Everybody's Rockin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Everybody's Rockin'
Studioalbum av Neil Young and the Shocking Pinks
Utgjeve 1. august 1983
Innspelt april–mai 1983 i Modern Recorders, Redwood City i California i USA
Sjanger Rockabilly
Lengd 24:55
Selskap Geffen
Produsent Neil Young og Elliot Mazer
Kritikk
Neil Young-kronologi
Trans
(1982)
Everybody's Rockin' Old Ways
(1985)


Everybody's Rockin' er det 15. studioalbumet til Neil Young, og kom ut i 1983. Albumet vart spelt inn med the Shocking Pinks (eit band som var skapt for innspelinga) og inneheld berre rockabilly-songar, både coverversjonar og originale songar. Albumet er berre 25 minuttar langt og det kortaste albumet til Young nokon gong. Everybody's Rockin' liknar ikkje i det heile på albumet som kom før, Trans frå 1982, som var eit synth-basert electro-rock album, og heller ikkje det som kom etter, Old Ways i 1985, som er eit reint countryalbum. Dette var typisk for Neil Young gjennom 1980-åra.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Neil Young hadde alt kome på dårleg fot med selskapet sitt, Geffen Records, med det førre albumet Trans. I tillegg så hadde han gjeve dei eit countryalbum han hadde spelt inn hausten 1982 kalla Old Ways.[1] Young hadde ofte hatt country-aktig musikk, mellom anna dei særs suksessrike albuma After the Goldrush i 1970 og Harvest i 1972, men etter at Trans hadde mislukkast både kommersielt og hos kritikarane, avslo dei Old Ways og kravde eit «rock & roll-album»

Young gjekk derfor i studio og produserte fleire songar i tidleg rock & roll-stil, mellom anna klassikarar frå sjangeren som Jimmy Reed sin «Bright Lights, Big City» og «Mystery Train», som vart spelt inn av Elvis Presley dei første åra hans på Sun Records. Han lagde òg nokre originale songar, som «Kinda Fonda Wanda», som han opphavleg hadde skrive for å underhalde kona.[1] Young skreiv songen «Wonderin'» lenge før innspelinga av Everybody's Rockin'. Han går attende til minst After the Gold Rush-tida og vart spelt på dei akustiske solokonsertane hans på den tida.

I følgje Young skulle Everybody's Rockin' vere eit konseptalbum med to andre songar i tillegg, «Get Gone» og «Don't Take Your Love Away From Me», som i følgje Young ville gjeve The Shocking Pinks langt meir djupne.."[2] Eit rasande Geffen Records avslutta derimot resten av innspelinga, og Young fekk ikkje lov å gjere ferdig albumet, og han gav det ut slik det var. Dei to siste songane kom seinare ut på samleplata Lucky Thirteen.

Young forklarte inspirasjonen for albumet i 1995, og sa at «det var ikkje akkurat noko djupe songar. Dei var alle overflatiske songar. Men du ser, ein gong var musikken slik som det, då alle popstjerner var slik. Og det var god musikk, verkeleg god musikk... Samt at det var ein måte å øydeleggje det eg alt hadde sett opp. Utan å gjere det, kunne eg ikkje gjort det eg gjer no. Om eg byggjer noko opp, så må eg systematisk rive det ned att før folk kan sei, 'Åh så det er slik me kan definere han.'»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Betty Lou's Got a New Pair of Shoes» (Bobby Freeman) 3:02
2. «Rainin' in My Heart» (Slim Harpo, Jerry West) 2:11
3. «Payola Blues» (Ben Keith, Neil Young) 3:09
4. «Wonderin'» (Young) 2:59
5. «Kinda Fonda Wanda» (Tim Drummond, Young) 1:51
Side to
# Tittel Lengd
6. «Jellyroll Man» (Young) 2:00
7. «Bright Lights, Big City» (Jimmy Reed) 2:18
8. «Cry, Cry, Cry» (Young) 2:39
9. «Mystery Train» (Junior Parker, Sam Phillips) 2:47
10. «Everybody's Rockin'» (Young) 1:57

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Young fekk noko av den dårlegaste kritikken han har fått for Everybody's Rockin. New Musical Express skreiv «I det minste har Neil Young motstått freistinga å gå saman med Crosby, Stills and Nash att, sjølv om denne herjinga med rockabilly neppe er noko meir tilbakevendande enn det.»[3]

Young sjølv har uttrykt at han liker albumet, og samanlikna det med Tonight's the Night frå 1975, men har òg innsett sanninga i nokre av den hardare kritikken: «Kva er eg? Dum? Trur verkeleg folk at eg syntes dette var det beste eg nokon gong har spelt inn. Eg er sjølvsagt klar over at det ikkje er det.»[2]

Søksmål[endre | endre wikiteksten]

I november 1983 etter at Everybody's Rockin' selde dårleg, saksøkte Geffen Young for $3,3 millionar, på bakgrunn av at dette albumet og det førre «ikkje var kommersielt» og «musikalsk ukarakteristisk frå dei tidlegare platene hans». Han vart med andre saksøkt for å ikkje høyrast ut som seg sjølv. Young kom med eit $21 millionar motsøksmål, og hevda at kontrakten var broten sidan Young hadde vorte lovd at selskapet ikkje skulle blande seg inn i utforminga av albuma.[1]

Søksmålet slo tilbake mot Geffen, og eigaren David Geffen bad personleg om unnskulding til Young for søksmålet og for å ha blanda seg inn i arbeidet hans. Søksmålet gjorde at R.E.M., som var i ferd med å signere for Geffen, trekte seg og i staden signerte for Warner Bros..[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Clancy, Chris. "From the Vault: Neil Young." Money, 2. september 2010.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Kent, Nick. "I BUILD SOMETHING UP, I TEAR IT RIGHT DOWN: Neil Young at 50." Mojo, desember 1995
  3. http://www.rocksbackpages.com/article.html?ArticleID=5625

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]