Learning to Fly av Pink Floyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Learning to Fly
Singel av Pink Floyd
frå albumet A Momentary Lapse of Reason
B-side Terminal Frost
Utgjeve 14. september 1987
Innspelt November og desember 1986
Sjanger Progressiv rock
Lengd 4:53 (album)
4:21 (singel)
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent
Pink Floyd-kronologi
«Not Now John»
(1983)
Learning to Fly «On the Turning Away»
(1987)


«Learning to Fly» er den andre songen på Pink Floyd-albumet A Momentary Lapse of Reason frå 1987.[1][2] Det var den første singelen frå albumet og nådde 70. plass på poplista i USA og førsteplassen på Billboard Album Rock Tracks-lista.[3][4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart hovudsakleg skriven av David Gilmour. Han skildrar tankane til Gilmour om flyging. Gilmour har flysertifikat, men songen er òg rekna som ein metafor får å starte noko nytt, eller oppleve ei stor endring i livet. Meir spesifikt reknar ein med at songen handlar om kjenslene til Gilmour etter å ha vorte den nye leiaren av Pink Floyd etter at Roger Waters forlet bandet. Gilmour stadfesta seinare denne tolkinga på 25-årsjubileumet til Pink Floyd i mai 1992. Nick Mason er òg flypilot og det er stemma hans ein kan høyre i midten av songen i samtale med eit kontrolltårn. «Learning to Fly» vart gjeven ut på samleplata Echoes: The Best of Pink Floyd.[5]

Songen vart spelt mykje på konsertane til bandet der gitarist Tim Renwick spelte gitarsoloane i songen (sjølv om Gilmour speler soloane på studioutgåva).

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen vart regissert av Storm Thorgerson og filma i Canada, vest for Calgary[6]. Videoen synte òg klipp av ein indianarar som arbeidde på eit jorde og som så spring og hoppar utfor ei klippe før han vart omvandla til ei ørn. Ein kan òg sjå fabrikkarbeidarar som vert ein flypilot, samt eit barn som bryt laus frå mora og stuper utfor ei klippe og ut i ei djup elv, før han sym bort. Videoen nådde 9. plass på MTV sin Video Countdown i november 1987 og vart kåra til den 60. beste videoen av MTV i 1987. Bandet vann ein pris for videoen på MTV Video Music Award for «Best Concept Video» i 1988.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd
Andre musikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5. 
  2. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X. 
  3. «Allmusic: Pink Floyd (Awards) Billboard singles». Allmusic. Henta 15. juli 2019. 
  4. «Pink Floyd singles». officialcharts.com. Henta 15. juli 2019. 
  5. «Echoes: the album credits». Pink Floyd. Arkivert frå originalen 2. juni 2010. Henta 13. juni 2019. 
  6. «Storm Thorgerson interview». Launch.com. 17. januar 2001. Henta 22. februar 2011.