Silver & Gold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silver & Gold
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 25. april 2000
Innspelt 26. august 1997 - 28. mai 1999
Studio Redwood Digital i Woodside i (utanom «Red Sun»: Arlyn Studios i Austin)
Sjanger Folkrock, countryrock
Lengd 39:10
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Ben Keith
Neil Young-kronologi 
Year of the Horse
(1997)
Silver & Gold Road Rock Vol. 1
(2000)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Robert ChristgauC+[2]

Silver & Gold er det 27. albumet til Neil Young og kom ut 25. april 2000. Mange av songane vart skrivne seint i 1990-åra, men songen «Silver & Gold» skal i følgje Young sjølv ha blitt skriven i 1981 og han skal ha prøvd i over ti år og få eit godt opptak av songen. Andre songar går attende til 1976. Mellom anna finst det piratopptak frå Neil Young/Crazy Horse som spelar «Razor Love» dette året.

Musikalsk går Young tilbake til country/folkrock-stilen frå tidlegare album som Harvest og Comes A Time, men teksten reflekterer i større grad familie, det å verte eldre og verte ein meir komplett person. Young ser tilbake på livet sitt og karrieren sin med eit varmt, nostalgisk syn, og går til og med så langt til å seie at han ikkje var imot ei gjenforeining med Buffalo Springfield - «Like to see those guys again/And give it a shot» (ønskjer å treffe dei fyrane igjen/Og gjere eit nytt forsøk) - som han syng i «Buffalo Springfield Again». Tonen på albumet er roleg og fredfull.

Albumet vart nominert til den kanadiske Junoprisen for årets rootsalbum i 2001.[3] Biletet på omslaget vart teken av dottera Amber med eit Game Boy-kamera.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Nr.TittelLengd
1.«Good to See You»2:49
2.«Silver & Gold»3:16
3.«Daddy Went Walkin'»4:01
4.«Buffalo Springfield Again»3:23
5.«The Great Divide»4:34
6.«Horseshoe Man»4:00
7.«Red Sun»2:48
8.«Distant Camera»4:07
9.«Razor Love»6:31
10.«Without Rings»3:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Silver & Gold - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 8. mars 2019. 
  2. «CG: neil young». Robert Christgau. Henta 8. mars 2019. 
  3. CARAS/The JUNO Awards (23. mai 2015). «Yearly Summary - The JUNO Awards». Junoawards.ca. Arkivert frå originalen 5. februar 2013. Henta 8. mars 2019. 
  4. «Neil Young - Silver & Gold». Human-highway.org. 25. april 2000. Henta 8. mars 2019.