02:09
2. «Under the Red Sky»   04:09
3. «Unbelievable»   04:06
4. «Born in Time»   03:39
5. «T.V. Talkin' Song»   03:02
6. «10,000 Men»   04:21
7. «2 X 2»   03:36
8. «God Knows»   03:02
9. «Handy Dandy»   04:03
10. «Cat's in the Well»   03:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]