Live at Massey Hall 1971

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Live at Massey Hall 1971
Konsertalbum av Neil Young
Utgjeve 13. mars 2007
Innspelt 19. januar 1971
Sjanger Folkrock
Lengd 1:07:39
Selskap Reprise
Produsent David Briggs, Neil Young
Neil Young-kronologi
Living with War: In the Beginning
(2006)
Live at Massey Hall 1971 Chrome Dreams II
(2007)
Archives Performace Series-kronologi
PS02.5:
Live at the Cellar Door
(2013)
Live at Massey Hall 1971


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
CLUAS(8.5/10)[2]
LA Daily News3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]
Music Box5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Okayplayer4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
Pitchfork Media(8.0/10)[6]
Robert Christgau(fiasko)[7]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
Uncut5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]

Live at Massey Hall 1971 er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young. Det kom ut i 2007 og bestod av ein akustisk solokonsert frå Massey Hall i Toronto i Ontario i Canada den 19. januar 1971 under Journey Through the Past Solo Tour. Det var den andre utgjevinga i arkivserien til Young.[10] Albumet gjekk til topps i Canada og nådde niandeplassen i Irland og 30. plassen på UK Albums Chart. På Billboard 200-lista nådde albumet sjetteplassen den første veka og låg 11 veker inne på lista. I 2009 kåra Fretbase albumet til det nest beste av ein singer-songwriter på akustisk gitar gjennom tidene.[11]

CD-utgåva kom i lag med ein DVD som syner klipp frå ein konsert i Shakespeare Theatre i Stratford i Connecticut.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om han stort sett spelte dei same songane kvar kveld på turneen, var fleire av songane ukjende for publikum. Av dei atten songane Young spelte på konserten, var det berre åtte som var gjeven ut på plate. Dette inkluderte songar som Young spelte med banda Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young, eller hadde gjeve ut på dei tre soloalbuma hans til då.

Fem songar kom seinare ut på Harvest (med ein større skilnad i teksten til «A Man Needs a Maid»). Ein song, «Bad Fog of Loneliness», var ikkje gjeven ut før denne konsertplata. Dei andre fire songane kom ut på andre album i 1970-åra. «Love in Mind» og «Journey Through the Past» kom ut i 1973 på konsertalbumet Time Fades Away. «See the Sky About to Rain» kom ut med eit anna arrangement i 1974 på albumet On the Beach. «Dance Dance Dance» kom ut på Crazy Horse sitt debutalbum frå februar 1971 og med omskriven tekst på samlealbumet på samlealbumet Decade i 1977 som «Love Is a Rose». Denne omarbeidde versjonen vart seinare ein hit for Linda Ronstadt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young. 

# Tittel Lengd
1. «On the Way Home»   3:42
2. «Tell Me Why»   2:29
3. «Old Man»   4:57
4. «Journey Through the Past»   4:15
5. «Helpless»   4:16
6. «Love in Mind»   2:47
7. «A Man Needs a Maid/Heart of Gold Suite»   6:39
8. «Cowgirl in the Sand»   3:45
9. «Don't Let It Bring You Down»   2:46
10. «There's a World»   3:33
11. «Bad Fog of Loneliness»   3:27
12. «The Needle and the Damage Done»   3:55
13. «Ohio»   3:40
14. «See the Sky About to Rain»   4:05
15. «Down by the River»   4:08
16. «Dance Dance Dance»   5:48
17. «I Am a Child»   3:19

DVD[endre | endre wikiteksten]

Konserten i Massey Hall vart ikkje filma. Filmklippa på DVD-en er frå konserten Young heldt på The Shakespeare Theatre i Stratford i Connecticut tre dagar seinare (filma for ein TV-dokumentar av Wim van der Linden i 1971). Lyden frå Massey Hall-konserten vart derimot lagt oppå. Der det mangla video av somme songar, vart det i staden nytta bilete av ein lydbandspelar.

DVD-en inneheld òg framføringar av «The Needle and the Damage Done» og «Journey Through The Past» på The Johnny Cash Show (filma februar 1971), eit intervju frå den tidlegare nemnde dokumentaren og bilete av Young i møte for å diskutere Archives-prosjektet på hans Broken Arrow Ranch (filma februar 1997).

Nesten utgjeving i 1971[endre | endre wikiteksten]

I det meste av 1971 sleit Young med vond rygg etter ei ryggskjeve hadde glide ut. Han omtalar skaden sin i byrjinga av «Helpless» då han mista plekteret på golvet og sa «bøye seg ned er ikkje særleg kjekt». Dette året var det første sidan han starta karrieren i 1965 utan eit nytt studioalbum. Det var planlagt eit konsertalbum i mars 1971. Det kan ha vore planlagt å berre bruke songar frå denne konserten, eller frå fleire, inkludert konserten som kom ut på den første Archives-utgjevinga, Live at the Fillmore East. I følgje Young «Dette er albumet som skulle ha kome ut mellom After the Gold Rush og Harvest...David Briggs, produsenten min, meinte hardnakka at dette burde kome ut, men eg var så oppglødd over opptaka me fekk til Harvest, og ønskte å få Harvest ut. David var usamd. Når eg lyttar til dette i dag forstår eg kvifor».[12] Atlantic Records gav i staden ut eit konsertalbumet med Crosby, Stills, Nash and Young, 4 Way Street den 7. april 1971.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Young – akustisk gitar, piano, munnspel, vokal

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent og lydteknikar: David Briggs
  • Innspelingsstudio: Thunder Sound, Toronto
  • Teknisk sjef: Henry Saskowski

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2007) Plassering
U.S. Billboard 200 6
Den kanadiske albumlista 1
Irish Albums Chart 9
UK albums chart 30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]