Timiş

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Timiş
Tamiš (Тамиш)
elv
Pancevo Tamis.JPG
Tamiš nær Pančevo
Land Flag of Romania.svg Romania, Flag of Serbia.svg Serbia
Nedslagsfelt 13 085 km²
Renn gjennom Sfântu Gheorghe, Râmnicu Vâlcea, Slatina
Lengd 359 km
Middelvassføring 47 /s
Kjelde Semenicfjella i Trei Ape i Romania
 - høgd 1 440 moh
Munning Donau, nær Pančevo i Serbia
Kart med Timiş inntegnet
Kart med Timiş inntegnet
Wikimedia Commons: Timiș River
Flaum i Jaša Tomić i 2005

Timiş eller Tamiš (rumensk Timiş; serbisk: Тамиш eller Tamiš; tysk: Temesch; ungarsk: Temes) er ei 359 km lang elv i Romania og Serbia. Ho spring ut frå Semenicfjella, sør i Karpatane i Caraş-Severin fylke i Romania. Frå her renn ho gjennom regionen Banat region og munnar ut i Donau nær Pančevo, nord i Serbia.

Namn[endre | endre wikiteksten]

I antikken vart elva kalla Tibiscus og Tibisis.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Elva har eit nedslagsfelt på 13 085 km² (8085 km² i Romania, 5000 km² i Serbia). Via Donau høyrer elva til Svartehavet sitt nedslagsfelt.

Elva startar frå innsjøen Trei Ape der elvane Brebu,Grădiştea og Semenic renn ut. Etter å ha kome inn i Banat flyt ho sakte og svingar seg over slettene. I regntunge periodar fører ho ofte til flaum i dette området. Flaumen i 2005 råka særleg hardt då landsbyane Boka og Jaša Tomić fekk store skadar. I april 2005 vart elva målt 8,44 m over normalt nivå, det høgaste som er målt i elva. Våren 2007 byrja arbeidet med å vollar langs elvebreidda for å hindre fleire flaumar her.[1]

I den nedre delen er elva regulert og dei siste 53 km er det mogeleg med skipsfart. Den viktigaste hamna er industribyen Pančevo.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

241 km av elva renn gjennom Romania og her mottar ho fleire mindre sideelvar: Râul Rece, Slatina, Valea Mare, Măcicaş, Pârâul Lung, Armeniş, Sebeş, Bistra, Şurgani, Timişana, Pogăniş, Timişul Mort og Vena Mare. 118 km renn i Serbia og her mottar ho berre ei større sideelv, Brzava, som òg er den største sideelva hennar.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane Caransebeş og Lugoj i Romania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Timiş River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
  • Administraţia Naţională Apelor Române - Cadastrul Apelor - Bucureşti
  • Institutul de Meteorologie şi Hidrologie - Rîurile României - Bucureşti 1971
  • Trasee turistice - judeţul Timiş [1]

Kjelder i teksten[endre | endre wikiteksten]

  1. Politika, 5. mai 2007, s. 08