The Bootleg Series Vol. 9: The Witmark Demos: 1962–1964

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Bootleg Series Vol. 9:
The Witmark Demos: 1962–1964

Samlealbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 19. oktober 2010
Innspelt 1962–1964
Sjanger Folk
Lengd 2:18:28
Selskap Columbia
Produsent Stan Berkowitz og Jeff Rosen
Bob Dylan-kronologi 
Christmas in the Heart
(2009)
The Bootleg Series Vol. 9:
The Witmark Demos: 1962–1964
The Original Mono Recordings
(2010)
Bob Dylan Bootleg Series-kronologi
The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006
(2008)
The Bootleg Series Vol. 9:
The Witmark Demos: 1962–1964
The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971)
(2013)


The Bootleg Series Vol. 9: The Witmark Demos: 1962–1964 er eit album med demoinnspelingar som Bob Dylan laga for dei to første forlagsføretaka sine, Leeds Music og M. Witmark & Sons, frå 1962 til 1964. Det er den sjuande utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series, og kom ut 19. oktober 2010 på Legacy Records.[1]

Det inneheld 47 spor der Dylan akkompagnerer seg sjølv på akustisk gitar, munnspel og stundom piano. Innspelingane var berre å finne på piratkopiplater fram til 1991. Tre av desse innspelingane kom då ut på den første utgjevinga i Bootleg-serien. Ein fjerde, ein demo av «Don't Think Twice, It's All Right» kom ut på The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack. Dylan spelte inn versjonar av dei fleste av songane her på nytt, men albumet inneheld 15 songar som berre var demoar og som aldri var offisielt utgjevne før.[2][3]

The Witmark Demos kom ut i to format: ei vanleg dobbel CD-utgåve og ei vinylutgåve på fire plater. Begge utgåvene kom med eit hefte som der historikaren Colin Escott fortel om kor viktig albumet er, i tillegg til bilete av Dylan frå tida då demoane vart spelte inn. Albumet nådde 12. plassen på Billboard 200-lista den første veka og vart det 20. Dylan-albumet som debuterte på topp 20.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Leeds Music-demoar[endre | endre wikiteksten]

Dylan spelte inn debutplata si, Bob Dylan, for Columbia Records i november 1961, då han var 20 år gammal.[5] Albumet inneheld to originale songar, «Song to Woody» og «Talkin' New York», dei første songane han hadde skrive etter han kom til Greenwich Village i New York City i januar 1961.[6][7] I tillegg hadde Dylan spelt inn ein annan original song under Columbia-innspelinga, som ikkje kom med på albumet «Man on the Street».[8][9]

Basert på songane Dylan skreiv, arrangerte produsenten hans i Columbia, John Hammond, eit møte mellom den unge artisten og Lou Levy i Leeds Music Publishing.[10][11] Dylan fekk tilbodet om eit forskot på tusen dollar og signerte ein kontrakt med eit underselskap av Leeds, Duchess Music, den 5. januar 1962.[12][13] I tillegg til å gå med på å publisere Dylan sine songar og betale honorar på sal til andre artistar, føreslo Levy høve til å produsere ei songbok når dei hadde nok songar, eit forslag som Dylan syntest var spanande.[14] Dylan vendte attende til Leeds veka etter og spelte inn fem songar i ei demoinnspeling: «Poor Boy Blues», «Ballad for a Friend», «Rambling, Gambling Willie», «Talking Bear Mountain Picnic Massacre Blues» og «Standing on the Highway».[15][16] Til dette la han til to songar frå Columbia-innspelinga som ikkje vart nytta på albumet hans.[17] Etter å ha signert avtalen med Leeds, sette Dylan i gang å skrive songar med ny vigør. Som han sa seinare «Eg skreiv overalt kvar eg var. Stundom sat eg ein heil dag på eit hjørnebord på ein kafé, og berre skreiv det som kom inn i hovudet på meg.»[11][18]

