Americana av Neil Young & Crazy Horse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Americana av Neil Young)
Hopp til navigering Hopp til søk
Americana
Studioalbum av Neil Young og Crazy Horse
Utgjeve 5. juni 2012
Sjanger Rock, hardrock, countryrock, folkrock, americana
Lengd 56:50a
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, John Hanlon, Mark Humphreys
Neil Young-kronologi
A Treasure
(2011)
Americana Psychedelic Pill
(2012)
Crazy Horse-kronologi
Live at the Fillmore East
(2006)
Americana Psychedelic Pill
(2012)


Americana er det 35. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut den 5. juni 2012.[1] Albumet var det første samarbeidet med Crazy Horse sidan Greendale-albumet og turneen i 2003 og 2004..[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Young snakka om tonen og meininga bak albumet i American Songwriter:

« Kvar av songane [på Americana] har vers som er blitt ignorert. Og desse er dei viktige versa. Det er dei sakene som får desse songane til å leve. Dei er litt tunge for barnehagar. Originalane er mykje mørkare, det er meir protest i dei - dei andre versa i «This Land Is Your Land» er særs tidsriktige, eller i «Clementine» er versa så mørke. Nesten alle handlar om at folk vert repen, med livs- eller dødskampar. Du høyrer ikkje mykje om det, sidan dei har gjort desse songane til noko mykje lettare. Så eg gjekk attende til den mørkare tolkinga. Med nye melodiar og arrangement kunne me bruke folkemusikkprosessen til å påkalle dei originale tydingane for denne generasjonen.[3] »

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic68/100
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Robert ChristgauA[5]
Entertainment WeeklyA–[6]
The Guardian3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
NME5/10[8]
The Observer5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]
Pitchfork Media6.1/10[10]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[11]
Slant Magazine2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[12]
Spin7/10[13]
VG (M.S. Nilsen)1/6 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg [14]
Puls (Arild Rønsen)(positiv) [15]
Dagbladet (S.O. Bakke)3/6 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg [16]

Americana fekk særs blanda kritikk blant kritikarane. Det har ein gjennomsnittleg karakter på 68 av 100 på Metacritic, basert på 31 meldingar.[17] Greg Kot i Chicago Tribune gav albumet tre og ei halv av fire stjerner og skreiv at «Americana avdekkjer den harde sanninga i songar som er tekne for gitt.»[18] Dan Forte i Vintage Guitar sa «dette kan vere hans beste sidan Rust [Never Sleeps][19] Johnny Dee i Classic Rock skreiv at «Young har plukka kvar song frå kvarandre, omarbeidd melodien og tekstane og gjort dei til sine eigne», og slik gjort dei betre.[20]

I ei meir lunken melding skreiv Michael Hann i The Guardian at albumet var «umogeleg meiningslaust» og meinte at songane var «slurvete» og «unaudsynt lange».[7] NME skreiv at albumet «stort sett bestod av under par coverversjonar av folkesongar.»[8]

Robert Christgau kåra Americana til det beste albumet i 2012 på årslista hans for The Barnes & Noble Review.[21]

I Noreg fekk albumet òg særs blanda kritikk. Morten Ståle Nilsen i VG gav albumet terningkast 1 og kalla det «heste-møkk»[sic] i ei melding der han mellom anna skreiv: «Det som burde vært en rockbegivenhet er blitt en sann prøvelse...sendt under dampveivalsen av et Crazy Horse som ikke en gang «groover», en Young hvis perversitet nå lett kan forveksles med varig svekkede sjelsevner og et malplassert blandakor.»[14] Arild Rønsen i musikkmagasinet Puls reagerte kraftig på den harde meldinga til Nilsen, og oppfordra på Twitter at nokon «måtte bombe VG-lokala». Dette fall igjen i dårleg smak hos VG, som meinte Rønsen trekte inn terroråtaka 22. juli 2011.[22] Rønsen følgde opp med si eiga melding av albumet der han mellom anna skreiv «Neil Young har lagd et tvers gjennom fabelaktig album! Helt i tråd med tittelen – Americana!»[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Oh Susannah»  Stephen Collins Foster; arrangement: Tim Rose 5:03
2. «Clementine»  Tradisjonell; arrangement: Young 5:42
3. «Tom Dula»  Tradisjonell; arrangement: Young 8:13
4. «Gallows Pole»  Tradisjonell; arrangement: Odetta Felious Gordon 4:15
5. «Get a Job»  Richard Lows, Earl Beal, Raymond Edwards, William Horton 3:01
6. «Travel On»  Tradisjonell; arrangement: Paul Clayton, Larry Ehrlich, David Lazar, Tom Six 6:47
7. «High Flyin' Bird»  Billy Edd Wheeler 5:30
8. «Jesus' Chariot (She'll Be Coming Round the Mountain)»  Tradisjonell; arrangement: Young 5:38
9. «This Land Is Your Land»  Woody Guthrie 5:26
10. «Wayfarin’ Stranger»  Tradisjonell; arrangement: Burl Ives 3:07
11. «God Save the Queen»  Thomas Augustine Arne; medley arrangement: Young 4:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Crazy Horse
Andre medverkande
  • Dan Greco – orkestercymbalar, tamburin
  • Americana Choir – vokal
  • Pegi Young – vokal på «This Land is Your Land»
  • Stephen Stills – vokal på «This Land is Your Land»

