The Friends of Mr Cairo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå The Friends of Mr. Cairo)
Hopp til navigering Hopp til søk
The Friends of Mr Cairo
Studioalbum av Jon and Vangelis
Utgjeve Juli 1981
Innspelt Davout Studios i Paris og Nemo Studios i London
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 45:42
Selskap Polydor
Produsent Vangelis
Jon and Vangelis-kronologi
Short Stories
(1980)
The Friends of Mr Cairo Private Collection
(1983)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

The Friends of Mr Cairo er det andre albumet til Jon and Vangelis, gjeve ut i 1981. Det finst to utgåver av albumet, med forskjellig plateomslmag. Begge versjonane vart gjevne ut i 1981, eit par veker frå kvarandre. Tittelsporet, «The Friends of Mr Cairo», nådde førsteplassen på den kanadiske singellista seint i 1981, men vart ikkje ein hit nokon annan stad. Den andre utgåva av albumet inneheld singelen «I'll Find My Way Home», som låg 14 veker på den vesitsiske singellista og nådde toppen der den 7. mars 1982. «State of Independence» var seinare ein hit for Donna Summer, og eit tiår seinare for Moodswings med Chrissie Hynde på vokal. Anderson spelte òg inn songen på ny for soloalbumet sitt Change We Must i 1994.

Tittelsporet og musikkvideoen var ein hyllest til klassiske Hollywood-filmar frå 1930- og 1940-åra. Mellom anna vert det referert til den klassiske film noir-filmen The Maltese Falcon. Songen nyttar lydeffektar og stemmer frå stjerner i denne perioden, som Humphrey Bogart, Peter Lorre og Jimmy Stewart. I byrjinga av songen kan ein høyre skrensande bilhjul og bilfløyte, og så geværeld. Joel Cairo (Mr Cairo) er namnet på rollefiguren som vart spelt av Peter Lorre i The Maltese Falcon.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Første utgåve[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Jon Anderson, all musikk komponert av Vangelis og Jon Anderson.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Friends of Mr Cairo»   12:04
2. «Back to School»   5:06
3. «Outside of This (Inside of That)»   5:00
Side to
# Tittel Lengd
4. «State of Independence»   7:53
5. «Beside»   4:08
6. «The Mayflower»   6:35

Andre utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «I'll Find My Way Home»   4:29
2. «State of Independence»   7:53
3. «Beside»   4:08
4. «The Mayflower»   6:35
Side ein
# Tittel Lengd
5. «The Friends of Mr Cairo»   12:04
6. «Back to School»   5:06
7. «Outside of This (Inside of That)»   5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1981 Billboard Pop Albums 64
1981 UK Albums Chart 17
1982 UK Albums Chart 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Allmusic review». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]