Chrome Dreams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chrome Dreams
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve Aldri utgjeve
Innspelt 1977
Sjanger Folkrock, countryrock
Selskap Reprise & Warner Bros. Records
Neil Young-kronologi 
Long May You Run
(Stills-Young Band, 1976)
Chrome Dreams American Stars 'n Bars
(1977)


Chrome Dreams er eit album frå 1977 av Neil Young som aldri vart gjeve ut.

Albumet vart gjeve ut som på ei acetatplate og eit dokument som følgde denne gav inntrykk av at Young hadde gjeve albumet den offisielle tittelen Chrome Dreams.[1] Det finst mange uoffisielle utgåver av Chrome Dreams.[2]

23. oktober 2007 gav Neil Young ut eit nytt album kalla Chrome Dreams II.[3]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Chrome Dreams inneheldt mange songar som ikkje enno er gjeven ut. Versjonen av «Powderfinger» var ein akustisk versjon, medan «Sedan Delivery» er ein langsamare versjon enn den som er på Rust Never Sleeps, samt at han inneheld eit ekstra vers. «Pocahontas» er den same versjonen som på Rust Never Sleeps utan ekstraspor. «Hold Back the Tears» er ein heilt annan versjon enn den som er på American Stars 'N Bars, òg denne med eit ekstra vers. «Too Far Gone» vart først gjeven ut i 1989 på Freedom. På Chrome Dreams vert denne spelt av Crazy Horse-medlem Frank «Poncho» Sampedro i lag med Young på ein mandolin frå 1917. «Stringman» er ein pianoballade som vart skriven for Jack Nitzsche og som var eit konsertopptak frå den europeiske turneen til Young i 1976 med ekstra lydspor frå studio. 18 år seinare spelte Young songen på Unplugged. «Homegrown» er ein annan miks enn versjonen på American Stars 'n Bars. Resten av songane er for det meste identisk til albuma som dei vart gjevne ut på seinare.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Pocahontas»3:24
2.«Will to Love»7:11
3.«Star of Bethlehem»2:42
4.«Like a Hurricane»8:14
5.«Too Far Gone»2:41

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Nr.TittelLengd
6.«Hold Back the Tears»5:16
7.«Homegrown»2:20
8.«Captain Kennedy»2:55
9.«Stringman»3:32
10.«Sedan Delivery»5:22
11.«Powderfinger»3:23
12.«Look Out for My Love»4:06

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McDonough, Jim. Shakey: Neil Young's Biography. Jonathan Cape. ISBN 978-0224069144. 
  2. «Neil Young - Chrome Dreams (Rust Edition) (review)». geetarz.org. Henta 25. februar 2008. 
  3. Andy Greene (august 2007). «Neil Young to Release Sequel to Unreleased 1977 Album». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 6. mars 2008. Henta 26. februar 2008. 
  4. «Chrome Dreams acetate». Sidestreet Publishing Company. 1992 - 2004. Henta 31. oktober 2010.