American Stars 'N Bars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå American Stars 'n Bars)
American Stars 'n Bars
Studioalbum av Neil Young og Crazy Horse
Språk engelsk
Utgjeve 27. mai 1977[1]
Innspelt 13. desember 1974 til 4. april 1977
Studio Quadrafonic i Nashville; Wally Heider Studios i Hollywood; Broken Arrow Ranch i Redwood City i California; Indigo Recording Studio i Malibu
Sjanger
Lengd 37:54
Selskap Reprise, Warner Bros.
Produsent Neil Young, David Briggs, Tim Mulligan
Elliot Mazer «Star of Bethlehem»
Neil Young og Crazy Horse-kronologi 
Long May You Run
(1976)
American Stars 'n Bars Decade
(1977)


Singlar frå American Stars 'n Bars
  1. «Hey Babe»
    Utgjeve: 1977
  2. «Like a Hurricane»
    Utgjeve: 1977
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[2]
Christgau's Record Guide(B+)[3]
Pitchfork Media(8.3/10)[4]

American Stars 'n Bars er det åttande studioalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut på Reprise Records i 1977. Det bestod av innspelingar spreidde over to og eit halvt år, og inneheld mellom anna «Like a Hurricane», ein av dei mest kjende songane til Young. Albumet nådde 21. plassen på Billboard 200 og har selt til gullplate i USA.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1976 spelte Young inn eit album i lag med Stephen Stills, Long May You Run, og ein turné som enda brått. Han la så ut på den andre turneen sin det året i lag med Crazy Horse, men første halvdelen var 1977 var han ikkje på turné.[6] Det førre albumet hans kom ut i november 1975 og etter å ha spelt inn fleire countryrocksongar i april, sette han saman songar frå forskjellige tidlegare innspelingar for å fylle opp resten av albumet.

I april 1977 vart Crazy Horse utvida til eit kortvarig band kalla «The Bullets» med pedalsteelgitaristen Ben Keith, fiolinisten Carole Mayedo og korvokalistane Linda Ronstadt og Nicolette Larson.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

«Homegrown» og «Star of Bethlehem» var føst meint for eit skrinlagd album, Homegrown.[7][8] Begge desse songane, og «Like a Hurricane», «Hold Back the Tears» og «Will to Love», var òg meint for eit anna skrinlagd album, Chrome Dreams. Sju av dei ni spora vart spelt nin med det faste bandet hans, Crazy Horse, og ein annan vart spelt inn med countrystjerna Emmylou Harris. Songane frå april 1977 er alle i countrystil.

Plateomslaget vart designa av skodespelaren og den nære venen til Young, Dean Stockwell, som òg hadde skrive manuset som inspirerte til After the Gold Rush. På omslaget kan ein sjå Connie Moskos, som då var kjæraste med produsenten David Briggs som held ei flakse kanadisk whisky i hand og ein full Young som har pressa andletet sitt mot ei glasdør.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk god kritikk då det kom ut og vart skildra som «ein prøve...med dei forskjellige stilane til Young»,[9] eller «ei suppe».[8] Paul Nelson skreiv for Rolling Stone om dei mange stilartane på albumet og hylla den «stormande gitaren» på «Like a Hurricane»:

Ein kan nesten sjå på albumet som eit utval, men ikkje ei oppsummering av dei forskjellige stilartane til Young frå After the Gold Rush og Harvest (mykje av det countryrock) til On the Beach (den utrulege «Will to Love») til Zuma («Like a Hurricane» er ein verdig oppfølgjar til «Cortez the Killer») med mykje overlapping i songane.[9]

I følgje William Ruhlmann i ei melding for Allmusic

Neil Young gjorde eit poeng ut av å liste opp når songane vart innspelt på American Stars 'n Bars; datoane er til og med trykte på plateomslaget. Dei syner at songane hadde vorte spelt inn i fire bolkar heilt tilbake til 1974. Men sjølv med slik dokumentasjon, hadde det vore lett å seie at albumet er ei stilmessig suppe. Den første sida består av country-aktige songar med steelgitar og fele, samt korvokal frå Linda Ronstadt og den då ukjende Nicolette Larson, medan dei fire songane på side to varierer frå akustiske solosongar som 'Will to Love' til rockesongar som 'Like a Hurricane.' 'Will to Love' er eit særleg skummelt og ambisiøst stykke, som strekkjer den romantiske metaforen med ein laks som sym oppover ei elv til sju minuttar. Høgdepunktet på albumet er 'Like a Hurricane,' ein av dei klassiske hardrocksongane og gitarsoloane til Young, som har vorte ein konsertfavoritt.[2]

