Privateering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Privateering
Studioalbum av Mark Knopfler
Utgjeve 3. september 2012
Innspelt British Grove Studios, 4. mars – 7. desember 2011
Sjanger Bluesrock, rootsrock, keltisk rock, folkrock
Lengd 118:45[1]
Selskap Mercury
Produsent Mark Knopfler
Mark Knopfler-kronologi
Get Lucky
(2009)
Privateering


Privateering er det sjuande soloalbumet til den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut 3. september 2012 av Mercury Records.[2] Det var det første doble studioalbumet til Knopfler i den 35 år lange karrieren som plateartist. Privateering inneheld tjue originale songar, og blandar sirlege bluesrock-songar med tradisjonell folk og country.[1] Det vart spelt inn mellom mars og desember 2011,[3] og albumet fekk generelt positive kritikkar i Europa,[4] og nådde toppen av salslistene i Austerrike, Tyskland, Noreg og Nederland, i tillegg til andre- eller tredjeplassen i Belgia, Italia, New Zealand, Poland, Spania, Sverige og Sveits. Albumet nådde åttandeplassen i Storbritannia.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I januar 2011 produserte Knopfler albumet The Sailor's Revenge for Bap Kennedy i British Grove Studios i London. Knopfler bygde det prisvinnande studioet i 2005 og spelte inn Kill to Get Crimson (2007) og Get Lucky (2009) der. I mars 2011 byrja Knopfler og Guy Fletcher å spele inn det neste soloalbumet til Knopfler i British Grove.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Privateering vart spelt inn i Studio 2 i British Grove Studios i London mellom 4. mars og 7. desember 2011, med meir korvokal, trommer og strykarar lagt til i februar 2012.[3] Den 4. mars 2011 byrja Knopfler og Guy Fletcher førproduksjonen av det nye albumet. Dei neste tre månadane, medan Knopfler spelte gjennom nye songar, diskuterte dei to mogelege arrangement og dei beste instrumenta til å akkompagnere kvar song. Knopfler testa mange gitarar frå samlinga si for å finne den rette lyden til kvar song.[3]

Seint i mai 2011 fekk Knopfler og Fletcher med seg Glenn Worf (bass), Richard Bennett (gitarar, bouzouki og tiple) og Jim Cox (piano, organ) i studio, i tillegg til Ian Thomas (trommer) som hadde spelt på Bap Kennedy-innspelinga tidlegare på året. Tidleg i juni fekk dei òg med seg folkemusikaren John McCusker (fele, cittern), Michael McGoldrick (fløyter, sekkepipe) og Phil Cunningham (trekkspel), medan Paul Franklin (pedalsteelgitar) kom seinare på månaden.[3]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Privateering vart gjeven ut 3. september 2012 i Storbritannia og Canada i fleire format. Det finst fleire versjonar:[2]

  • Standardutgåva inneheld 20 spor, og er pakka som ein dobbel-CD, eller som ein dobbel-LP eller som digital nedlasting.
  • Luksusutgåva inneheld 25 spor. I tillegg til standardutgåva kom denne med ei bonus-CD med fem spor frå ei konsertøving hausten 2011. Denne var òg mogeleg å laste ned digitalt.
  • Super-luksusutgåve i form av ein boks med 23 studiosongar. Denne inneheldt standardutgåva på CD og LP, i tillegg til ein eksklusiv CD med tre spor, og eit kort med ein eksklusiv kode for å laste ned ein heil konsert. Boksen kom òg med ein dokumentar-DVD, A Life in Songs, og eit nummerert ark. Boksen hadde ikkje med bonus-CDen med fem konsertopptak, som luksusutgåva hadde.

Privateering vart først ikkje gjeve ut i USA på grunn av ein kontraktkrangel mellom Knopfler og det langvarige selskapet hans i USA, Warner Bros. Records.[6] Den 9. juli 2013 annonserte Knopfler at han hadde fått ny distribusjonsavtale med Universal Music Group og Privateering kom omsider ut i Nord-Amerika på Verve Records den 10. september 2013.[7]

Turné[endre | endre wikiteksten]

