A Treasure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A Treasure
Konsertalbum av Neil Young
Utgjeve 14. juni 2011
Innspelt 1984-1985
Sjanger Country, rock
Lengd 52:43
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Ben Keith
Neil Young-kronologi
Le Noise
(2010)
A Treasure Americana
(2012)
Archives Performace Series-kronologi
PS08:

(TBA)
A Treasure PS10:

(TBA)
Singlar frå A Treasure
  1. «Grey Riders»
    Utgjeve: 20. mai 2011
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauA−[2]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]

A Treasure er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut den 14. juni 2011. Albumet inneheld opptak frå den amerikanske turneen hans i 1984 og 1985 med The International Harvesters. Albumet er volum ni i Archives Performance-serien til Young og det sjette som er gjeve ut i serien..[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Turneen som opptaka er henta frå kom etter det Young kallar det første Old Ways, eit album med countrymusikk som plateselskapet nekta å gje ut fordi dei meinte det ikkje var kommersielt nok. På denne tida spelte Young inn plater i mange forskjellige sjangrar.[5] Bandet hans, «International Harvesters», bestod av profesjonelle countrymusikarar frå Nasville, og somme hadde òg spelt (som «The Shocking Pinks») på rockabillyalbumet hans Everybody's Rockin'. Dette albumet inneheld både eldre Young-songar og nyare songar frå Old Ways.[3] Det inneheld fem songar som ikkje var gjevne ut før (spor 1, 5, 8, 11 og 12).

I følgje Young kom platetittelen frå Ben Keith. «Eg hadde ikkje høyrt desse opptaka på 25 å, men då me gravde dei fram sa medprodusenten Ben Keith 'This is a treasure' (dette er ein skatt).» [6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young, utanom der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Amber Jean»   3:17
2. «Are You Ready for the Country?»   3:39
3. «It Might Have Been» (Ronnie Green, Harriet Kane) 2:43
4. «Bound for Glory»   5:59
5. «Let Your Fingers Do the Walking»   3:03
6. «Flying on the Ground Is Wrong»   4:48
7. «Motor City»   3:22
8. «Soul of a Woman»   4:28
9. «Get Back to the Country»   2:31
10. «Southern Pacific»   7:53
11. «Nothing Is Perfect»   5:02
12. «Grey Riders»   5:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2011) Plassering
Den kanadiske albumlista 18
U.S. Billboard 200 29
U.S. Billboard Top Rock Albums 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «A Treasure – Review». Allmusic. Henta 1. mars 2019. 
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Neil Young». Robert Christgau's Consumer Guide. Henta 1. mars 2019. 
  3. 3,0 3,1 Greene, Andy (9. juni 2011). «Rev. of Neil Young, A Treasure». Rolling Stone. Henta 1. mars 2019. 
  4. «Thrasher's Wheat – A Treasure». Neil Young. Thrasher's Wheat. Henta 1. mars 2019. 
  5. Gill, Andy (17. juni 2012). «Rev. of Neil Young International Harvesters, A Treasure». The Independent. Henta 1. mars 2019. 
  6. «Thrasher's Wheat – A Treasure: New Neil Young Album Coming». Neil Young. Thrasher's Wheat. Henta 1. mars 2019.