Life av Neil Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Life
Konsertalbum av Neil Young & Crazy Horse
Språk engelsk
Utgjeve 6. juli 1987
Innspelt 18. og 19. november 1986
Spelestad Universal Amphitheatre i Universal City i California og seinare i Record One i Los Angeles
Sjanger Rock
Lengd 40:40
Selskap Geffen
Produsent Neil Young & David Briggs, Jack Nitzsche på spor 9
Neil Young-kronologi 
Landing on Water
(1986)
Life This Note's for You
(1988)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
The Village VoiceB[2]

Life er eit album av Neil Young & Crazy Horse som kom ut 6. juli 1987. Dette var det første albumet hans med Crazy Horse sidan Re-ac-tor i 1981 og det siste han gav ut på Geffen. Som med albumet Rust Never Sleeps frå 1979, bestod albumet av konsertopptak av berre nye songar. Unntaket var «Cryin' Eyes» og «We Never Danced», som vart spelte inn i studio.

Dei første tre songane omhandla alle verdspolitikk og rolla til USA i verda. «Long Walk Home» føler til dømes med soldatar stasjonert utanlands. Sjølv om desse songane var eit svar til hendingar som Bombinga av Beirut i 1983 og Qaddafi, fann Young ny meining i desse songane etter krigen mot terror og okkupasjonen av Irak. Under «Freedom of Speech»-turneen sin etter Living with War, posta Young videoar av desse tre songane på nettsida si.[3] Videoane til «Mideast Vacation» og «Long Walk Home» vart seinare gjevne ut på DVDen som følgde albumet Living with War: In the Beginning.

Det meste av albumet vart spelt inn live på konsert i Universal Amphitheatre i Universal City i California den 18. og 19. november 1986. «Mideast Vacation», «Around The World» og «When Your Lonely Heart Breaks» vart spelte inn den 18., «Inca Queen», «Too Lonely» og «Prisoners Of Rock 'N' Roll» vart spelte inn den 19. «Long Walk Home» er ein miks frå begge dagane.[4]

Songen «We Never Danced» var blitt nytta først i filmen Made in Heaven i 1987, i ein versjon sungen av Martha Davis frå The Motels. Young hadde ei lita rolle i filmen som lastebilsjåfør.

Tittelen og omslaget syner Young som ein fange av sin eigen musikk. Nummer fem er skravert inn i veggen på fengselscella, det same talet på album som Young gav ut på Geffen Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Mideast Vacation»4:20
2.«Long Walk Home»4:56
3.«Around the World»5:25
4.«Inca Queen»7:58
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Too Lonely»2:48
2.«Prisoners of Rock 'N' Roll»3:12
3.«Cryin' Eyes»2:52
4.«When Your Lonely Heart Breaks»5:16
5.«We Never Danced»3:37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • David Briggs – produsent (1-8)
  • Jack Nitzsche – produsent (9)
  • Bryan Bell – programmering, synth-bank
  • Michael Hoenig – programmering (9)
  • Niko Bolas – innspeling (1–6, 8, 9), miksing (1–4, 9)
  • Coke Johnson – innspeling (7), miksing (5–8)
  • Tim Mulligan – lydteknikar
  • Richard Landers – lydteknikar
  • Brian Soucy – lydteknikar
  • Chris Bellman – mastering

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William Ruhlmann. «Life - Neil Young,Neil Young & Crazy Horse | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 2. mars 2019. 
  2. Christgau, Robert (27. oktober 1987). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 2. mars 2019. 
  3. «Living With War Today». Neilyoung.com. Arkivert frå originalen 26. mai 2015. Henta 2. mars 2019. 
  4. Long, Pete. Ghosts On The Road. s. 215–216. ISBN 0-9526517-3-4.