Privateering vart marknadsført med ein konsertturné i Nord-Amerika i lag med Bob Dylan. Turneen starta 5. oktober 2012 i Winnipeg i Manitoba, og omfatta 33 konsertar i 31 byar, og enda i Brooklyn i New York den 23. januar 2015. Konsertane bestod som regel av Knopfler og bandet hans som først spelte elleve songar, etterfølgd av Dylan og bandet hans som spelte fjorten songar, der Knopfler akkompagnerte Dylan på gitar på dei fire første songane. Besetninga til Knopfler var Mark Knopfler (gitar, vokal), Richard Bennett (gitar), Guy Fletcher (klaverinstrument), Jim Cox (piano, organ, trekkspel), Michael McGoldrick (whistles, sekkepipe), John McCusker (fiolin, cittern), Glenn Worf (bass) og Ian Thomas (trommer). Setlista frå denne turneen omfatta fleire nye songar frå Privateering, som «Redbud Tree», «Haul Away», «Privateering», «Miss You Blues», «Corned Beef City», «Yon Two Crows» og «I Used to Could».[8]

Den europeiske delen av turneen til Knopfler starta 25. april 2013 i Bucharest i Romania og omfatta 70 konsertar i 63 byar, og enda 31. juli 2013 i Calella de Palafrugell i Spania. Turneen omfatta mellom anna seks konsertar i Royal Albert Hall i London.[9]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic77/100 [4]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]
Daily Express4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [10]
The Telegraph4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [11]
Financial Times4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [12]
The Gazette4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [13]
musicOMH4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [14]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg [15]
Slant Magazine4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [16]

I meldinga si for AllMusic gav James Christopher Monger albumet fire av fem stjerner, og kalla det Knopfler sitt «mest ambisiøse og stridbare album til no».[1] Monger sa vidare:

« Etter første gjennomlytting kjennest Privateering litt ut som eit garasjesal, og gjev lange kalde tallerknar av ein gong varme, nattlege verandaviser som føres som oppvarminga til ei innspeling, men albumet er, med sin schizofrene natur likevel uforgløymgeleg med røter i amerikansk blues, som på «Hot or What» og «Gator Blood» med elskverdige, motorvegklare rockelåtar («Corned Beef City») og særs gripande, skumle folk-popballadar som «Redbud Tree», «Kingdom of Gold», og den glimrande «Dream of the Drowned Submariner», som alle tre skuldar eit par high fives til Dire Straits-songar som «The Man's Strong» og «Brothers in Arms», og som syner ein artist i totalt kontroll over arsenalet sitt.[1] »

I meldinga si for Rolling Stone gav Will Hermes albumet tre og ei halv av fem stjerner.[15]

« Den semska stemma til Knopfler har endra seg lite sidan glanstida i 1980-åra, og den elegante elektriske gitaren høyrest betre ut enn nokon gong. Dei 20 songane, dei fleste frå øvste hylle, er ei lærebok i folkemusikkstilar, frå irske balladar («Kingdom of Gold») og countryaktige tåreperser («Seattle») til slide-driven blues («Don't Forget Your Hat») og Tin Pan Alley-nostalgi («Radio City Serenade»). På tittelsporet syner han den akustiske spelinga si, ein folkrockveteran som vender attende til kjelda.[15] »

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk ein

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Redbud Tree»   3:19
2. «Haul Away»   4:01
3. «Don't Forget Your Hat»   5:15
4. «Privateering»   6:19
5. «Miss You Blues» (Tradisjonell, tekst av Mark Knopfler) 4:18
6. «Corned Beef City»   3:32
7. «Go, Love»   4:52
8. «Hot or What»   4:54
9. «Yon Two Crows»   4:26
10. «Seattle»   4:17
Disk to
# Tittel Lengd
1. «Kingdom of Gold»   5:22
2. «Got to Have Something»   4:01
3. «Radio City Serenade»   5:13
4. «I Used to Could»   3:36
5. «Gator Blood»   4:15
6. «Bluebird»   3:27
7. «Dream of the Drowned Submariner»   4:57
8. «Blood and Water»   5:19
9. «Today Is Okay»   4:45
10. «After the Beanstalk»   3:54
118:45
Bonusdisk på luksusutgåve
# Tittel Lengd
1. «Why Aye Man»   7:12
2. «Cleaning My Gun»   4:43
3. «Corned Beef City»   4:26
4. «Sailing to Philadelphia»   7:12
5. «Hill Farmer's Blues»   5:18
28:51
Bonusdisk på superluksusutgåva
# Tittel Lengd
1. «Occupation Blues»   4:22
2. «River of Grog»   3:42
3. «Follow the Ribbon»   8:07
16:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent, design
  • Guy Fletcher – co-produsent, lydteknikar, fotografi
  • Chuck Ainlay – co-produsent, lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering, Gateway Mastering Studios, Portland, Maine
  • Johnnie Pilkington – plateomslag
  • Big Fish – plateomslag
  • Salvador Design – design

