Money av Pink Floyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Money
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Dark Side of the Moon
B-side

Any Colour You Like

Språk engelsk
Utgjeve 7. mai 1973 (USA)
Innspelt 7. juni 1972 – 9. januar 1973
Studio Abbey Road, London
Sjanger
Lengd
    • 3:59 (singel)
    • 6:22 (album)
Selskap Harvest
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi 
«Free Four»
(1972)
Money «Us and Them»
(1974)


«Money» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er skrive av Roger Waters og vart gjeve ut på singel i USA der han gjekk inn på Topp 20 på singellista.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Money» er kjend for å ha ein takt i 7/4 (men gitaristen David Gilmour omtalar takten som 7/8 i ein dokumentar om korleis dei laga Dark Side of the Moon). Dei aller fleste rockesongar går i ein 4/4 takt, og av og til 3/4. Under gitarsoloen skiftar derimot takten til 4/4, før han kjem tilbake igjen til 7/4 etter soloen. Dette vart gjort fordi Gilmour meinte det ville bli for komplisert å lage ein solo i 7/4. Kritikarar har kommentert at denne dynamiske endringa (tempoet er det same, men endringa til 4/4 får songen til å høyrast raskare ut) er ein av styrkane til songen.

I lag med The Beatles sin song «All You Need is Love» er desse to songane dei einaste hitsinglane i USA som er skrivne i 7/4 takt.[3]

Soge[endre | endre wikiteksten]

New car, caviar, four star daydream,
Think I'll buy me a football team.

Roger Waters (1973)

Songen vart laga i eit mellombels platestudio i hageskuret til Roger Waters, og Waters har skildra den originale demoen som «overpertentleg og svært engelsk», i staden for den bluesaktige og transatlantiske kjensla i albumversjonen. Songen er tilskriven Waters aleine sidan han skreiv hovudmelodiane og teksten, men er eigentleg eit gruppearbeid, og spesielt instrumentalpartiet vart laga av heile bandet.

«Money» vart spelt inn på ny i 1981 for samlealbumet A Collection of Great Dance Songs, fordi Capitol Records nekta og gje frå seg lisensen til songen til Columbia Records i USA. På grunn av dette spelte David Gilmour inn heile songen aleine, det vil sei alle trommene, gitarane, tangentinstrumenta, bassgitaren og vokalen, og produserte han i lag med James Guthrie. Dick Parry spelte derimot saksofon slik han hadde gjort på originalen.

Pink Floyd spelte songen svært mykje på konsertar, og han var stort sett ein del av programmet på alle turnéane bortsett frå The Wall-turneen. Både Gilmour og Waters har i tillegg spelt songen mykje på sine soloturnear.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • I midten av songen «The Happiest Days of Our Lives» i filmutgåva av The Wall er det ein kort pause i musikken der læraren til hovudpersonen Pink les høgt og hånar eit av Pink sine dikt. Delen han les ut er ein del av teksten til «Money»: «Money get back, I'm all right Jack, Keep your hands off of my stack. New Car, Caviar, Four-Star Daydream, Think I'll Buy Me A Football Team.»

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd
Studiomusikar

Salsliste[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Canada RPM 100 Singles [4] 18
Austerrike[5] 10
Tyskland[6] 49
Spania (AFE)[7] 10
USA Billboard Hot 100[8] 13
USA Cash Box Top 100[9] 10
Liste (1981) Plassering
US Billboard Top Tracks 37

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Canada[10] 157
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[11] 111
US Cash Box[12] 85

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The 10 Best Prog Rock Albums». Rolling Stone. 21. august 2013. Henta 29. juni 2019. 
  2. Bill Wyman. «All 165 Pink Floyd Songs, Ranked From Worst to Best». Vulture. Henta 29. juni 2019. 
  3. «Pink Floyd's Dark Side of the Moon». utopia.knoware.nl. Arkivert frå originalen 7. desember 2012. Henta 9. august 2011. 
  4. Library and Archives Canada: Top Singles – Volume 19, No. 26, 11. august 1973, 11. august 1973, henta 12. juli 2014 
  5. Steffen Hung. «Discographie Pink Floyd». Austriancharts.at. Arkivert frå originalen 16. juni 2016. Henta 27. juli 2016. 
  6. «Die ganze Musik im Internet: Charts, Neuerscheinungen, Tickets, Genres». Musicline.de. Arkivert frå originalen 19. juli 2014. Henta 27. juli 2016. 
  7. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959-2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  8. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  9. «Cash Box Top 100 8/04/73». tropicalglen.com. Henta 29. juni 2019. 
  10. http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/item.aspx?IdNumber=9481& Bac-lac.gc.ca
  11. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  12. «Cash Box YE Pop Singles - 1973». tropicalglen.com. Henta 29. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]