M. Witmark & Sons-demoar[endre | endre wikiteksten]

Våren 1962 byrja visesongmanageren Albert Grossman å syne interesse i Dylan. Han var ein av organisatorane av den første Newport Folk Festival i 1959 og var manager for fleire visesongarar. Grossman hadde nyleg lansert ei ny gruppe på tre musikarar han hadde handplukka, Peter, Paul & Mary.[19][20] Grossman hadde observert Dylan frå sidelinja i nesten eitt år og spelt ei viss rolle i somme av hendingane som førte til at Dylan fekk kontrakt med Columbia.[21][22][23] Medan Grossman forhandla om Peter, Paul & Mary sin kontrakt med Warner Bros. Records, fekk han i stand ein unik avtale med Music Publishers' Holding Company, eit Warner-eigd føretak som var den leiande musikkforleggjaren i industrien. Avtalen, som kom i stand på våren, gav Grosmman halvparten av honorara til MPHC for alle artistane han klarte å signerte til ein forlagskontrakt. Dylan vart det første prospektet.[24][25][26]

Grossman føreslo at Dylan skulle signere med den prestisjefylte forleggjaren M. Witmark & Sons, ein av åtte underavdelingar under MPHC.[27] Etter å ha spelt nokre songar for Witmark-direktøren Artie Mogull, nemnde Dylan ein komplikasjon: han var alt under kontrakt med Leeds/Duchess.[28] Dylan hadde fått tusen dollar tidleg i juli 1962 og møtte Leeds for å kjøpe seg ut av kontrakten. Sidan visesongaren ikkje enno hadde produsert noko sal, aksepterte Leeds pengane og løyste Dylan frå avtalen.[27][29] Dylan signerte ein ny kontrakt med Witmark den 12. juli og spelte etter kort tid inn ein demo av det som kom til å bli det store gjennombrotet hans, «Blowin' in the Wind».[27] Det gjekk fire månader før Dylan vendte attende for å spele inn ein ny song, «Ye Playboys and Playgirls», men månaden etter, i desember, møtte han opp med sju nye songar, inkludert tre som kom til å bli klassikarar: «A Hard Rain's a-Gonna Fall», «Ballad of Hollis Brown» og «Tomorrow Is a Long Time».[30]

I alt vitja Dylan Witmark kring 10-12 gonger og registrerte dei siste demoane sine i midten av 1964. Han spelte inn i alt 39 songar for Witmark, som alle er med på The Bootleg Series Vol. 9: The Witmark Demos, i lag med dei åtte innspelingane som opphavleg var registrert hos Leeds.[31][32][33] I tillegg til tidlege versjonar av mange av dei klassiske songane hans, og raritetar som var gjevne ut på andre utgåver av The Bootleg Series, inneheld samlinga 15 songar, nok til eit heilt album, med songar som aldri var blitt offisielt gjevne ut før.[2][34]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Innspelingane for Leed og Witmark var aldri meint for ei utgjeving, men vart laga for å selje Dylan-songar til andre artistar.[35][36] Demoinnspelingane fann stad i eit lite 2 x 2.5 meter stort studio i lokala til Witmark i Look Building på 51st Street og Madison Avenue, der ein lydteknikar tok opp framføringa på eit lydband. For å spare band vart demoane spelte inn med 7,5 tommar per sekund, halve farten til eit profesjonelt studio. Ein avskrivar hos Witmark transkriberte så teksten og musikken frå lydbandet, og det vart trykt noteark som vart sende til plateselskap. Når ein artist på eit selskap viste interesse i ein song, trykte Witmark ei acetatplate, ei innspeling på ein billig plastikk, som vart send til artisten. Om det var akseptabelt, så vart songen spelt inn.[29][37]

Honorar[endre | endre wikiteksten]

Royalty frå sal av songane vart betalte til Witmark, som gav Dylan to cent per plate og delte sin eigne to cent med Grossman. I tillegg fekk Grossman 25% av utbetalingane til Dylan etter kontrakten dei i mellom, som vart signert 20. august 1962, seks veker etter Witmark-avtalen.[27][29][38] Dylan og Grossman sette sidan opp sitt eige forlag, Dwarf Music, i ein kontrakt signert i midten av 1965, men gjort gjeldande attende til januar det året.[39] Seint i 1965, meir enn eit år etter den siste av Witmark-demoane, rapporterte Music Publishers' Holding Company i Billboard at minst 237 innspelingar var blitt gjort av Dylansongane dei hadde rettane til.[40]

