Greendale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greendale
Studioalbum av Neil Young og Crazy Horse
Språk engelsk
Utgjeve 19. august 2003
Innspelt 11. juli til 19. september 2002
Sjanger Rock
Lengd 78:18
Selskap Warner Bros.
Produsent Neil Young, L.A. Johnson
Neil Young og Crazy Horse-kronologi 
Are You Passionate?
(2002)
Greendale Prairie Wind
(2005)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Rolling Stone4/5 stars[2]

Greendale er det 29. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Crazy Horse, og gjeven ut 19. august 2003. Greendale er ein 10 songar lang rockeopera som er sett til ein oppdikta kystby i California. Han er basert på soga om familien Green og «lydnovella» har vorte samanlikna med klassikaren til Thornton Wilder, Our Town[3] og Sherwood Anderson sin Winesburg, Ohio. Greendale kom òg som ein film og ei grafisk novelle.

Greendale omhandlar tema som korrupsjon, miljøvern, korleis massemedia samla seg etter 9/11. Albumet, konserten, filmen og DVDane skapte stort sprik hos kritikarane, som kalla det alt frå «amatørmessig» til at albumet vart kåra til eit av dei beste i 2003 av musikkritikarane i Rolling Stone.

CDen vart opphavleg gjeven ut med ein DVD av ein akustisk solokonsert av dei same songane frå Vicar Street i Dublin i Irland. Denne solokonserten er seinare gjeven ut digitalt.[4][5] I 2004 vart CDen gjeven ut med ein ny DVD som inneheldt konsertopptak av Neil Young og Crazy Horse. Ein DVD-Audio-versjon vart òg gjeven ut med både Advanced Resolution Stereo og 5.1 kringlyd-miksar, samt ein video av «Devil's Sidewalk» frå filmen. Seint i 2004 kom ein film med skodespelarar som mimar til songane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Nr.TittelLengd
1.«Falling From Above»7:27
2.«Double E»5:18
3.«Devil's Sidewalk»5:18
4.«Leave the Driving»7:14
5.«Carmichael»10:20
6.«Bandit»5:13
7.«Grandpa's Interview»12:57
8.«Bringin' Down Dinner»3:16
9.«Sun Green»12:03
10.«Be the Rain»9:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Frank Sampedro var eit aktivt medlem av Crazy Horse, gjekk han med på at han ikkje spelte på albumet, sidan Neil Young følte at songane berre trengde ein gitar. Sampedro vart derimot med på den påfølgjande turneen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Greendale - Neil Young,Neil Young & Crazy Horse | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 9. mars 2019. 
  2. Miles, Milo (4. august 2003). «Neil Young Greendale Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 23. april 2013. Henta 9. mars 2019. 
  3. Durchholz, Daniel; Graff, Gary (2012). «1997-Present». Neil Young: Long May You Run: The Illustrated History (Updated utg.). Voyageur Press. s. 177. ISBN 0760344116. Henta March 2014. 
  4. «Greendale Live at Vicar St. (Live) by Neil Young on Apple Music». iTunes. Henta 1. januar 2017. 
  5. «Amazon.com: Greendale Live At Vicar St.: Neil Young: MP3 Downloads». www.amazon.com. Henta 1. januar 2017.