Arc av Neil Young
| Arc Konsertalbum av Neil Young & Crazy Horse | ||
| Utgjeve | 1991 | |
| Innspelt | 1991 North American tour | |
| Sjanger | Støyrock | |
| Lengd | 35:00 | |
| Selskap | Reprise/Warner Bros. Records 26769 | |
| Produsent | Neil Young | |
| Neil Young & Crazy Horse-kronologi | ||
|---|---|---|
| Weld (1991) |
Arc | Harvest Moon (1992)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
Arc er ei samling av feedback, gitarstøy og vokalfragment som vart innspelt under forskjellige konsertar i 1991 med Neil Young og Crazy Horse. Opphavleg vart plata gjeven ut i lag med Weld i ein spesiell trippel-CD kalla Arc-Weld. Arc har ingen likskap til musikken til Sonic Youth, som var eit av oppvarmingsbanda på turneen.
I følgje eit intervju med Steve Martin frå Agnostic Front som stod i desember 1991-utgåva av magasinet Pulse! kom Arc til ut frå ein film som Young laga, som bestod av byrjingar og sluttar på forskjellige songar frå ein turne i Europa på midten av 1980-åra. Young synte videoen til Thurston Moore i Sonic Youth, som driv med avantgardmusikk, og han foreslo å lage eit heilt album på liknande vis. Young plasserte eit videokamera på forsterkaren sin under turneen i 1991 og tok opp byrjingane og sluttane på forskjellige songar, og dette vart klipt saman til eit einaste langt spor på Arc.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Arc (A Compilation Composition)» | 35:00 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Neil Young: gitar, vokal, datamaskin, feedback
- Frank «Poncho» Sampedro: gitar, univox stringman, vokal
- Billy Talbot: bass, vokal
- Ralph Molina: trommer, vokal
- Sal Trentino: elektronikk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arc (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2010.
- ↑ Ruhlmann, William. Arc av Neil Young på Allmusic