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (2012) Plassering
Australia[5] 25
Austerrike[5] 1
Belgia (Vl)[17] 2
Belgia (Wa)[17] 3
Canada[18] 23
Tsjekkia[5] 5
Nederland[19] 1
Finland[5] 7
Frankrike[5] 10
Tyskland[5] 1
Ungarn[20] 7
Irland[5] 25
Italia[5] 2
New Zealand[5] 3
Noreg[5] 1
Polen[21] 2
Portugal[5] 12
Spania[5] 2
Sverige[5] 2
Sveitsisk[5] 2
Tyrkia 2
UK Album Chart[5] 8

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2012) Plassering
Belgia (Flandern)[22] 76
Belgia (Wallonia)[22] 95
Nederland[23] 28
Italia[5] 77
Polen[24] 8
Sveitsisk[25] 93

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Monger, James Christopher. «Privateering». AllMusic. Henta October 31, 2012.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «allmusic» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «allmusic» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  2. 2,0 2,1 «Privateering». Mark Knopfler News. Henta 23. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Fletcher, Guy. «Recording Studio Diaries 2011/2012». Guy Fletcher. Henta 23. januar 2015.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «diaries-privateering» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «diaries-privateering» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  4. 4,0 4,1 «Privateering». Metacritic. Henta 15 September 2013. 
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 5,13 5,14 5,15 5,16 «Privateering». aCharts. Henta 23. januar 2015.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «acharts» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «acharts» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  6. Giles, Jeff (28. september 2012). «No U.S. Release Scheduled...». Ultimate Classic Rock. Henta 23. januar 2015.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «giles» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «giles» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  7. «Mark signs with UMG». Mark Knopfler. 9. juli 2013. Henta 15. juli 2013.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «mk-latest» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «mk-latest» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  8. «Bob Dylan Tour with Mark Knopfler 2012». Mark Knopfler. Henta 23. januar 2015.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «mk-tour-archive» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «mk-tour-archive» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  9. «Mark Knopfler Tour». Mark Knopfler. Henta 23. januar 2015.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «mk-tour» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «mk-tour» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  10. Gage, Simon (31 August 2012). «CD review: Mark Knopfler, Privateering». Daily Express. Henta 9 September 2012. 
  11. Brown, Helen (5 September 2012). «Mark Knopfler, Privateering, CD review». The Telegraph. Henta 9 September 2012. 
  12. Hunter-Tilney, Ludovic (31 August 2012). «Mark Knopfler: Privateering». Financial Times. Henta 9 September 2012. 
  13. Perusse, Bernard (2 September 2012). «New music review: Privateering, Mark Knopfler». The Gazette. Henta 9 September 2012. 
  14. Baber, Andy (3 September 2012). «Mark Knopfler: Privateering». Music OMH. Henta 19 November 2012. 
  15. 15,0 15,1 15,2 Hermes, Will (11. september 2012). «Mark Knopfler: Privateering». Rolling Stone. Henta 23. januar 2015. 
  16. «Slant review». 
  17. 17,0 17,1 «Mark Knopfler, Privateering». Ultratop. Henta 17. september 2012.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «flemish-charts» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «flemish-charts» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  18. «Privateering». Billboard. Henta 21. januar 2015.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «billboard» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «billboard» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  19. «Mark Knopfler, Privateering». Dutch Charts. Henta 23. januar 2015.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «dutch-charts» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «dutch-charts» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  20. «MAHASZ – Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége». Mahasz. Henta 3. oktober 2012. 
  21. «Oficjalna lista sprzedaży». OLiS. 24. september 2012. Henta 21. september 2012. 
  22. 22,0 22,1 «Rapports Annuels». Ultratop. Henta 23. januar 2015. 
  23. «Jaaroverzichten». Dutch Charts. Henta 23. januar 2015.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «dutch-charts-ye» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «dutch-charts-ye» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  24. «Najchętniej kupowane płyty roku 2012 – podsumowanie listy OLIS». ZPAV. Henta 23. januar 2015. 
  25. «Schweizer Jahreshitparade 2012». Hitparade. Henta 23. januar 2015.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «hitparade-ye» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «hitparade-ye» er definert fleire gonger med ulikt innhald

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]