The Stray Gators

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

The Stray Gators var musikarane Jack Nitzsche (piano), Ben Keith (steelgitar), Tim Drummond (bass) og Kenny Buttrey (trommer). Dei akkompagnerte Neil Young i 1972 på albumet hans Harvest, der Nitzsche òg produserte songane («A Man Needs a Maid» og «There's a World»). Etter å ha gjeve ut Harvest spelte dei på singelen «War Song», som er tilskriven Young og Graham Nash, samt unytta opptak frå Harvest på filmmusikken til Journey Through the Past. I 1973 spelte dei òg med Young på turneen Time Fades Away, men Buttrey vart då erstatta av trommeslagaren Johnny Barbata. Dei gav seg midtvegs i turneen då Young brått enda konsertane, men kvar for seg skulle dei seinare arbeide med både Young og andre. Dei vart gjenforeint i 1992 for Young sitt album Harvest Moon der Spooner Oldham erstatta Jack Nitzsche. Nitzsche arrangerte derimot songen «Such a Woman». Seinare spelte dei på debutalbumet til Jewel, Pieces of You, som vart spelt inn i studioet til Young.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]