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2012) Plassering
Austerrike[23] 14
Australia[23] 34
Belgia (Flandern)[23] 7
Belgia (Vallonia)[23] 23
Canada[24] 2
Danmark[23] 17
Finland[23] 19
Frankrike[23] 27
Italia[23] 32
Nederland[23] 15
New Zealand[23] 26
Noreg[23] 11
Spania[23] 14
Sveits[23] 17
Sverige[23] 11
Tyskland[23] 12
U.S. Billboard 200 4
U.S. Billboard Top Rock Albums 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2012) Plassering
Den kanadiske albumlista 42[25]
US Billboard 200 182[25]
US Rock Albums Chart 52[25]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andy Greene (19. mars 2012). «Neil Young And Crazy Horse to Release New Album 'Americana' on June 5th». Rollingstone.com. Henta 19. mars 2019. 
  2. Tomas Franta (23. januar 2012). «Neil Young se na novém albu znovu spojí s Crazy Horse». Rockandpop.cz. Arkivert frå originalen 2013-01-09. Henta 19. mars 2019. 
  3. «Great Quotations: Neil Young». Great Quotations: Neil Young. American Songwriter. Henta 19. mars 2019. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «Americana – Review». Allmusic. Henta 19. juni 2012. 
  5. Christgau, Robert. «Neil Young With Crazy Horse/Rhett Miller». Expert Witness. Arkivert frå originalen 23. juni 2012. Henta 19. juni 2012. 
  6. Anderson, Kyle (15. juni 2012). «Americana review - Neil Young & Crazy Horse Review». Entertainment Weekly (New York) (1211). Henta 19. januar 2013. 
  7. 7,0 7,1 Michael Hann (31. mai 2012). «Neil Young: Americana - review». The Guardian. Henta 19. mars 2019. 
  8. 8,0 8,1 Howard, Tom (1. juni 2012). «Neil Young & Crazy Horse - 'Americana'». NME (London). Henta 19. januar 2013. 
  9. Woodcraft, Molloy (2. juni 2012). «Neil Young and Crazy Horse: Americana – review». The Observer (London). The New Review section, p. 30. Henta 19. januar 2013. 
  10. Berman, Stuart (1. juni 2012). «Neil Young & Crazy Horse: Americana». Pitchfork Media. Henta 19. januar 2013. 
  11. Rob Sheffield (5. juli 2012). «Neil Young and Crazy Horse, Americana, Reprise». Rollingstone.com. Henta 19. juli 2012. 
  12. Cataldo, Jesse (3. juni 2012). «Neil Young & Crazy Horse: Americana». Slant Magazine. Henta 19. januar 2013. 
  13. Bevan, David (7. juni 2012). «Neil Young & Crazy Horse, 'Americana' (Reprise)». Spin (New York). Henta 19. januar 2013. 
  14. 14,0 14,1 Morten Ståle Nilsen (29. mai 2012). «Heste-møkk». VG. Henta 31. mai 2012. 
  15. 15,0 15,1 Arild Rønsen (30. mai 2012). «Neil Young & Crazy Horse - Americana». Puls. Henta 31. mai 2012. 
  16. Sven Olav Bakke (30. mai 2012). «Blek imitasjon av ideen om den perfekte omtrenlighet». Henta 31. mai 2012. 
  17. «Americana by Neil Young & Crazy Horse Reviews and Tracks». Metacritic. Henta 9. desember 2018. 
  18. Kot, Michael. «Album review: Neil Young and Crazy Horse, 'Americana'». Chicago Tribune. Henta 19. mars 2019. 
  19. Forte, Dan (September 2012). «Rev. of Neil Young & Crazy Horse, Americana». Vintage Guitar. s. 120. 
  20. Dee, Johnny (July 2012). «Neil Young & Crazy Horse - Americana». Classic Rock (172): 100. 
  21. Christgau, Robert (14. januar 2013). «The Dean's List 2012». The Barnes & Noble Review. Arkivert frå originalen den 19. januar 2013. Henta 19. januar 2013. 
  22. Cathrine Elnan (30. mai 2012). Aftenposten http://www.aftenposten.no/kultur/Arild-Ronsen-Na-ma-noen-bombe-redaksjonslokalene-til-VG-6839680.html#.T8dRQrCdCl5. Henta 31. mai 2012. 
  23. 23,00 23,01 23,02 23,03 23,04 23,05 23,06 23,07 23,08 23,09 23,10 23,11 23,12 23,13 23,14 «norwegiancharts.com Neil Young & Crazy Horse – Americana». Hung Medien. Henta 19. mars 2019. 
  24. Canoe inc. (20. juni 2012). «CANOE - JAM! Rush: Rush's 'Angels' flies up the charts». Jam.canoe.ca. Arkivert frå originalen 2012-12-08. Henta 19. mars 2019. 
  25. 25,0 25,1 25,2 «Listings». Arkivert frå originalen 13. mars 2013. Henta 21. mars 2013.