Albumet vart først gjeve ut på CD, som HDCD, den 19. august 2003, som ein del av Neil Young sin Digital Masterpiece Series i lag med On the Beach, Hawks & Doves og Re-ac-tor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Framført av Neil Young, Crazy Horse og the Bullets.

Alle songar er skrivne av Neil Young, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Old Country Waltz» (innspelt april 1977) 2:58
2.«Saddle Up the Palomino» (innspelt april 1977)Neil Young, Tim Drummond, Bobby Charles3:00
3.«Hey Babe» (innspelt april 1977) 3:35
4.«Hold Back the Tears» (innspelt april 1977) 4:18
5.«Bite the Bullet» (innspelt april 1977) 3:30

Side to[endre | endre wikiteksten]

Framført av Neil Young og Crazy Horse.

Nr.TittelLengd
1.«Star of Bethlehem» (innspelt november 1974)2:42
2.«Will to Love» (innspelt mai 1976)7:11
3.«Like a Hurricane» (innspelt november 1975)8:20
4.«Homegrown» (innspelt november 1975)2:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Youngvokal, gitar; munnspel på «Star of Bethlehem»; klokkespel, klaverinstrument, piano, vibrafon, trommer på «Will to Love»
  • Frank «Poncho» Sampedro — gitar alle spor utanom «Star of Bethlehem» og «Will to Love»; synthesizer på «Like A Hurricane»; korvokal på «Like A Hurricane» og «Homegrown»
  • Ben Keithpedalsteelgitar på «The Old Country Waltz», «Saddle Up the Palomino», «Hey Babe», «Hold Back the Tears» og «Bite the Bullet»; Dobro, korvokal på «Star of Bethlehem»
  • Carole Mayedo — fiolin på «The Old Country Waltz», «Saddle Up the Palomino», «Hey Babe», «Hold Back the Tears» og «Bite the Bullet»
  • Billy Talbotbass alle spor utanom «Star of Bethlehem» og «Will to Love»
  • Tim Drummond — bass på «Star of Bethlehem»
  • Ralph Molina — trommer alle spor utanom «Star of Bethlehem» og «Will to Love»; korvokal på «Like A Hurricane» og «Homegrown»
  • Karl T. Himmel — trommer på «Star of Bethlehem»
  • Linda Ronstadt, Nicolette Larson — korvokal på «The Old Country Waltz», «Saddle Up the Palomino», «Hey Babe», «Hold Back the Tears» og «Bite the Bullet»
  • Emmylou Harris — harmonivokal på «Star of Bethlehem»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Archived copy». Arkivert frå originalen 8. juni 2016. Henta 25. februar 2019. 
  2. 2,0 2,1 Ruhlmann, William. American Stars 'N BarsAllmusic. Henta 25. februar 2019.
  3. Christgau, Robert. «Neil Young». Robert Christgau. Henta 25. februar 2019. 
  4. Mitchum, Rob (30. september 2003). «Neil Young: On the Beach/American Stars 'n Bars/Hawks & Doves/Re-ac-tor». Pitchfork Media. Henta 19. juli 2013. 
  5. «Gold & Platinum - RIAA». Riaa.com. Henta 8. august 2018. 
  6. «Sugar Mountain». Sugarmtn.org. Henta 8. august 2018. 
  7. Williamson, Nigel (2003). Journey Through the Past: The Stories Behind the Classic Songs of Neil Young. Hal Leonard. s. 70. ISBN 978-0-87930-741-7. 
  8. 8,0 8,1 Schinder, Scott; Andy Schwartz (2008). Icons of Rock. Greenwood. s. 469. ISBN 978-0-313-33847-2. 
  9. 9,0 9,1 Nelson, Paul (11. august 1977). «Neil Young: American Stars 'N' Bars > Review». Rolling Stone (245). Arkivert frå originalen 4. desember 2017. Henta 25. februar 2019.