Dato for innspelingane[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om innspelingsdatoane for Leeds- og Witmark-demoane tidlegare var blitt publisert, var dei ikkje nemnde i plateomslaget til dette albumet. På plate 1 var spor 1-8 demoar spelte inn ved Leeds Music den 2. februar 1962. Spor 9, ein demo av «Blowin' in the Wind» og den første songen spelt inn for Witmark er frå juli 1962. Spor 10 vart spelt inn 1. november 1962, etterfølgd av 11–17, som vart spelte inn i desember 1962. Spor 18–22 vart registrerte vinteren 1963, truleg i februar. Spor 23-25 av plate 1 og spor 1-2 av plate 2 vart spelte inn i mars 1963. Spor 3-6 er frå 7. til 9. april 1963 til mai 1963 og 10-15 vart alle spelte inn i august 1963. Spor 16, «The Times They Are a-Changin'», vart spelt inn i oktober 1963 og spor 17 er frå desember 1963. Spor 18–19 var dei siste demoane som vart spelte inn i Witmark studio, i januar 1964. Spor 20–22 vart registrerte for Witmark i juni 1964, men var blitt spelt inn andre stader.[41]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[42]
The Guardian4/5 stars[43]
Mojo4/5 stars[44]
Pitchfork Media9.1/10[45]

Witmark Demos fekk positiv respons frå kritikarane. Samlinga har ein score på 86% på Metacritic basert på meldingane til åtte kritikarar.[46] AllMusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine sa om songane på Witmark Demos: «dei har aldri blitt presentert så komplett og med så god lyd som på denne samlinga.»[47]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde.

Plate 1
Nr.TittelLengd
1.«Man on the Street» (fragment)1:07
2.«Hard Times in New York Town»1:57
3.«Poor Boy Blues»3:01
4.«Ballad for a Friend»2:23
5.«Rambling, Gambling Willie»3:38
6.«Talking Bear Mountain Picnic Massacre Blues»3:42
7.«Standing on the Highway»2:32
8.«Man on the Street»1:30
9.«Blowin' in the Wind»2:38
10.«Long Ago, Far Away»2:29
11.«A Hard Rain's a-Gonna Fall»6:49
12.«Tomorrow Is a Long Time»3:46
13.«The Death of Emmett Till»4:32
14.«Let Me Die in My Footsteps»1:37
15.«Ballad of Hollis Brown»4:08
16.«Quit Your Low Down Ways»2:50
17.«Baby, I'm in the Mood for You»1:36
18.«Bound to Lose, Bound to Win»1:19
19.«All Over You»3:52
20.«I'd Hate to Be You on That Dreadful Day»2:00
21.«Long Time Gone»3:46
22.«Talkin' John Birch Paranoid Blues»3:17
23.«Masters of War»4:23
24.«Oxford Town»2:33
25.«Farewell»3:58
Plate 2
Nr.TittelLengd
1.«Don't Think Twice, It's All Right» (tidlegare gjeven ut på The Bootleg Series Volume VII)3:38
2.«Walkin' Down the Line» (tidlegare gjeven ut på The Bootleg Series Volume I)3:23
3.«I Shall Be Free»4:30
4.«Bob Dylan's Blues»1:58
5.«Bob Dylan's Dream»3:53
6.«Boots of Spanish Leather»5:49
7.«Girl from the North Country»3:09
8.«Seven Curses»3:13
9.«Hero Blues»1:36
10.«Whatcha Gonna Do?»3:36
11.«Gypsy Lou»3:45
12.«Ain't Gonna Grieve»1:28
13.«John Brown»4:19
14.«Only a Hobo»2:25
15.«When the Ship Comes In» (tidlegare gjeven ut på The Bootleg Series Volume I)2:56
16.«The Times They Are a-Changin'» (tidlegare gjeven ut på The Bootleg Series Volume I)3:03
17.«Paths of Victory»4:11
18.«Guess I'm Doing Fine»4:08
19.«Baby, Let Me Follow You Down» (Eric Von Schmidt, Reverend Gary Davis, Dave Van Ronk)1:56
20.«Mama, You Been on My Mind»2:14
21.«Mr. Tambourine Man»5:55
22.«I'll Keep It with Mine»3:34

Avgrensa bonusplate: In Concert – Brandeis University 1963[endre | endre wikiteksten]

In Concert – Brandeis University 1963-plata vart gjeven ut som ein avgrensa bonus for dei som kjøpte Bootleg Series Vol. 9 eller Original Mono Recordings i somme butikkar.

