Time Fades Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Time Fades Away
Konsertalbum av Neil Young
Utgjeve 15. oktober 1973
Innspelt 11. februar til 1. april april 1973 (utanom «Love in Mind»: 30. januar 1971)
Sjanger
Lengd 34:33
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Elliot Mazer
Neil Young-kronologi
Journey Through the Past
(1972)
Time Fades Away On the Beach
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Rolling Stonepositive[3]
Robert ChristgauA[4]
Pitchfork9.1/10[5]

Time Fades Away er eit konsertalbum av Neil Young frå 1973, som berre består av nye songar. Det vart spelt inn med The Stray Gators på ein av turneane etter det populære Harvest-albumet kom ut i 1972. Sidan Young var misnøgd med med desse konsertane tok det over 40 år før albumet kom ut på CD.[6] Sjølv om Time Fades Away vart kritikarrost,[7] finst i mange piratutgåver og er særs etterspurd blant tilhengjarane,[8] var det først i august 2017 at albumet kom ut på CD, og då i ei plateboks i lag med andre album. Samstundes vart albumet tilgjengeleg på digitale format.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Love In Mind» er frå ein soloturne i 1971 (same turne som «The Needle and the Damage Done» vart spelt inn for Harvest), medan resten av songane er frå turneen tidleg i 1973. Young spelte her eit akustisk sett solo etterfølgd av eit elektrisk sett med The Stray Gators. Den tidlegare Crazy Horse-gitaristen Danny Whitten hadde nettopp døydd av ein heroinoverdose, og skulle opphavleg vere med the Gators som andregitarist, men vart send heim då det vart klart han han ikkje var i ein tilstand der han kunne spele med dei. Dødstemaet og den mørke stemninga dette medførte går igjennom i denne perioden og kulminere med albumet Tonight's the Night.

Turneen kom etter suksessen til det country-aktige Harvest. Publikum reagerte ikkje alltid positivt på dei nye songane Young spelte. Young vart mentalt ustabil under turneen og frustrerte trommeslagar Kenneth Buttrey så mykje at han slutta før turneen var ferdig. Han vart erstatta av den tidlegare trommeslagaren i Turtles og CSNY (og seinare Jefferson Airplane) Johnny Barbata, som speler på alle innspelingane på denne plata. Pianisten Jack Nitzsche var òg frustrert, og i følgje produsent Elliot Mazer i boka Shakey sa han ofte obskøne ting i mikrofonen hans, som var slått av.

Alkoholmisbruk kombinert med synging i høgt toneleie, gjorde at Young pådrog seg ein halsinfeksjon dei siste dagane av turneen. David Crosby og Graham Nash vart då bede med for å synge harmonivokal og spele rytmegitar. Etter nitti dagar enda turneen i Salt Lake City.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Time Fades Away vart spelt inn direkte frå miksepulten til ein tosporsmaster med hjelp av Quad-8 CompuMix, den første digitale miksepulten, noko som frustrerte produsenten David Briggs. Dette førte til grumsete lyd på utgjevinga, og fordi dei endelege miksane var frå desse grove kutta, er det heller ikkje mogeleg å mikse albumet på nytt.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Time Fades Away kom ut 15. oktober 1973. Albumet nådde 22. plass på den amerikanske albumlista og selde rask til gullplate med over ein million selde eksemplar i både USA og Storbritannia.[9] Han vart gjeven ut på vinyl, kassett og 8-spor, men altså aldri på CD.

Tittelsporet på albuemt vart gjeven ut som singel med B-sida «Last Trip To Tulsa», ei konsertutgåve frå same turneen.

Reaksjon[endre | endre wikiteksten]

Reaksjonen til Young[endre | endre wikiteksten]

Neil Young kommenterte Time Fades Away i teksten til omslaget for samleplata Decade:

« Time Fades Away. Det er ingen songar frå dette albumet her. Det var den største turneen min nokon sinne, 65 show på 90 dagar. Krangling om pengar frå alle saman øydela denne turneen og plata for meg, men eg gav ho ut likevel så de kunne sjå kva som skjer når du mistar grepet ei stund. Eg vart meir interessert i ein audio vérité-tilnærming enn å tilfredsstille massane om eit nytt Harvest.[6] »

I 1987 fortalte Young ein intervjuar at Time Fades Away var «det verste albumet eg lagde - men som ein dokumentar til kva som skjedde med meg, var det ei flott plate. Eg var på scenen og spelte alle desse songane som ingen har høyrt før, spelte dei inn og hadde ikkje det riktige bandet. Det var berre ein ukomfortabel turne. Eg følte meg som eit produkt og eg hadde dette stjernelaget av musikarar som ikkje ein gong song på kvarandre.»[7][10]

Young har sjeldan spelt songar frå Time Fades Away på andre konsertar, men i juli 2008 spelte han tittelsporet på ein konsert i Oberhausen i Tyskland.[11]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Då det kom ut fekk Time Fades Away positiv kritikk frå Rolling Stone,[12] The New York Times,[7] og Robert Christgau frå Village Voice.[13] I nyare år har det vorte høgt verdsett av AllMusic,[14] sputnikmusic,[8] og Blurt Online.[9]

R.E.M. har omtalt Time Fades Away som ei inspirasjonskjelde for New Adventures in Hi-Fi.[15]

CD-utgåve og Time Fades Away II[endre | endre wikiteksten]

I lag med filmmusikken til Journey Through the Past, er Time Fades Away det einaste offisielle albumet til Neil Young som ikkje finst på CD. Young har ofte nemnt dei ulukkelege minna hans frå turneen som hovudårsaka til at albumet ikkje er gjeven ut.

