Slåttar frå Valdres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Valdres utgjer eit rikt tradisjonsområde for hardingfelespel, og herifrå er det dokumentert mange særeigne slåttar som ikkje høyrer til dei store slåttegruppene. Valdresspelet har hatt fleire kjerneområde, i Øystre Slidre, Vestre Slidre og Aurdal. Det finst og ei eiga tradisjonsline for Vang i Valdres, gjerne med tilknyting til Sogn.

Bonde/Lydarslått/Halling[endre | endre wikiteksten]

springar etter kjelde[endre | endre wikiteksten]

Nils Beitohaugen[endre | endre wikiteksten]

Nils Beitohaugen var frå Øystre Slidre.

  • 143: Draumen [12].
  • 144: Hansegarden [13].
  • 149: Likferdssalmen åt Jomin [14].
  • 150: Slåtten som Hinmannen plistra i kyrkjetårnet [15].
  • 154: Grålysing [16].
  • 327: Grålysingsslått [17]. Bjørndal gamle slåttar hefte 2 nr 6. Beitohaugen hadde slåtten etter Torgeir Hegge i Øystre Slidre. Dei møttest på 1880-talet. Grålysingsslåttane var nytta på morgonsida i bryllaup.

John N. Dahle[endre | endre wikiteksten]

John N. Dahle var frå Øystre Slidre.

  • 142: Gamle Sara [18].
  • 178: Bech-Hansen [19].
  • 179: Beitohaug-slått [20].
  • 180: Kristen Feier [21].

Ola Okshovd[endre | endre wikiteksten]

Ola Okshovd var frå Øystre Slidre.

Okshovdslåttar etter andre spelemenn:

Ivar Ringestad[endre | endre wikiteksten]

Ivar Ringestad var frå Vestre Slidre.

  • 146: Hamresbrøtin [34].
  • 147: Haugseten [35].
  • 151: Hurraslått [36].
  • 152: Ljosblått [37].
  • 158:Springar [38].
  • 164: Storeskøltin [39].

Andreas Hauge[endre | endre wikiteksten]

Andreas Hauge var frå Nord-Aurdal. Arne Bjørndal skreiv opp slåtter etter han i 1925 og omatte i 1947.

Olav Moe[endre | endre wikiteksten]

Olav Moe var frå Nord-Aurdal, ein av dei fremste spelemennene der.

  • 175: Trumpen [48].
  • 176: Ljøsblå [49].
  • 318: Springarstubb [50]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1399). Slåtten er i slekt med springaren Fanteguten (nr 173).
  • 320: Hilmespringar [51]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1395). Slåttenamnet er etter spelemannen Jørn Hilme. Slåtten vart spela inn tre gonger, kvar gong med nokre avvik.

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Slåttegrupper tilknytte Valdres[endre | endre wikiteksten]

Sumarkveld i Jotunheimen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 371. Slåtten er bygd ut av Ola Okshovd og John N. Dahle, på grunnlag av ein eldre form dei kalla Hanse-Håkon. Dei skal ha gjort dette kring 1910. Slåtten går på Forstemt (G-C-A-E), og har vore populær som konsertslått. Ei form vart utvikla vidare av Sjur Helgeland frå Voss, og slåtten nådde og Telemark, og vart nytta av Eivind Mo og Halvor Klonteig. Her er det berre skrive opp to former:

Raklekjølkin[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 398. Nedstilt bass. Båe former er skrivne ned av Arne Bjørndal etter Erik Moen frå Øystre Slidre i 1934. Variant b (B 1397) er noko større enn variant a (1396). Ein raklekjølke er nemninga på ein kar som ikkje er noko tess. Stevet går:

O inkje æ` e` nokon raklekjølkje,
o inkje æ` de` so langt ifrå,
O inkje vil e` fylgje beno følkje
ne` dai haimatt frå kyrkjun gå.

(etter Erik Moen ved Andres Hauge.

Springar etter Ola Fystro[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 399. Båe former er skrivne ned av Arne Bjørndal etter Ulrik Jensestogun frå Nord-Aurdal i 1912. Jensestogun hadde slåtten etter Bendik i Nøen, som nok hadde lært slåtten av Nils Hilme. Den eine varianten er kalla Låtten hass Arne ved Leira.

  • a: Bjørndal 456, etter Bendik i Nøen.
  • b: Bjørndal 1149, etter Ola Fystro.

Sylkjegulen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 400. Slåtten skal vera etter Bendik i Nøen. Slåtten viser til ein med sylkegult hår. Namnet er og nytta på springaren Slidringen, og former av Jondølen. Båe former av slåtten er skrivne ned etter Ola Okshovd frå Øystre Slidre.

  • a: Nedskrift Eivind Groven 1952 etter opptak i NRK (G 871).
  • b: Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1026). Okshovd har lært slåtten av far sin, Gullik Okshovd.
  • var. 521a høyrer til denne slåttegruppa, urettvist sett saman med Slidringen. Forma er etter Lars Skjervheim frå Voss, og skriven ned av Sven Nyhus i 1977. Slåtten er venteleg komen til Voss frå Valdres.

Nordlanden[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 401. Slåttenamnet er etter spelemannen Knut Nordland frå Vang i Valdres.

Knut Vøle[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 402. Nedstilt bass. Båe former er skrivne ned etter Ola Okshovd. Namnet på slåtten er etter spelemannen Knut Olsson Vøle frå Hegge i Øystre Slidre. Eldre skriftform er Vårum (Knut Vårums springar).

  • a: skriven ned av Arne Bjørndal 1934 (B 1043b). Okshovd hadde forma etter far sin, Gullik Okshovd.
  • b: skriven ned av Truls Ørpen 1916 (Ø 299). Okshovd hadde forma etter Nils Beitohaugen, eller far sin.

Gamle Husin[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 450.

Røynelåtten[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 451.

Perigarden[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 452.

Springar etter Hamrisbrøta[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 454.

Springar etter Jøger Sagahaugen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 460. Slåtten er og nytta på Voss.

Sjåheimen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 461. Namnet er etter spelemannen Knut Sjåheim som reiste til Amerika i unge år. Slåtten er i Ringestad-tradisjon, frå Vestre Slidre. Han er og kjend i Sogn.

Springaren som Styggen blistra i kyrkjetårnet[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 463. Ringestadtradisjon frå Vestre Slidre, men og nytta av Jørn Hilme. Slåtten er og kjend i Sogn.

Purkekragin[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket mr 466. Som med nr 460 over finst det former av slåtten på Vestlandet. Han er spela på nedstilt bass. Slåtten var mykje nytta av Haldor Røyne, og Olav Jørgen Hegge kalla seinare slåtten for Haldor Røynes Minne. Slåtten er elles kjend som Purke-Sjugur eller Fele-Guri. Han har og vore nytta i Sogn.

Jålin[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 484. Slåtten har nokre vendingar sams med Treskreppa. I Valdres er springaren sagt å vera etter Jørn Hilme. Slåtten finst og i Krødsherad, der det er funne ein variant.