Hopp til innhald

Tema:Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

TEMASIDA OM EUROPA

endre  

Om Europa

{{{2}}}

Europa er ein av sju tradisjonelle verdsdelarjorda. Fysisk og geologisk er Europa den vestlegaste halvøya av Eurasia, vest for Asia. Europa grenser i nord til Nordishavet, i vest til Atlanterhavet, i sør til Middelhavet, i søraust til Kaukasus og Svartehavet og vassvegane som går mellom Svartehavet og Middelhavet. I aust er Europa generelt skild frå Asia ved vasskiljet i Uralfjella, Uralelva og Kaspiahavet. Omgrepet verdsdel eller kontinent kan vise til ei kulturell og politisk inndeling eller ei fysiskgeografisk, og dette kan gje forskjellige syn på dei nøyaktige grensene til Europa, areal og folketal.

Europa er den nest minste verdsdelen i verda ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0% av jordoverflata. Berre Australia er mindre. Europa er den tredje folkerikaste verdsdelen etter Asia og Afrika med om lag 710 millionar innbyggjarar eller 11% av folkesetnaden på jorda. Av Europa sine 48 land er Russland det største ut frå areal og folketal, medan Vatikanstaten er det minst. Europa er fødestad for Den europeiske unionen, eit politisk, økonomisk og sosialt samarbeid som har arbeida for å fremja europeisk integrasjon sidan 1950-åra.


endre  

Utvald artikkel

{{{2}}}

Klimaet i Europa er roleg samanlikna med andre landmassar på same breiddegrader. Området vert sjeldan råka av alvorlege uvêr eller ekstreme vêrsituasjonar. I Nord-Amerika har ein tornadoar, orkanar og snøstormar, medan land som Kina kan få både ekstrem varme og brutal kulde. I Europa kan eit temperaturfall på 10 grader frå ein dag til den neste vere ein signifikant vêrendring, medan dette ikkje er uvanleg i USA.


endre  

Utvald bilete...

Vindmølle i Sønderho i Fanø, Danmark. Bygd i nederlandsk stil året 1895.


endre  

Land i Europa

Albania  Andorra  Armenia2  Austerrike  Aserbajdsjan1  Belarus  Belgia  Bosnia og Herzegovina  Bulgaria  Kroatia  Kypros2  Tsjekkia  Danmark3  Estland  Finland  Frankrike1  Georgia1  Tyskland  Hellas   Ungarn  Island  Irland  Italia1  Kasakhstan1  Kosovo4  Latvia  Liechtenstein  Litauen  Luxemburg  Nord-Makedonia  Malta  Moldova  Monaco  Montenegro  Nederland3  Noreg3  Polen  Portugal3  Romania  Russland1  San Marino  Serbia  Slovakia  Slovenia  Spania1  Sverige  Sveits  Tyrkia1  Ukraina  Storbritannia3  Vatikanstaten

1 Delar av området ligg utanfor Europa. 

2 Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker.  3 Har biland eller liknande territorium utanfor Europa.

4 Erklærte sjølvstende frå Serbia 17. februar 2008 og er anerkjend av 44 land, inkludert Taiwan.


endre  

På Wikimedia

Europa på  Wikinytt  Europa på  Wikifrasar  Europa på  Wikibøker  Europa på  Wikisource  Europa på  Wiktionary  Europa på  Wikiversity  Europa på Wikimedia Commons
Frie nyhende Frie sitat Frie bøker og manualar Frie kjeldetekstar Ordbok og synonymordbok Frie læremiddel Felles medialager


endre  

Hovudtema på Nynorsk Wikipedia