På midten av 1990-talet var det planar om å gje ut albumet på HDCD, men planane vart skrinlagde av ukjende årsaker.[16] Tidleg i 2007 fortalte managementet til Young at det ikkje låg planar om å gje ut albumet på CD.

I oktober 2009 fortalte Young til Gitar World at plata kalla Time Fades Away II kom til å verte ein del av det andre volumet av Archives-boksserien. Han sa at Time Fades Away II har ein annan trommeslagar enn det albumet. Kenny Buttrey var der for første halvdel av turneen og Johnny Barbata for den andre. I følgje Young er det noko heilt anna med heilt andre songar.[17]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young. 

# Tittel Lengd
1. «Time Fades Away» (innspelt i The Myriad i Oklahoma City, 1. mars 1973) 5:36
2. «Journey thru the Past» (innspelt i the Public Hall i Cleveland, 11. februar 1973) 3:19
3. «Yonder Stands the Sinner» (innspelt i the Seattle Center Coliseum i Seattle, 17. mars 1973) 3:17
4. «L.A.» (innspelt i The Myriad in Oklahoma City 1. mars 1973) 3:11
5. «Love in Mind» (innspelt i Royce Hall i University of California i Los Angeles, 30. januar 1971) 1:58

Side to[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Don't Be Denied» (innspelt i The Coliseum i Phoenix, 28. mars 1973) 5:16
2. «The Bridge» (innspelt i the Memorial Auditorium i Sacramento, 1. april 1973) 3:05
3. «Last Dance» (innspelt i the Sports Arena i San Diego, 29. mars 1973) 8:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Young — vokal; gitar på «Time Fades Away», «Yonder Stands the Sinner», «L.A.», «Don't Be Denied» and «Last Dance»; piano på «Journey thru the Past», «Love in Mind» and «The Bridge»; munnspel på «Time Fades Away» and «The Bridge»; basspå «L.A.»
  • Ben Keithpedal steel, vokal på «L.A.», «Don't Be Denied» and «Last Dance»; slidegitar på «Time Fades Away» and «Yonder Stands the Sinner»; vokal på «Time Fades Away»
  • Jack Nitzsche — piano på «Time Fades Away», «Yonder Stands the Sinner», «L.A.», «Don't Be Denied» and «Last Dance»; vokal på «Don't Be Denied»
  • David Crosby — gitar på «Yonder Stands the Sinner»; vokal på «Yonder Stands the Sinner» and «Last Dance»
  • Graham Nash — gitar, vokal på «Last Dance»
  • Tim Drummond — bass på «Time Fades Away», «Yonder Stands the Sinner», «Don't Be Denied», and «Last Dance»
  • Johnny Barbatatrommer på «Time Fades Away», «Yonder Stands the Sinner», «L.A.», «Don't Be Denied» and «Last Dance»

† Neil Young oppført som «Joe Yankee»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stanley, Bob (7. mars 2008). «How OMD lost 3 million fans in one easy step» – via www.theguardian.com. 
  2. Allmusic review
  3. «Rolling Stone review». rollingstone.com. 
  4. «Robert Christgau: CG: neil young». www.robertchristgau.com. 
  5. «Neil Young / Neil Young & Crazy Horse: Time Fades Away/Zuma Album Review - Pitchfork». pitchfork.com. 
  6. 6,0 6,1 Williams, Paul. Neil Young: Love To Burn. s. 115. ISBN 0-934558-19-1. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Thrasher's Wheat page: "Time Fades Away by Neil Young".
  8. 8,0 8,1 sputnikmusic: "Time Fades Away review."
  9. 9,0 9,1 Blurt Online article: "Time Fades Away"
  10. Shakey by Jimmy McDonough, s. 391.
  11. Sugar Mountain: "Neil Young - 2008 setlists."
  12. Rolling Stone: "Neil Young: Time Fades Away: Music Reviews."
  13. Robert Christgau si offisielle nettside: "Neil Young reviews."
  14. AllMusic: "Time Fades Away: Overview."
  15. McDonough, Jimmy, Shakey - Neil Young Biography, s. 399 
  16. Side Street Records: "Unreleased Neil Young compact discs 1988-1995."
  17. Gitar World interview with Neil Young.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]