Salsliste[endre | endre wikiteksten]

Liste (2010) Plassering
Billboard 200 [4] 12
Den australske albumlista[48] 36
Den europeiske albumlista[49] 13
Den tyske albumlista[50] 24
UK Albums Chart[51] 18

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Bootleg Series Volume 9—The Witmark Demos: 1962-1964». Bob Dylan.com. Arkivert frå originalen 18. oktober 2010. Henta 19. desember 2018. 
  2. 2,0 2,1 Corbett, Ben (22. oktober 2010). «Album Reviews: Bob Dylan, Bootleg Series Vol. 9, The Witmark Demos 1962-1964 and The Complete Mono Recordings». Crawdaddy. Arkivert frå originalen 25. desember 2010. Henta 19. desember 2018. 
  3. Love, Joshua (5. november 2010). «The Bootleg Series, Vol. 9: The Witmark Demos: 1962-1964». Pitchfork. Henta 19. desember 2018. 
  4. 4,0 4,1 Billboard 200, 24. oktober 2010 Arkivert 2010-02-28 ved Wayback Machine.
  5. Dylan was born 24. mai 1941 (Gray 2006, s. 192).
  6. Sounes 2001, s. 80, 94
  7. Gray 2006, s. 70
  8. Bauldie 1991
  9. Bjorner 2010
  10. Dylan, Chronicles: Volume One, pp. 288-291
  11. 11,0 11,1 Sounes 2001, s. 109–110
  12. Heylin 2003, s. 94–95
  13. Escott 2010, s. 19
  14. Sounes 2001, s. 110
  15. Heylin 2003, s. 88–89
  16. Escott 2010, s. 20
  17. Olof, «The Yearly Chronicles», 1961
  18. Heylin 2003, s. 89–92
  19. Sounes 2001, s. 117
  20. Gray 2006, s. 283–284
  21. Scaduto 1973, s. 126–127
  22. Sounes 2001, s. 102–107
  23. Hajdu 2001, s. 95–96, 102
  24. Heylin 2003, s. 94
  25. Sounes 2001, s. 117–119
  26. Gross, Mike (20. mars 1965). MPHC Grossing $1 Million Year in Its Folk Operation. Billboard. Henta 19. desember 2018. 
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 Sounes 2001, s. 118–119
  28. Escott 2010, s. 32–35
  29. 29,0 29,1 29,2 Heylin 2003, s. 95
  30. Heylin 1997, s. 19
  31. Bjorner, Still on the Road, Witmark Demos, 1961-1964
  32. Heylin 1997, s. 19–29
  33. Escott 2010, s. 55
  34. Goodman, Dean (25. august 2010). «Early Bob Dylan demos released in new 'Bootleg' set». Reuters. Henta 19. desember 2018. 
  35. Fleming, Colin (October 2010). «How Bob Dylan Sounded Before He Was a Star». The Atlantic . Henta 19. desember 2018. 
  36. Escott 2010, s. 53
  37. Escott 2010, s. 40–43
  38. Gray 2006, s. 284
  39. Sounes 2001, s. 209–210
  40. Dylan in Pub Field; Artie Mogull Mgr. Billboard. 20. november 1965. s. 12. Henta 19. desember 2018. 
  41. Bjorner, Still on the Road, 1962-64
  42. AllMusic review
  43. Maddy Costa (14. oktober 2010). «The Guardian review». London: Guardian. Henta 19. desember 2018. 
  44. Cameron, Keith (November 2010). «Forever young: Bob Dylan The Bootleg Series No. 9 – The Witmark Demos: 1962–1964». Mojo. s. 122. 
  45. «Pitchfork Media review». Pitchfork.com. 5. november 2010. Henta 19. desember 2018. 
  46. «The Bootleg Series, Vol. 9: The Witmark Demos: 1962-1964». Metacritic. Henta 19. desember 2018. 
  47. Erlewine, Stephen Thomas. «The Bootleg Series, Vol. 9: The Witmark Demos: 1962-1964». allmusic.com. Henta 19. desember 2018. 
  48. Australian Album Charts, 14-November-2010
  49. http://www.billboard.com/#/charts/european-albums?begin=11&order=position
  50. «Music Albums, Top 200 Albums & Music Album Charts». Billboard.com. Henta 17. januar 2012. 
  51. Official UK Top 40 Albums Chart, 24. oktober 2010 Arkivert 2012-04-03 ved Wayback Machine.