Clare Torry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clare Torry i 2003

Clare Torry er ein britisk songar som er mest kjend for den ordlause vokalen på Pink Floyd-songen «The Great Gig in the Sky» på albumet The Dark Side of the Moon frå 1973.

Clare Torry starta karrieren sin mot slutten av 1960-åra og song stort sett coverversjonar av kjende songar. Alan Parsons bad ho om å ta del i innspelinga av The Dark Side of the Moon, på den instrumentale songen skriven av Richard Wright, «The Great Gig in the Sky».[1][2] Sidan den gong har Torry sunge som studiomusikar, mellom anna på fleire reklamar i Storbritannia i 1970-åra og som korvokalist for Kevin Ayers, Olivia Newton-John, Shriekback, The Alan Parsons Project, Gary Brooker, Matthew Fisher, Cerrone, Culture Club, Meat Loaf og Johnny Mercer. Ho song med Roger WatersWhen the Wind Blows og Radio K.A.O.S., og igjen med Pink Floyd i 1990 på Knebworth.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «'Dark Side' at 30: Alan Parsons». Rolling Stone. March 12, 2003. 
  2. «'Dark Side' at 30: Roger Waters». Rolling Stone. 12. mars 2003.