Landing on Water

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Landing on Water
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 21. juli 1986
Innspelt August 1983 - mars 1986
Studio Broken Arrow Ranch i Woodside i California og Record One i Los Angeles
Sjanger Rock, new wave
Lengd 40:04
Selskap Geffen
Produsent Danny Kortchmar, Neil Young
Neil Young-kronologi
Old Ways
(1985)
Landing on Water Life
(1987)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauC+[2]
Rolling Stone(positiv)[3]

Landing on Water er eit album av Neil Young som kom ut i 21. juli 1986 på Geffen Records.

Fleire av songane på albumet vart henta fram att frå eit mislukka prosjekt av Young og Crazy Horse frå 1984 - ei innspeling der produsenten David Briggs hevda dei «spelte som apekattar».

Young hadde berre med seg medprodusent Danny Kortchmar på gitar og Steve Jordan på trommer, samt at alle tre spelte synthesizerar. Neil Young prøvde her å blande den grove rocken sin med moderne trendar i popmusikken, særleg trommer langt framme i lydbiletet. Vokalen til Young er derfor stundom nesten gravlagd, medan tromminga til Jordan dominerer. I følgje Allmusic har ikkje dette så mykje å seie, sidan dei fleste songane er dårlege likevel.[4] Songen «Hippie Dream» vert derimot trekt fram som ein av dei betre.[4]

Landing on Water om ut etter Young hadde ordna opp i søksmålet frå Geffen Records, som saksøkte Young for 3,3 millionar dollar fordi dei meinte platene til Young så langt på 80-talet hadde vore for ukommersielle og musikalsk ukarakteristiske. Seinare kom David Geffen med ei personleg årsaking til Young for søksmålet og for å ha forstyrra arbeidet hans.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Weight of the World»   3:40
2. «Violent Side»   4:22
3. «Hippie Dream»   4:11
4. «Bad News Beat»   3:18
5. «Touch the Night»   4:30
Side to
# Tittel Lengd
6. «People on the Street»   4:33
7. «Hard Luck Stories»   4:06
8. «I Got a Problem»   3:16
9. «Pressure»   2:46
10. «Drifter»   5:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • Niko Bolas – lydteknikar, miksing
  • Richard Bosworth – lydteknikar
  • Julie Last – lydteknikar
  • Laura LiPuma – design
  • Louis Magor – kordirigent
  • Tim Mulligan – lydteknikar
  • Doug Sax – mastering, original mastering
  • Duane Seykora – lydteknikar
  • Bernard Shakey - kunstnarisk leiar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Land Plassering Veker
Canada 40
USA 46
Storbritannia 52 2
Sverige 15 8
Liste Plasering
The Billboard 200 58

Singlar

Singel Liste Plassering
Touch The Night Billboard - Mainstream Rock 8
Weight Of The World Billboard - Mainstream Rock 33

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. William Ruhlmann. «Landing on Water - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 2. mars 2019. 
  2. «CG: neil young». Robert Christgau. Henta 2. mars 2019. 
  3. Farber, Jim (25. september 1986). «Neil Young Landing On Water Album Review». Rolling Stone. Henta 2. mars 2019. 
  4. 4,0 4,1 Landing on WaterAllmusic