This Note's for You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
This Note's for You
Studioalbum av Neil Young & The Bluenotes
Språk engelsk
Utgjeve 11. april 1988
Innspelt November 1987 – januarr 1988
Studio Studio Instrument Rentals i Hollywood i California
Sjanger Heartland rock, R&B, bluesrock
Lengd 39:25
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Niko Bolas
Neil Young-kronologi 
Life
(1987)
This Note's for You Eldorado
(1989)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
The Village VoiceB–[2]

This Note's for You er eit album av Neil Young som kom ut 11. april 1988 på Reprise. Det var opphavleg oppført som av «Young and the Bluenotes». Ein del av albumet omhandlar kommersialismen i rock and roll, og særleg kommersielle turnear. Tittelsporet er til dømes ein samfunnskommentar om sponsa konsertar. Albumet er prega av blues og rock med bruk av blåsarar. Det var òg det første albumet hans attende på Reprise, etter å ha vore på Geffen det meste av 80-åra.

I 2015 gav Young ut eit konsertalbum frå turneen etter albumet, kalla Bluenote Café.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Videoen for tittelsporet inneheldt ein Michael Jackson-dobbeltgjengar som får håret sitt i brann. Videoen er ein parodi på musikkindustrien, kravet om reklame og særleg Michael Jackson. Videoen vart først bannlyst av MTV etter at advokatane til Michael Jackson trua med søksmål. Etter at videoen vart ein hit på kanadiske MuchMusic, ombestemte MTV seg og spelte etter kvart videoen mykje, og til slutt vann videoen pris for årets beste musikkvideo på MTV for 1989. Videoen vart regissert av Julien Temple og skriven av Charlie Coffey. Han vart òg nominert til ein Grammy for beste konseptvideo, men tapte for «Weird Al» Yankovic sin Michael Jackson-parodi av «Bad», «Fat».

Albumet er tilskriven Neil Young & the Blue Notes, men då Harold Melvin, som grunnla R&B-gruppa Harold Melvin and the Blue Notes, saksøkte Young for å bruke «Bluenotes»-namnet, er albumet no tilskriven Neil Young som eit soloalbum. Backingbandet for albumet endra sidan namnet sitt til «Ten Men Workin'».

Albumet fekk betre kritikk enn dei føregåande Young-albuma på 80-talet hadde fått, men selde dårleg.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Nr.TittelLengd
1.«Ten Men Workin'»6:28
2.«This Note's for You»2:05
3.«Coupe De Ville»4:18
4.«Life in the City»3:13
5.«Twilight»5:54
6.«Married Man»2:38
7.«Sunny Inside»2:36
8.«Can't Believe Your Lyin'»2:58
9.«Hey Hey»3:05
10.«One Thing»6:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William Ruhlmann. «This Note's for You - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 2. mars 2019. 
  2. Christgau, Robert (27. desember 1988). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 2. mars 2019.